Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

Eg syner til følgjande manuskriptutdrag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Erling Emil Olaison Rasmussen, f. i Bergen 23.2.1906, d. på eit sjukehus i Bergen 7.2.1937.  Erling gifte seg hjå byfogden i Bergen 27.11.1934 med Edel Jensdotter Eide frå Bergen, f. i Bergen 12.10.1911.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Edel gifte seg 31.5.1941 att hjå byfogden i Bergen med Alf Martin Olafson Thorsen Hagen frå Bergen, f. i Kristiansand 6.6.1911.  Han miste livet då Irma forliste i Hustadvika ved Kristiansund 13.2.1944.  Erling var fyrbøtar, medan Alf var fabrikkarbeidar og sidan donkeymann til sjøs.  Med båe ektemakane budde Edel i Bergen.  Ho fekk ei dotter, som var frå andre ekteskapet med Alf Hagen.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ei Edel Hagen er gravlagd i Lebesby, fødselsdato 12.10.1911, dødsdato 4.7.1987 - kan det vera ho?

 

Kva seier folkeregisteret i Bergen om lagnaden til denne Edel?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Jeg finner dessverre ikke opplysninger om henne i Bergen folkeregister under navnet "Edel Hagen"!

 

I dødsfallsprotokollen for 1944-45 står det at hun 10/1-61 fikk attest for nytt ekteskap. Det står også "Reist til Danmark for 2 år siden", men dette står ikke umiddelbart knyttet til attesten, og er ikke datert. Det står for øvrig navn på to døtre, men den ene, født 1938, er strøket ut med påtegning at det ikke var avdødes barn.

 

Men det vil jo være sjelden at det er to personer med samme for- og etternavn og samme fødselsdato. Kan det opplyses fra Statsarkivet i Tromsø om fødestedet for hun som døde i Lebesby?

Hjarteleg takk til Torbjørn for spennande melding!

 

Då tyder alt på at det er den "rette" Edel Hagen som ligg gravlagd i Lebesby, og det hadde vore kjempeartig å sjå den dødsannona i Bergens Tidende.  Eg vil leggja inn eigi sak om dette i Brukarforum...

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.