Gå til innhold
Arkivverket

Anders Kristensen (1826-1899) - frå Hafslo til Tysfjord og Hamarøy - huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Jacob Andreas Jacobsen Kjær ble født på dag måned 1893, i fødested, til Jacob Sous Andersen Breidablikk og Artine Amalie Sørlie ? (født Jakobsdatter).
Jacob ble født på 25 juli 1866.
Artine ble født i 1866.
Jacob giftet seg med Borghild Mathilde Kjær (født Andreassen Valde).
Borghild ble født på 12 mai 1900.
De hadde en sønn: Lars Johannes Kjær.
Jacob avgikk med døden på dag måned 1968, i en alder av 74 i dødssted.

https://www.myheritage.no/names/jacob_jacobsen%20kj%C3%A6r

 

----

 

  • Tellingsår: 1900
  • Kommune: Tysfjord
  • Kommunenummer: 1850
  • Navn på bosted: Kjær vestre

Antall personer registrert på bostedet: 3. Trykk på tidslinje.gif for å se på tidslinjen for personen.

  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet tidslinje.gif Lars Larsen hf g Gaardbruger S og fisker 1855 Hammerø Nor   tidslinje.gif Josefine Villatsen hm g Gaardmandskone 1861 Løddingen Nor   tidslinje.gif Jakob Jakobsen fl ug Stedsøn 1893 Vaagan Nor  

 
----

 

  • Tellingsår: 1910
  • Kommune: Tysfjord
  • Kommunenummer: 1850
  • Navn på bosted: Kjær vestre (gaard)

Antall personer registrert på bostedet: 8. Trykk på tidslinje.gif for å se på tidslinjen for personen.

  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet tidslinje.gif Lars Larsen hf g Gaardbruker 29.07.1856 t n tidslinje.gif Josefine Willassen hm g Gaardmandskone 24.06.1862 Lødingen n   Simon Larsen fl ug Landpostbud 11.11.1845 Talvik n tidslinje.gif Jakob Jakobsen Adoptivsøn ug Til hjælp ved gaardsbruk 14.11.1893 Vaagan n   Petra Oskarsen Adoptivdatter ug Adoptivdatter 19.03.1902 Hamarøy n   Karoline Larsen fl ug Budeie 03.05.1872 t n   Nelly Hansen Dreier Adoptivdatter ug Adoptivdatter 22.08.1898 Lødingen n   Ane Erntssen Føderaadskone e Føderaadskone 06.01.1827 Talvik n

 
----
 
Vielse 15/12-1919.
Kildeinformasjon: Nordland fylke, Tysfjord i Tysfjord, Ministerialbok nr. 861A07 (1915-1924), Ekteviede 1919, side 141. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=43888&idx_id=43888&uid=ny&idx_side=-137
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10051107212138.jpg
 
----
 
Konfirmasjonen til Jacob Andreas Jakobsen,født 14/11-1893,døpt 2/1-1894 i Vågan.
Bopel :Kjær.
Foreldre :Kontorist Jakob Sofus Andersen og Amalie Jacobsdtr.
Kildeinformasjon: Nordland fylke, Tysfjord i Tysfjord, Klokkerbok nr. 861C03 (1903-1919), Konfirmerte 1909, side 182. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=10040&idx_id=10040&uid=ny&idx_side=-179
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070215670696.jpg
 
 
Fikk ikke sett hva som står i ministerialboken.
Kommer ikke inn på den kirkeboken.
 
----
 
Dåpen til Jakob Andreas.
 
Nr 28.
Faren står som Jakob Sofus Andersen, sømand,ugift. 
 
Syns det står noe om Amerika på faren.
,
Kildeinformasjon: Nordland fylke, Vågan i Vågan, Ministerialbok nr. 874A04 (1890-1899), Fødte og døpte 1894, side 52. 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=5733&idx_id=5733&uid=ny&idx_side=-53
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070109340559.jpg

 
----
 
Nr 18.
Kildeinformasjon: Nordland fylke, Vågan i Vågan, Klokkerbok nr. 874C06 (1891-1900), Fødte og døpte 1894, side 54. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15759&idx_id=15759&uid=ny&idx_side=-55
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070828690275.jpg
 
Ser at de fleste opplysningene om Jacob Andreas er  funnet i tidligere innlegg.

 

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for eit spennande innlegg som endeleg gjev oss livsteikn etter Jacob Sophus Andersen!

 

Eg ser forresten òg at sonen Jacob vart «adoptert» av fasteri på Kjær, som ikkje sjølv hadde born!

 

Elles legg eg merke til at Jacob Sophus er oppgjeven vera sjømann «afreist til Amerika» ved dåpen til sonen i juni 1894, medan han både ved konfirmasjonen hans i 1909 og ved vigsli i 1919 er oppgjeven vera kontorist!

