Gå til innhold
Arkivverket

Wilhelm Knutson Furhovde (1900-1980) Strandebarm/Jondal - gift 1928, men kvar og kva dato? - dødsfallet til kona Marie 1954 med dødsmelding?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Wilhelm Knutson Furhovde, fødd i Strandebarm 12.10.1900, døydde på sjukehuset i Haugesund 26.9.1980, men var då busett på Kysnesstrand i Jondal som båtbyggjar, snikkar og gardbrukar.

 

Han gifte seg i (eller kring?) 1928 med enkja:

 

Olina Marie, kjend som Marie Eriksdotter Aasen, f. Kinserdal, fødd i Hafslo 20.3.1897.  Ho skal vera avlidi i Jondal 14.2.1954.

 

Wilhelm og Marie skal ha hatt fire born, mellom anna:

 

* Viktor Wilhelmson Furhovde, fødd i Strandebarm (eller Jondal?) 28.10.1935, døydde ugift 24.4.2014, truleg i Jondal.

 

Marie hadde òg ein son frå første ekteskap med Kristian Thomasson Aasen frå Hafslo (1898-1923), Trygve Aasen (1921-1977).

 

Spørsmål:

 

** Er det mogeleg å finna dato og stad for VIGSLI til Wilhelm Furhovde og Olina Marie Aasen, f. Kinserdal i 1928?

 

** Er det mogeleg å sjekka dødsdatoen samt dødsstad for Oline Marie Furhovde i 1954?

 

** Kva er opplyst om born i dødsmeldingi etter Olina Marie Furhovde i 1954, eventuelt òg i dødsmeldingi etter Wilhelm Furhovde frå 1980?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

** Er det mogeleg å finna dato og stad for VIGSLI til Wilhelm Furhovde og Olina Marie Aasen, f. Kinserdal i 1928? 22. september 1928 Strandebarm sokn.

 

** Er det mogeleg å sjekka dødsdatoen samt dødsstad for Oline Marie Furhovde i 1954? 14. februar 1954 Kysnesstrand, Strandebarm sokn.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Hjarteleg takk til Yngve for svar på dei to spørsmåli om vigselsdatoen frå 1947 og dødsdatoen frå 1954!

 

Men var det mogeleg ogso å få sjekka DØDSMELDINGI til Oline Marie Furhovde, død i Strandebarm 14.2.1954?

 

Eg takkar på ny so mykje for hjelpi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne meldingi då eg framleis er på leiting etter dødsmeldingi til Oline Marie Furhovde, død i Strandebarm 14.2.1954?

 

Eg takkar på ny so mykje for hjelpi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.