Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Fredrikke Hansine Olsen - syerske i Christiania 1910, fødd i Hadsel i 1874 - lagnaden hennar?


Recommended Posts

Utgangspunktet for dette emnet er tema #25266 frå det gamle brukarforum (https://forum.arkivverket.no/topic/110924-25266-ole-nilsson-1841-fraa-hafslo-til-maalselv-og-hadsel-huslyden-hans/?hl=%2Bfredrikke+%2Bhansine+%2Bolsen#entry907407), men eg ønskjer i denne omgangen å fokusera på den einaste dotteri i denne huslyden som ser ut til å vera flytt «sørpå» frå Hadsel:

 

Fredrikke Hansine OLSEN, fødd i Hadsel 29.9.1874, vart konfirmert i Hadsel i 1889.  Ho fekk i 1902 flytteattest til Tønsberg, men alt i FT1900 var ho busett på Ekenes på Nøtterøy, og i 1910 finn me ho att som ugift syerske busett i Balders gt. 5 i Christiania: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036392074177

 

Fredrikke fekk «uekte» born i 1896 og 1899, inkl. sonen Alfred Olsen, fødd i Hadsel 9.6.1896, men han budde i 1900 hjå besteforeldri i Hadsel og i 1910 hjå pleieforeldre same stad: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036939005327

 

Er det mogeleg å finna ut noko meir om lagnaden til Fredrikke i Christiania?

 

Dato og stad for dødsfallet hennar?  Dødsannonse i Aftenposten?  Eller kanskje vart ho gift?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Hjarteleg takk til Hanne for kva som for meg ser ut til å vera eit «supert» svar!

 

Eg sender no eit spørsmål til Statsarkivet i Oslo for å få ei stadfesting av identiteten hennar!

Ein ny kjempetakk til Hanne for funnet av dette dødsfallet!  Statsarkivet i Oslo har i dag stadfest at me har «rett» Fredrikke Hansine Olsen, og problemet er soleis løyst!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.