 

Kanskje skulle ein freista komma i kontakt med etterkomarar, om dei veit noko?

 

Eg har søkt lite vetta i amerikanske kjelder og finn der fleire interessante «kandidatar», men ingen med mellombokstav «S»... og ingen med rett utvandringsår!

 

Kan ein finna utvandringi til Jacob Sophus?  Er det han eg fann i 1893 og som er referert i innlegg #18 på føregåande side?

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMITROND&gardpostnr=79102&merk=79102#ovre

 

Eg takkar igjen for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har sett litt meir på amerikanske kjelder, og den beste «kandidaten» eg finn for Jacob Anderson må vera ein som i 1900 var farmar i T159 R89 i Ward Co., ND.  Han var ugift, fødd i Noreg juli 1866, men utvandringsåret hans er oppgjeve til 1886!

 

Denne Jacob hadde ei hushaldar frå Noreg: Oline Hoiness, fødd Noreg juli 1868 og utvandra i 1900.  Kanskje var det ei som Jacob hadde «tinga» heimefrå...?

 

Og i Spencer township, Ward Co., ND 1910 finn me dei att, som mann og kone:

 

ANDERSON, Jacob B  44  Nor  Nor  Nor - farmar, men utvandringsåret er no vorte 1897!

ANDERSON, Olina H  42  Nor  Nor  Nor - wife, married 7 years, one son (Andrew O. born 1903)

 

Dei er ogso der i 1920, men då er utyvandringsåret hans vorte til 1882!!

 

Desse ligg gravlagd i Bethlehem Lutheran cemetery, Coulee, Mountrail Co., ND:

 

ANDERSON, Jacob  July 27, 1865 - Mar. 21, 1922

ANDERSON, Olina  1867 - 1941 (ifølgje dødsattesten: June 14, 1867 - Mar. 29, 1941)

ANDERSON, Andrew O  Aug. 24, 1902 - June 21, 1992

 

MEN, dødsattesten hans har namnet Joseph B. Anderson, 56 år, døydde 22.3.1922 i Ward Co., MN!  Han vart kan henda berre kalla «Joe» Anderson...?

 

NB; Finst det nokon Jacob B. Andersson fødd i Noreg 27.7.1865?

 

Elles er Jacob Andersson 26 frå Trondenes sommaren 1893 den EINASTE emigranten over Trondheim som høver med  «vår» Jacob Sophus.  Han hadde som reisemål Milnor, ND.

 

FT1910 har to andre brukbare «kandidatar»:

 

* ANDERSON, Jacob, 44, fødd Noreg, utvandra 1892, ugift, «confectionary store owner» i Calumet, Houghton Co., MI

 

* ANDERSON, Jacob, 44, fødd Noreg, utvandra 1892, ugift, «lumber mill laborer» i Nymore, Beltrami Co., MN

 

Lenger kjem eg ikkje med dette i augneblinken...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Johan var fiskar, og han og Anna budde på Gulvik, Henningsvær i Vågan.  Dei fekk ní born i lag.

    * Helga, f. Vågan 21.9.1891 – n. 1900

Nordland fylke, Vågan, Ministerialbok nr. 874A06 (1899-1907), Konfirmerte 1906 http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050317020858.jpg

 

            * Ragna Amanda Adelsten, f. Vågan 1895 – n. 1900

Nordland fylke, Vågan, Ministerialbok nr. 874A07 (1907-1915), Konfirmerte 1909, side 164 http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050317021125.jpg

 

            * Berny Severine, f. Vågan 1896 – n. 1900

Nordland fylke, Vågan, Ministerialbok nr. 874A07 (1907-1915), Konfirmerte 1912, side 187. http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050317021148.jpg

 

            * Arnolda Ivara, f. Vågan 18.7.1898 – n. 1900/1910

Nordland fylke, Vågan i Vågan, Ministerialbok nr. 874A04 (1890-1899), Fødte og døpte 1899, side 124. http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070109340633.jpg

 

            * Asta Judith Kamilla, f. Vågan 20.4.1900 – n. 1900/1910

Nordland fylke, Vågan, Ministerialbok nr. 874A06 (1899-1907), Fødte og døpte 1900, side 16. http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050317020691.jpg

 

            * Emma Lilli, f. Vågan 18.4.1901 – Emma Lilly Larsen d. i Sauda 18.1.1985

Nordland fylke, Vågan, Ministerialbok nr. 874A06 (1899-1907), Fødte og døpte 1901, side 36. http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050317020711.jpg

 

            * Thoralf Reidar, f. Vågan 27.5.1903

Nordland fylke, Vågan, Ministerialbok nr. 874A06 (1899-1907), Fødte og døpte 1903, side 77. http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050317020752.jpg

 

            * Fritz Ottar Adelsten, f. Vågan 21.3.1905 – d. Henningsværulukka 12.1.1931

Nordland fylke, Vågan, Ministerialbok nr. 874A06 (1899-1907), Fødte og døpte 1905, side 102. http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050317020777.jpg

 

            * Jorna Margot, f. Vågan 16.6.1909 – Jorna Gautun, f. Adelsten d. i Haugesund 21.6.2000

Nordland fylke, Vågan, Ministerialbok nr. 874A07 (1907-1915), Fødte og døpte 1910, side 31. http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050317021035.jpg

       

     * Eli - gift Haugsnes) ????

