Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Peder Bendikson - fødd i Hafslo 1723 - forsvinn frå bygdi - gifte han seg i Bergen i 1749?


Recommended Posts

Eg slit med å finna lagnaden til denne karen:

 

Peder Bendikson, fødd i Åsen i Hafslo og døypt der 4.7.1723 av foreldre Bendik Olson og kona Synneva.

 

Diverre finst det ikkje skifte i indre Sogn som kan fortelja oss noko som helst om denne Peder og lagnaden hans.  Han kan sjølvsagt vera avliden i ung alder, men om han voks opp, må han vera faren frå bygdi i ung alder!

 

Kvar reiste so ungdomen frå Hafslo på 1740-talet?  Nokre flytte nok til ytre Sogn, men dei langt fleste hamna i Bergen, og nettopp der finn eg, med hjelp av FamilySearch, ein svært so spennande "kandidat":

 

Peder Bendixsen u.m.

Gunnele Thorsd. e.

onsdag Jan 22 1749 NK

 

Men so skjer det merkelege at dette paret ikkje har noko born fødde i Bergen, og heller ikkje finn eg noko dødsfall for Peder Bendikson i Bergen!  Derimot var Gunnhild enkje, og dette må vel vera første ekteskapet hennar:

 

Lars Andersen ungk. matr.

Gunnele Thorsd. p.

i fropr. Mar 17 1742 NK

 

Og dette parfolket får i alle fall to born:

 

* Anders Larsson, døypt i Nykyrkja i Bergen 26.1.1745 (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp13011700nk&gardpostnr=6378&personpostnr=52124&merk=52124#ovre)

 

* Lars Larsson, døypt i Nykyrkja i Bergen 24.6.1747 (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp13011700nk&gardpostnr=6729&personpostnr=54887&merk=54887#ovre)

 

Ved den siste dåpen sit Gunnhild enkje, og ein av fadrane heiter Aamund Bendikson!

 

Ser me so på fadrane frå Nykyrkja, finn me MANGE førekomster av Peder Bendikson, mellom anna som fadder for:

 

* Bendik Aamundson, døypt i Nykyrkja i Bergen 22.11.1754 der barnefaren er nettopp Aamund Bendikson (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp13011700nk&gardpostnr=7981&personpostnr=64621&merk=64621#ovre)

 

Aamund Bendikson får fire born i Nykyrkja mellom 1750 og 1757; då er det slutt, men kanskje er hanidentisk med kjøpmann Amund Bendikson som døydde i Domkyrkja i Bergen i 1778, 64 år gamal?

 

Uansett, desse opplysningane KAN tyda på at Peder og Aamund er brør, og då dukkar det opp eit anna spørsmål:

 

Kan ogso Aamund Bendikson vera frå Åsen i Hafslo?  Kyrkjebøkene for Hafslo børjar ikkje før hausten 1717, og dei er ganske so mangelfulle for perioden like fram til 1755.  Og det ser ut til at Bendik og Synneva hadde ei ukjend dotter som i ekteskap med ein like ukjend Nils fekk sonen Aamund, døypt i Hafslo 7.11.1762 - ei oppkalling?

 

Eg lyt tilstå at eg "famlar litt i blinde", og eg ville sett svært stor pris på tips frå andre brukarar for å fastslå identiteten til denne Peder Bendikson i Bergen og samstundes finna ut kvar han vart av?

Endret av Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Grethe for interessante innlegg!

 

Etter dei opplysningane som her er framkomne, må me gå ut ifrå at kjøpmannen Amund Bendikson i Bergen er identisk med den Aamund Bendikson som hadde Peder Bendikson til fadder, og dei er etter alle "solemerker" brør.

 

Og sidan kjøpmannen er fødd "østerpaa Norge", kan heller ikkje Peder Bendikson vera mannen eg leiter etter frå Hafslo!

 

Eller er det nokon som er komne til andre konklusjonar?  Det hadde vore kjekt å finna fleire opplysningar om Peder Bendikson i Bergen, som til dømes eit skifte...

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.