Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

Dødsmeldingsregisteret for Bergen 1912-1972 syner mellom anna denne posten:

 

81660 165 Vedaa Olav Godvik Nov 22 1970

 

Olav Vedaa var fødd 7.7.1913 og døydde 22.11.1970, busett i Godvik

 

Han var gift (etter 1955?) med Inger Amalie Vedå, f. Pedersen, fødd i Bergen 3.6.1922, døydde 5.10.2002, kan henda i Sund?

 

Er det mogeleg å finna ut av følgjande:

 

* Kva yrkestitel er oppgjeven for Olav Vedaa ved dødsfallet, og kvar døydde han?

 

* Oversyn over ervingane etter Olav (og Inger) Vedaa, i det minste tal på ervingar med fødselsår?

 

* Fødestad for Olav Vedaa med namn på foreldri hans?

 

* Dødsstaden til Inger Vedå?

 

* Dato og stad for vigsli til Olav Vedaa og Inger?

 

* Kva ættenamn nytta denne huslyden "offisielt", Vedaa eller Vedå?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Olav Vedå døde på Haukeland sykehus. Han var født i Hosanger og etterlot seg enke Inger. Andre arvinger er ikke nevnt. Inger Vedå bodde i 1980-årene i Olsvikåsen, men hadde senere bosted i Sund. I dødsfallsprotokollen er navnet skrevet "Vedaa", men i andre sammenhenger brukes "Vedå", og det står også på gravsteinen hans.

http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=4156723

 

Hennes gravstein er i Sund: 

http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=1285840

 

 

Olav, nummer 11:

 

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Hosanger i Hosanger, Klokkerbok nr. A 4 (1904-1927), Fødte og døpte 1913, side 34.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=3681&idx_id=3681&uid=ny&idx_side=-34
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060508040505.jpg

Hjarteleg takk til Sven og Yngve for spennande og nyttige opplysningar!

 

Då har eg fått svar på det meste, men eg sit att med eit par spørsmål:

 

* Olav Vedaa/Vedå og Inger Amalie f. Pedersen (før gift med Robert Rasmussen, men skild frå han i 1955) må ha gift seg etter 1955, og eg lurer på om ikkje denne vigselsdatoen finst hjå Bergen folkeregister?  Kanskje ogso vigselsstaden?

 

* Kva er oppgjeve som yrke til Olav Vedaa/Vedå då han døydde i 1970?

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden og vonar at ogso desse siste detaljane kjem "på plass"...

Hjarteleg takk til Yngve for siste avklarande svar!

 

Dersom vigsli til dette parfolket manglar både hjå folkeregisteret og mellom borgarlege vigsler i Bergen, er det vel eit spørsmål om dei i det heile VAR gifte?  Det var vel ingen som nokon gong spurte dei om ein vigselsattest..., særleg sidan det tydeleg ikkje var born innblanda og heller ikkje nokon "overveldande" formue som søsken av Olav gjorde krav på...

Det er vanskelig å tro at folkeregisteret godtok navneendring for Inger Amalie til Vedå uten at det forelå en attest som viste grunnlaget, så gift har de nok vært, men trolig borgerlig, og kanskje i Sotra eller Midhordland.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.