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt spennande innlegg!

 

Eg ser at du har finne søskenflokken i Vågan - borni til Adelsten Johan Røst Andersen, og det er eg svært glad for.  Eg har vore i kontakt med ein av etterkomarane som hevda at dei ogso hadde ei dotter Eli (gift Haugsnes) og at ho var yngst, men eg set mine tvil til om ho har eksistert, med mindre det er eit barnebarn?  Borni i denne huslyden skreiv seg visstnok for ADELSTEN som ættenamn, men eg reknar med at foreldri døydde som ANDERSEN...(?), om me berre greier å finna dødsfali deira...

 

Elles har eg no i kveld skrive om manuskriptet etter ymse funne opplysningar i Hamarøy (eg har i dag brukt mykje tid på kyrkjebøkene derifrå!), so det ser no slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anders Christenson (Eide), var f. i Hafslo 14.10.1826 og gifte seg i Hafslo 6.11.1851 med Kirstina Olsdotter frå ein plass i Kinserdalen under Urnes i Hafslo.  Ho var f. i Hafslo 20.1.1823.

Anders Kristensen og kona Kirstina flytte i 1853 til Nordland der dei slo seg ned som plassfolk på Laplæger under Drag i Tysfjord, Lødingen.  Anders livnærte seg i hovudsak som fiskar.  Men Kirstina d. etter barselseng på Drag alt 18.11.1860, og Anders gifte seg 4.12.1863 att i Lødingen med Rebekka Andrea Jacobsdotter frå Stokke i Tjeldsund, Lødingen.  Ho var dotter av gardbrukar Jacob Rasmusson på Stokke og kona Elen Sophie Christiansdotter frå Hol og f. i Lødingen 29.5.1835.  Anders og Rebekka vart buande på plassen hans under Drag i Tysfjord, Lødingen, men Anders livnærte seg òg som fiskar og sidan som tømmer- og vedhoggar.  Rebekka d. som strandsitjarkone på Drag 18.2.1875, og Anders Kristensen vart nok buande på Drag til han i 1890-åri flytte til Hammarøy. Han d. som tenestedreng på Oppeid i Hammarøy 16.1.1899.  Anders fekk i alt ti born, fem frå kvart av ekteskapi; dessutan hadde båe konene ei dotter kvar seg frå før:

a. Anna Marie Torstensdotter, dotter av Kirstina og husmann Torsten Jørgenson på ein plass under Urnes (1812-1900), var f. i Hafslo 18.10.1844, flytte med mori og stefaren til Lødingen, men vart sidan sjuk og flytte i 1861 til Reitgjerdet pleiestiftelse i Strinda der ho d. ugift 30.11.1872.

b. Christi, kjend som Christina Andersen, f. i Luster 18.12.1849, flytte med foreldri til Lødingen og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1923! – e. 1935?)

 

     Ho gifte seg i Hamarøy 11.4.1876 med Jacob Andreas Eliassen frå Tømmerås lille i Hamarøy.  Han var f. i Hamarøy 4.3.1849 og d. som husmann på Drag 4.12.1923.  Christi og Jacob tok over heimeplassen hennar på Laplæger under Drag i Tysfjord, Lødingen der ogso Jacob livnærte seg som fiskar.  Dei budde på Drag levetidi ut og fekk åtte born i lag.

c. Karen Oline Andersen, f. i Hafslo 11.8.1852, flytte likeins med foreldri til Lødingen i 1853 og d. som gardbrukarkone på Jørgenvik i Hamarøy 14.11.1931.  Karen voks opp som fosterdotter i Hamarøy og gifte seg der 21.7.1881 med Sivert Vang Jakobsen frå Kalvåg i Hamarøy, f. i Hamarøy 13.1.1851.  Han d.

