Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Ole Nilsson (1841-1933) - frå Hafslo til Lekang i Hadsel - huslyden hans?


Recommended Posts

Hjarteleg takk til Ann-Mary for nye interessante opplysningar og ogso til Sven for direkte melding!

 

Det ser ut til at eg no lyt ta telefonen i bruk for å finna fleire svar om denne huslyden.  Me får sjå kva morgondagen kan bringa av opplysningar...

 

Nok en kjempetakk for hjelpi!

Hjarteleg takk til Grethe og Ann-Mary for dei siste spennande innleggi!

 

Eg har i dag snakka med den 90 år gamle sonen til Karl Oluf Olsen, og han hjelpt meg klara opp i det meste!

 

Det syner seg at Kathrine f. 1922 var ei fullsøster hans, medan Kåre f. 1917 var ein halvbror, og han skal ha vore frå første ekteskapet!

 

Ser me nærare på dødsfallet til Marie Ivara Olsen, so vart ho gravlagd 5.1.1918, og presten har skrive til at ho døydde 31.12.1916!  Eg trur dette må vera feil for 31.12.1917, som ogso forklarar at Kåre var fødd i 1917 som fullbror til dei andre fem borni frå første ekteskapet!

 

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Bodø, Ministerialbok nr. 801A18 (1916-1930), Døde og begravede 1918, side 108.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=59848&idx_id=59848&uid=ny&idx_side=-99
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10081208064100.jpg

 

Elles ser eg det som svært so sannsynleg at me har finne alle borni som Adolf Edvard fekk med Olea, 10 stk. i talet.  Dette tyder at heile denne huslyden no er «komplett», og problemet er soleis endeleg løyst!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.