Gå til innhold
Arkivverket

Anna Halvorsdotter Grimstvedt, fødd i Sveio/Finnås 1852 - gift i Wisconsin i 1905 - skal ha utvandra til Amerika i 1892?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Anna Halvorsdotter Grimstvedt var fødd i Sveio/Finnås 6.8.1852 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8271&idx_id=8271&uid=ny&idx_side=-25).

 

Foreldri hennar var gardbrukar Halvor Knutson på Grimstvedt og kona Maria Johannesdotter frå Skjolddal i Kvinnherad, vigde 2.9.1850 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8822&idx_id=8822&uid=ny&idx_side=-246)

 

Kan nokon med tilgjenge til ei lokal bygdebok eller lokal kunnskap elles fortelja meg:

 

* Kva år utvandra Anna til Amerika?

 

* Var Anna gift før ho gifte seg i Wisconsin i 1905 (med sogningen John J. Naset)? - Redigert: NEI

 

* Har bygdeboki opplysningar om lagnaden hennar i Amerika?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

NB: Dette innlegget er redigert etter innlegg#4

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ingen opplysninger utenom fødselsår på Anna i Sveio Gards- og Ættesoga.

 

Grimstveit, 13. Halvard Knutson Grimstveit f 1822. Året han døydde er ukjent. GM 1. Brita Baltsersdtr. Isdal, Stord, d 27 år gl i 1849. Born: a. Marta f 1847 gm Peter E. Mækjebakken, Bømlo. 2. Mari Johannesdtr. Svoldal, Kvinnherad, f ikr 1826. Uråd å seia kor lenge ho levde. Born: b. Marta Serine f 1851 d 1857. c. Anna f 1852. d. Johanne f og d 1854. e. Knut f 1856. f. Berta Serine f 1860. g. Johannes f 1863. Halvard arva bruket etter mor si i 1826. Resten kjøpte han i 1848. Han var brukar til 1850 då han selde helvta, og bruket vart delt i 2 bruk, seinare bnr. 1 og 2.

Endret av Unni Lauvås
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er det denne Anna du tenker på? 

 

Anna Naset
United States Census, 1910

 

Name: Anna Naset

Event Type: Census

Event Year: 1910

Event Place: Bloomer, Chippewa, Wisconsin, United States

Gender: Female

Age: 57

Marital Status: Married

Race: White

Race (Original): White

Relationship to Head of Household: Wife

Relationship to Head of Household (Original): Wife

Birth Year (Estimated): 1853

Birthplace: Norway

Immigration Year: 1892

Father's Birthplace: Norway

Mother's Birthplace: Norway

 

Household Role Gender Age Birthplace

John J Naset Head M 72 Norway

Anna Naset Wife F 57 Norway

Mary Halverson Mother-in-law F 87 Norway

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Unni og Grethe for spennande og interessante innlegg!

 

Eg er vonbròten over bygdeboki for Sveio som ikkje har følgt opp denne huslyden, men det kan jo sjølvsagt tenkjast at foreldri til Anna er flytte ein annan stad og so utvandra til Amerika derifrå?  Uansett, du, Grethe, har finne dama i FT1910, og der får me vita at dette er første ekteskapet hennar og at ho utvandra til Amerika i 1892!  Og mori er der i lag med ho!  I FT1920 er Anna vorti enkje, og då bur ho på ein gamleheim i Chippewa Falls, Chippewa Co., WI!

 

Eg har kjapt søkt passasjerlistene over Bergen for 1892 og kringliggjande år, men so langt utan resultat.  Kanskje eg har oversett noko...?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Johan Arthur for interessant innlegg!

 

Då ser det altso ut til at denne huslyden har forlete heimbygdi, og dei kan forsovidt ha utvandra frå kvar som helst...  Det er likevel underleg at dei ikkje er å sjå i passasjerlistene over Bergen by!

 

Eg takkar på ny for positive innspel og vonar at einkvan greier å finna sjølve utvandringi...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit spennande og utfordrande innlegg!

 

No har eg søkt etter fødsli til denne sonen Peter Berentin, men so langt har eg ikkje lukkast i å finna dåpen hans!

 

Eg har ogso blatt igjennom utflyttingslistene for Haugesund i åri kring 1892, men ogso det vart utan resultat!

 

MEN, dette til tross, eg er ganske so sikker på at det må vera "vår" Anna som i 1885 budde i Haugesund, og spørsmålet er om ikkje ho er utvandra over Stavanger.  Der manglar me jo passasjerlister for denne perioden...

 

Ikkje so enkelt dette, men eg vonar på at utvandringi hennar før eller sidan vil dukka opp, og eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Johan Arthur for siste spennande innlegg!