 

     ##### (dødsstaden hans? – gravlagd Hamarøy gamle)

 

     8.5.1940.  Sivert var fiskar, og han og Karen var frå kring 1884 gardbrukarar på Jørgenvik i Hamarøy.  Dei fekk fem born i lag.

d. Ole Christian, kjend som Ole Andersen, f. i Tysfjord, Lødingen 29.7.1855, d. som gardbrukar på Sommerset i Hamarøy 31.8.1928.  Ole voks opp som pleieson på Kalvåg vestre i Hamarøy og gifte seg der 7.7.1882 med Christiane Marie, kjend som Kristiane Sivertsdotter frå Kalvåg austre i Hamarøy, f. i Hamarøy 13.1.1854.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1928! – truleg òg etter 1935!)

 

     Ole var fiskar, og han og Kristine var mange år husmannsfolk på ein plass

 

     ##### (kva for ein plass?)

 

     under Kalvåg vestre i Hamarøy, men vart kring 1905 gardbrukarar på Sommerset i Hamarøy der dei sidan budde levetidi ut.  Dei fekk sju born i lag.

e. Kirstina Marie Andersdotter, f. i Tysfjord, Lødingen 3.7.1858, d. som husmannskone i Djupvik i Hamarøy 25.7.1897.  Kirstine kom òg som pleiedotter til Kalvåg vestre i Hamarøy og gifte seg der 27.12.1895 med Johan Iver Jacobsen, visstnok oppvaksen i Vatsbotn i Hamarøy, men f. på Husøy i Hamarøy 15.8.1868.  Han d.

 

     ##### (dødsstaden hans? – gravlagd Hamarøy gamle!)

 

     10.4.1945.  Som enkjemann gifte Johan seg att 14.10.1901 att i Hamarøy med Laura Marie Jakobine Sørensdotter frå Kleivi under Djupvik, f. i Hamarøy 12.9.1879.  Ho d. som husmannskone i Djupvik 24.11.1918.  Johan Jacobsen var fiskar og steinarbeidar og budde som husmann på Djupvik lille under Djupvik i Hamarøy.  Han fekk i alt åtte born; av dei var ei dotter frå første ekteskapet med Kirstina.

f. Anders Martin Andersen, f. i Tysfjord, Lødingen 1.11.1860, d. på Tysnes i Hamarøy 3.8.1862.

g. Josephine Karoline Røst Villadsdotter, dotter av Rebekka og

 

     ##### (Villads Martin Hansson)

 

     var f. i Tjeldsund, Lødingen 25.6.1861 og d.

 

     ##### (dødsstaden hennar?)

 

     26.3.1945.  Josephine gifte seg i Tysfjord 24.7.1885 med Lars Larsson frå Kjær vestre i Tysfjord, f. i Hamarøy 6.9.1855.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1910! – e. 1935?)

 

     Lars og Josephine tok over som gardbrukarar på Kjær vestre i Tysfjord etter foreldri hans og

 

     ##### (budde framleis der 1918 – kva seinare?)

 

     Dei fekk ikkje born i lag, men ser ut til å ha teke til seg og fostra opp minst tre born.

h. Adelsten Johan Røst, kjend som Johan Andersen, f. i Tysfjord, Lødingen 5.8.1864, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – gravlagd Kabelvåg?)

 

     Johan gifte seg i Vågan 22.6.1894 med Ingeborg Anna, kjend som Anna Samuelsdotter frå Gulvik, Henningsvær, f. i Vågan 10.10.1871.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – gravlagd Kabelvåg?)

 

     Johan var fiskar, og han og Anna budde på Gulvik, Henningsvær i Vågan.  Dei fekk ni born i lag.

i. Jacob Sofus Andersen, f. i Tysfjord, Lødingen 25.7.1866,

 

     ##### (n. 1875 – n. 1891 i Hamarøy i lag med far sin! – fekk ein son i Vågan 1893 som vart oppalen hjå halvsøsteri Josephine på Kjær i Tysfjord – Jacob utvandra til Amerika same år? – lagnaden hans?)

 

j. Ole Kristian Ingemann Andersen, f. i Tysfjord, Lødingen 28.9.1868,

 

     ##### (n. 1875 – konf. Tysfjord 1884 – lagnaden hans?)

 

k. Sofie Otelie Andersen, f. i Tysfjord, Lødingen 23.2.1871, d. i Stangnesvika i Trondenes 1.2.1921.  Ho gifte seg i Trondenes 4.8.1893 med Albert Pederson Johnsen frå plassen Vika under Stangnes i Trondenes, f. i Trondheim 23.11.1869.  Han d.

 

     ##### (dødsstaden hans? – gravlagd Trondenes, Harstad!)

 

     22.7.1948.  Albert var fiskar og snikkar, og han og Sofie var dessutan gardbrukarar på Stangnes søndre i Trondenes.  Dei fekk visstnok elleve born i lag.

