Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Ingeborg Johannesdotter Barsnes - fødd i Sogndal 1848 - utvandra til Amerika sist på 1860-talet? - kvar er utvandringi hennar?


Recommended Posts

Eg har ei ny emigrantutfordring:

 

Ingeborg Johannesdotter Barsnes, eldste dotter av husmann Johannes Torstenson (1818-1896) og kona Anna Sophie, kjend som Sophia Pettersdotter (1822-1895) i Hagen under Barsnes i Sogndal, var fødd i Sogndal 19.1.1848.

 

Ingeborg fekk ei dotter Anna Salomonsdotter, fødd i Sogndal 14.3.1867.  Denne Anna voks opp hjå besteforeldri sine i Sogndal, men utvandra i 1887.

 

Mori Ingeborg  var utvandra før, men då faren Johannes døydde i Sogndal 1896, får me oppgjeve at Ingeborg var avlidi FØR faren.

 

Eg trur at Ingeborg må ha utvandra kort etter at dotteri var fødd, kan henda alt i 1868 eller 1869, men er det mogeleg å finna denne utvandringi?  Kan henda ei passasjerliste hjå Norway-Heritage?

 

Eg har forresten heller aldri finne ut noko om lagnaden til Ingeborg i Amerika!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Eit skot i blinde, Lars: 
3. mai 1869 m/ båten Alma frå Bergen til Quebek, Ingeri Tostensdtr Barsnæs, Lyster, 24 år.
 
Farsnavnet til far-far og 3 år feil på alderen !!
_____________________
Kjelde: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=Quebec65&gardpostnr=11317&merk=11317#ovre

 

Svært mange frå Lyster / marifjøra emigrerar m/ Alma 3.5.69.

 

Hjarteleg takk til Jon for nytt innlegg!

 

Det førekjem ofte feil i emigrantlistene, men i dette tilfellet har me ei jente som heiter Ingrid Torstensdotter Barsnes, som er fødd i 1845.  Det var nok ho som utvandra i 1869:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sogndaap&gardpostnr=117073&merk=117073#ovre

 

MEN, ein eller annan stad må jo Ingeborg Johannesdotter vera...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.