 

Eg må tilstå, eg såg òg den barnedåpen som du refererer til, men sidan namnet til mor ikkje stemte, let eg dåpen liggja...  Kanskje var Knut Halvorson (Støle) ein bror av Anna?  I so fall er ho kanskje ikkje identisk med "vår" Anna likevel?

 

Ikkje so heilt enkelt dette, men eg vonar på at ein eller annan kjem med ein "glup" idé og takkar på ny so mykje for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Johan Arthur for siste spennande innlegg!

 

Eg må tilstå, eg såg òg den barnedåpen som du refererer til, men sidan namnet til mor ikkje stemte, let eg dåpen liggja...  Kanskje var Knut Halvorson (Støle) ein bror av Anna?  I so fall er ho kanskje ikkje identisk med "vår" Anna likevel?

 

Ikkje so heilt enkelt dette, men eg vonar på at ein eller annan kjem med ein "glup" idé og takkar på ny so mykje for alle gode tips!

 

#2: Anna på Grimsvedt hadde en bror som het Knut, født 1856. Men det er vel i tidligste laget for å være Knut Halvorsen Støle...!

 

Moren til Peter som Johan Arthur fant, heter Aase Pedersdatter. Jeg lurer på om det er hun som er enke i Haugesund i 1875. Hun ser ut til å være født i Sveen og det er vel Sveio?

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052237004647

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052237004648

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052237004649

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne Knut Halvorsen Støle f.1849 var sønn av Halvor Knutsen som kom fra Rollag i Telemark og Brita Serina Hansdtr. fra Røyksund i Avaldsnes. Aase Pedersdtr. var født 27.2.1851 på Sandvik i Fjelberg og bodde senere på Rygmyr (Rødmyr) i Sveio.Her er vielsen til Knut og Aase i Sveio 10.6.1870.http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8309&idx_id=8309&uid=ny&idx_side=-95Mvh. Johan Arthur Hansen

Endret av Johan Arthur Hansen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Litt på siden, men her er konfirmasjonen til Annas søster Berta Serine, født 1860. Står det oppholdssted Sponheim?

 

Hordaland fylke, Ulvik, Ministerialbok nr. A 17 (1873-1891), Konfirmerte 1875, side 25. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7084&idx_id=7084&uid=ny&idx_side=-29
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070103670453.jpg

 

Kan dette være samme jenta i 1875?

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052276001339

 

Jeg finner en Anna Halvorsdatter i Torvastad prestegjeld, Haugesund kjøpstad i 1875, født i Sveen, men fødselsåret er 1849....!

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052237004903

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg lurer på om dette er dødsfallet Johannes Halvorsen i 1883. Han bodde på Eltrevaag og døde som sjømann og fattiglem:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000888666

 

Hordaland fylke, Sveio i Sveio, Ministerialbok nr. B 1 (1870-1883), Døde og begravede 1883, side 249. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7066&idx_id=7066&uid=ny&idx_side=-200
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070103640147.jpg

 

Og se, Lars, hvem som er innført rett over Johannes! Faren Halvor Knudsen! Han døde som inderst og fattiglem på Eltrevaag.

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000888665

 

Det må vel bety at familien har flyttet tilbake til Sveio etter 1875. Hvis du går tilbake til den amerikanske folketellingen, hvor vi finner svigermor Mary H, så mener jeg det står at hun innvandret i 1888. Hun var i alle fall enke da hun kom til Amerika. Spørsmålet er hvor utvandret hun fra? 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Johan Arthur for fleire nye spennande og utfordrande innlegg om denne jenta frå Sveio!

 

Det er heilt tydeleg at dei må vera atrendeflytte til Sveio, men då til Eltravåg, etter at dei mellom anna hadde vore i Ulvik og kanskje andre stader, men det er merkeleg at utvandringi til Amerika skal vera so vanskeleg å finna!?  Ei enkje på over 60 år skulle jo ikkje vera so vanskeleg å oppdaga...  MEN, kanskje dei, som eg før har vore inne på, utvandra via Stavanger, og då har me eit problem...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den andre broren til Anna, Knut Halvorsen, ser ut til å være tjenestegutt og skomakerdreng på Solheim i Ulvik i 1875:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052276000133

 

Hva var det som skjedde på Eltravåg i disse årene? Knut døde i 1882, faren Halvor og broren Johannes døde i 1883. Nesten så jeg lurer på om man skulle sjekke om datteren Berta Serine også gikk bort, eller kanskje hun ble igjen i Ulvik etter konfirmasjonen? 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.