 

     ##### (sjekka om dette stemmer - inkl.:

            * Peder Ingvald Antonius – f. Trondenes 14.5.1893 – n. 1910

            * Aasta Ragna – f. Trondenes 1895 – n. 1900

            * Alvhilde Sofie – f. Trondenes 3.6.1897 – n. 1900/1910

            * Eugenie Hedvik – f. Trondenes 29.8.1899 – n. 1900/1910

            * Fridtjov Julian – f. Trondenes 5.7.1901 – n. 1910

            * Ottar Ingemann – f. Trondenes 6.5.1903 – n. 1910

            * Matilde Lovise – f. Trondenes 20.6.1905 – n. 1910

            * Einar – f. Trondenes 13.2.1907 – n. 1910

            * Ingebjørg Anna – f. Trondenes 11.12.1908 – n. 1910

            * Aud –n. ættetavle

            * Konrad – n. ættetavle)

 

l. Albert Ludvig Andersen, f. i Tysfjord, Lødingen 3.5.1873, miste livet i ein brann på Kjær i Tysfjord 10.6.1879.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

No er i alle fall manuskriptet litt meir «oversiktleg».  Eg takkar nok ein gong for alle gode tips som kan betra innhaldet!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i dag hatt telefonkontakt med ein etterkomar etter nesteldste barnet i denne huslyden, Christi «Christina» Eliassen på Drag i Tysfjord, og han kunne fortelja meg følgjande:

 

* Hans eigi oldemor, Christi(na) Eliassen, skal vera avlidi 21.9.1925 på Drag i Tysfjord!

 

Men no har eg blatt fram og attende i klokkarboki, og eg finn berre ei Eline Petrine som døydde på Drag dagen etter!

 

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Tysfjord i Tysfjord, Ministerialbok nr. 861A08 (1923-1932), Døde og begravede 1925, side 155.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=39641&idx_id=39641&uid=ny&idx_side=-144
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10051103211145.jpg

 

Merkeleg!

 

* Han nemnte òg at to brør utvandra til Amerika, men det må ha vore to av sønene til Christi(na)!  Den eine omkom i ein krig, kan henda WW1, medan hin levde etter 1945 då han sende pakker med klær og sjokolade heimatt til Drag!

 

Me veit at den eine sonen til Anders Kristensen utvandra

 

** Jacob Sofus Andersen, fødd i Tysfjord 25.7.1866 - utvandra i 1893

 

men kanskje utvandra ogso den andre førebels ukjende sonen til Amerika:

 

** Ole Kristian Ingemann Andersen, fødd i Tysfjord 28.9.1868 ---?

 

Eg veit ikkje, men eg vonar å finna svaret!!

 

Eg takkar å ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Anders Christenson (Eide), var f. i Hafslo 14.10.1826 og gifte seg i Hafslo 6.11.1851 med Kirstina Olsdotter frå ein plass i Kinserdalen under Urnes i Hafslo.  Ho var f. i Hafslo 20.1.1823.

Anders Kristensen og kona Kirstina flytte i 1853 til Nordland der dei slo seg ned som plassfolk på Laplæger under Drag i Tysfjord, Lødingen.  Anders livnærte seg i hovudsak som fiskar.  Men Kirstina d. etter barselseng på Drag alt 18.11.1860, og Anders gifte seg 4.12.1863 att i Lødingen med Rebekka Andrea Jacobsdotter frå Stokke i Tjeldsund, Lødingen.  Ho var dotter av gardbrukar Jacob Rasmusson på Stokke og kona Elen Sophie Christiansdotter frå Hol og f. i Lødingen 29.5.1835.  Anders og Rebekka vart buande på plassen hans under Drag i Tysfjord, Lødingen, men Anders livnærte seg òg som fiskar og sidan som tømmer- og vedhoggar.  Rebekka d. som strandsitjarkone på Drag 18.2.1875, og Anders Kristensen vart nok buande på Drag til han i 1890-åri flytte til 27.12.1895 med Johan Iver Jacobsen, visstnok oppvaksen i Vatsbotn i Hamarøy, men f. på Husøy i Hamarøy 15.8.1868.

Rebekka døde 18.12.1875 på Drag

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for nyttig kommentar!

 

Eg har no retta opp feilen og har samstundes kunna føya til ymse andre detaljar.  Men eg er framleis bekymra for opplysningar om lagnaden til dei to brørne frå andre ekteskapet, Jacob Sofus Andersen og Ole Kristian Ingemann Andersen.  Kvar kan no dei ha teke vegen...?

 

Her følgjer siste versjon av manuskriptet til erstatning for manuskriptet i innlegg #30 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anders Christenson (Eide), var f. i Hafslo 14.10.1826 og gifte seg i Hafslo 6.11.1851 med Kirstina Olsdotter frå ein plass i Kinserdalen under Urnes i Hafslo.  Ho var f. i Hafslo 20.1.1823.

Anders Kristensen og kona Kirstina flytte i 1853 til Nordland der dei slo seg ned som plassfolk på Laplæger under Drag i Tysfjord, Lødingen.  Anders livnærte seg i hovudsak som fiskar.  Men Kirstina d. etter barselseng på Drag alt 18.11.1860, og Anders gifte seg 4.12.1863 att i Lødingen med Rebekka Andrea Jacobsdotter frå Stokke i Tjeldsund, Lødingen.  Ho var dotter av gardbrukar Jacob Rasmusson på Stokke og kona Elen Sophie Christiansdotter frå Hol og f. i Lødingen 29.5.1835.  Anders og Rebekka vart buande på plassen hans under Drag i Tysfjord, Lødingen, men Anders livnærte seg òg som fiskar og sidan som tømmer- og vedhoggar.  Rebekka d. som strandsitjarkone på Drag 18.12.1875, og Anders Kristensen vart nok buande på Drag til han ein gong på 1880-talet flytte til Oppeide i Hamarøy der han var gardsarbeidar og d. 16.1.1899.  Anders fekk i alt ti born, fem frå kvart av ekteskapi; dessutan hadde båe konene ei dotter kvar seg frå før:

a. Anna Marie Torstensdotter, dotter av Kirstina og husmann Torsten Jørgenson på ein plass under Urnes (1812-1900), var f. i Hafslo 18.10.1844, flytte med mori og stefaren til Lødingen, men vart sidan sjuk og flytte i 1861 til Reitgjerdet pleiestiftelse i Strinda der ho d. ugift 30.11.1872.

b. Christi, kjend som Christina Andersen, f. i Luster 18.12.1849, flytte med foreldri til Lødingen og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1923! – e. 1935? – etterkomar påstår ho d. på Drag 21.9.1925 - kan ikkje stemma...(?))

 

     Ho gifte seg i Hamarøy 11.4.1876 med Jacob Andreas Eliassen frå Tømmerås lille i Hamarøy.  Han var f. i Hamarøy 4.3.1849 og d. som husmann på Drag 4.12.1923.  Christi og Jacob tok over heimeplassen hennar på Laplæger under Drag i Tysfjord, Lødingen der ogso Jacob livnærte seg som fiskar.  Dei budde på Drag levetidi ut og fekk åtte born i lag.

c. Karen Oline Andersen, f. i Hafslo 11.8.1852, flytte likeins med foreldri til Lødingen i 1853 og d. som gardbrukarkone på Jørgenvik i Hamarøy 14.11.1931.  Karen voks opp som fosterdotter i Hamarøy og gifte seg der 21.7.1881 med Sivert Vang Jakobsen frå Kalvåg i Hamarøy, f. i Hamarøy 13.1.1851.  Han d.

 

     ##### (dødsstaden hans? – gravlagd Hamarøy gamle)

 

     8.5.1940.  Sivert var fiskar, og han og Karen var frå kring 1884 gardbrukarar på Jørgenvik i Hamarøy.  Dei fekk fem born i lag.

d. Ole Christian, kjend som Ole Andersen, f. i Tysfjord, Lødingen 29.7.1855, d. som gardbrukar på Sommerset i Hamarøy 31.8.1928.  Ole voks opp som pleieson på Kalvåg vestre i Hamarøy og gifte seg der 7.7.1882 med Christiane Marie, kjend som Kristiane Sivertsdotter frå Kalvåg austre i Hamarøy, f. i Hamarøy 13.1.1854.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1928! – truleg òg etter 1935!)

 

     Ole var fiskar, og han og Kristine var mange år husmannsfolk på ein plass

 

     ##### (kva for ein plass?)

 

     under Kalvåg vestre i Hamarøy, men vart kring 1905 gardbrukarar på Sommerset i Hamarøy der dei sidan budde levetidi ut.  Dei fekk sju born i lag.

e. Kirstina Marie Andersdotter, f. i Tysfjord, Lødingen 3.7.1858, d. som husmannskone i Djupvik i Hamarøy 25.7.1897.  Kirstine kom òg som pleiedotter til Kalvåg vestre i Hamarøy og gifte seg der 27.12.1895 med Johan Iver Jacobsen, visstnok oppvaksen i Vatsbotn i Hamarøy, men f. på Husøy i Hamarøy 15.8.1868.  Han d.

 

     ##### (dødsstaden hans? – gravlagd Hamarøy gamle!)

 

     10.4.1945.  Som enkjemann gifte Johan seg att 14.10.1901 att i Hamarøy med Laura Marie Jakobine Sørensdotter frå Kleivi under Djupvik, f. i Hamarøy 12.9.1879.  Ho d. som husmannskone i Djupvik 24.11.1918.  Johan Jacobsen var fiskar og steinarbeidar og budde som husmann på Djupvik lille under Djupvik i Hamarøy.  Han fekk i alt åtte born; av dei var ei dotter frå første ekteskapet med Kirstina.

f. Anders Martin Andersen, f. i Tysfjord, Lødingen 1.11.1860, d. på Tysnes i Hamarøy 3.8.1862.

g. Josephine Karoline Røst Villadsdotter, dotter av Rebekka og fiskar Villads Martinus Bing Hansson på Valen (Viken) i Vågan, opphavleg frå Svensgard i Lødingen (1834-   

 

     ##### (dødsåret hans? – etter 1919?)

 

     var f. i Tjeldsund, Lødingen 25.6.1861 og d.

 

     ##### (dødsstaden hennar?)

 

     26.3.1945.  Josephine gifte seg i Tysfjord 24.7.1885 med Lars Larsson frå Kjær vestre i Tysfjord, f. i Hamarøy 6.9.1855.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1910! – e. 1935?)

 

     Lars og Josephine tok over som gardbrukarar på Kjær vestre i Tysfjord etter foreldri hans og budde der levetidi ut.  Dei fekk ikkje born i lag, men tok til seg og fostra opp minst tre born, mellom dei ein brorson og ei brordotter hennar.

h. Adelsten Johan Røst, kjend som Johan Andersen, f. i Tysfjord, Lødingen 5.8.1864, d. som fiskar på Henningsvær i Vågan 29.12.1932.  Johan gifte seg i Vågan 22.6.1894 med Ingeborg Anna, kjend som Anna Samuelsdotter frå Gulvik, Henningsvær, f. i Vågan 10.10.1871.  Ho d. som fiskarkone på Henningsvær 25.3.1931.  Johan var fiskar, og han og Anna budde på Gulvik, Henningsvær i Vågan.  Dei fekk ti born i lag.

i. Jacob Sofus Andersen, f. i Tysfjord, Lødingen 25.7.1866,

 

     ##### (n. 1875 – n. 1891 i Hamarøy i lag med far sin! – fekk ein son i Vågan 1893 som vart oppalen hjå halvsøsteri Josephine på Kjær i Tysfjord – Jacob utvandra til Amerika same år? – lagnaden hans?)

 

j. Ole Kristian Ingemann Andersen, f. i Tysfjord, Lødingen 28.9.1868,

 

     ##### (n. 1875 – konf. Tysfjord 1884 – lagnaden hans?)

 

k. Sofie Otelie Andersen, f. i Tysfjord, Lødingen 23.2.1871, d. i Stangnesvika i Trondenes 1.2.1921.  Ho gifte seg i Trondenes 4.8.1893 med Albert Pederson Johnsen frå plassen Vika under Stangnes i Trondenes, f. i Trondheim 23.11.1869.  Han d.

 

     ##### (dødsstaden hans? – gravlagd Trondenes, Harstad!)

 

     22.7.1948.  Albert var fiskar og snikkar, og han og Sofie var dessutan gardbrukarar på Stangnes søndre i Trondenes.  Dei fekk visstnok elleve born i lag.

 

     ##### (sjekka om dette stemmer - inkl.:

            * Peder Ingvald Antonius – f. Trondenes 14.5.1893 – n. 1910

            * Ragna Aasta – f. Trondenes 1.7.1895 – n. 1900 – konf. 1910

            * Alvhilde Sofie – f. Trondenes 3.6.1897 – n. 1900/1910

            * Eugenie Hedvik – f. Trondenes 29.8.1899 – n. 1900/1910

            * Fridtjov Julian – f. Trondenes 5.7.1901 – n. 1910

            * Ottar Ingemann – f. Trondenes 6.5.1903 – n. 1910

            * Matilde Lovise – f. Trondenes 20.6.1905 – n. 1910

            * Einar – f. Trondenes 13.2.1907 – n. 1910

            * Ingebjørg Anna – f. Trondenes 11.12.1908 – n. 1910

            * Aud –n. ættetavle

            * Konrad – n. ættetavle)

 

l. Albert Ludvig Andersen, f. i Tysfjord, Lødingen 3.5.1873, miste livet i ein brann på Kjær i Tysfjord 10.6.1879.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar nok ein gong for alle gode tips for å løysa dei siste flokene...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Eg vil i kveld gjerne gjera endå ein freistnad på å henta fram denne huslyden der eg står ganske so «bom fast».

 

Utfordringane gjeld særleg:

 

* Lagnaden til Jacob Sophus Andersen, fødd 1866?

 

* Lagnaden til Ole Kristian Ingemann Andersen, fødd 1868?

 

* Kor mange born fekk Sofie Otelie og mannen Albert Johnsen i Trondenes?  Eg har i dag blatt i kyrkjebøkene for Trondenes og har finne eitt av dei manglande borni: Konrad Heggelund, fødd på Stangnes i Trondenes 30.10.1912, men noki Aud kan eg ikkje sjå noko til.  Heller ingen andre...

 

Eg takkar nok ei gong for alle gode tips om desse siste manglande detaljane om denne huslyden og vil vera evig takknemlig for all hjelp...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Eg har no via kontakt mellom anna med etterkomarar etter yngste dotteri i huslyden til Anders Kristensen fått tak i dei opplysningane som mangla om ho, og biografien for barn #k frå innlegg #33 lyder no slik:

 

k. Sofie Otelie Andersen, f. i Tysfjord, Lødingen 23.2.1871, d. i Harstad 1.2.1921.  Ho gifte seg i Trondenes 4.8.1893 med Albert Pederson Johnsen frå plassen Vika under Stangnes i Trondenes, f. i Trondheim 23.11.1869.  Han d. i Harstad 22.7.1948.  Albert gifte seg 23.10.1924 att i Trondenes med Marie Engvardine Oline Nikolaisdotter Iversen frå Bakkeland under Gavlen i Dverberg, f. i Dverberg 21.3.1886.  Ho d. i Harstad 30.3.1975.  Albert var fiskar og snikkar, og han og Sofie var dessutan gardbrukarar på Stangnes søndre i Trondenes, men flytte i 1916 til Harstad der Albert var mekanisk verkstadarbeidar.  Han fekk i alt tretten born; av dei var ti frå første ekteskapet med Sofie.

 

Frå ein etterkomar etter Sofie har eg òg fått ganske so oppsiktsvekkande opplysningar om dei to brørne Jacob Sophus (1866) og Ole Christian Ingemann (1868):

 

Eitt av dei eldste barneborni etter Sofie samla for mange år sidan, frå personar som den gongen framleis levde, opplysningar om personane i slekti på kartotekkort.  Det har i notid synt seg at desse korti i det store og heile inneheld svært so korrekte opplysningar.  Mellom korti er desse:

 

** For Ole Kristian f. 28.9.1868 mangla det andre mellomnamnet Ingemann.  Denne Ole Kristian skal ifølgje slekti ha utvandra og ha butt i Alaska.

 

** På eit anna kartotekkort står det berre Ingemann, uten fødselsår.  Denne Ingemann var skipskaptein og bdude på New Zealand, men skal vera omkomen «i 1906 under eit jordskjelv i San Fransisco»?
 
** For Jacob Sofus f. 25.7.1866 (kartotekkortet syner feilaktig 1872!) syner kortet berre at han var handelsstyrar.  Ingen opplysningar om «uekte» son eller bustad.

 

Nokre kommentarar:

 

*** Ole Kristian og Ingemann må vera same person.

 

*** Det store jordskjelvet i San Francisco, CA fann stad i april 1906.  Kan Ole Kristian Ingemann ha vore gullgravar i Alaska og tilbragt vintermånadane i San Francisco?

 

*** Ein nettstad syner at Jacob Sofus nytta namnet Breidablik, eit namn som mellom anna finst i Salangen og i Målselv, men der eller andre stadar er han ikkje å sjå i FT 1900 eller 1910.  Eg trur framleis at han utvandra til Amerika, eller kan han vera faren til New Zealand?

 

Er desse nye opplysningane til hjelp når det gjeld å spora opp desse to «siste» brørne i denne huslyden?  Eg held fingri vel krossa og vil i alle fall vona...

 

Nok ein gong takkar eg so mykje for hjelpi med denne huslyden!

 

PS: For å «fanga» merksemd hjå fleire lesarar av Brukarforum vil eg leggja ut desse siste opplysningane om Ole Christian Ingemann og Jacob Sophus ut som eige tema (jmf.: https://forum.arkivverket.no/topic/203028-jordskjelvoffer-i-san-francisco-ca-1906-via-new-zealand-og-alaska-br%C3%B8rne-ole-christian-ingemann-andersen-1868-og-jacob-sophus-andersen-1866/)!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Hjarteleg velkommen, Eva, som ny brukar i Digitalarkivet.  Som du kanskje alt har oppdaga, er det i Brukarforum mogeleg å få hjelp til å løysa mange slektsproblem som du måtte sitja med, og eg vonar du vil ha nytte av denne nettstaden!

 

PS: Om du klikkar på lenkja sist i innlegg #35 ovanfor, vil du oppdaga at huslyden til Ole Christian Ingemann Anderson er oppspora i Amerika!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Hei. Jeg er tippoldebarn av Kristine Andersen (Christi) og bor ved gården oppe på lapplægeret på Drag i Tysfjord. Interessant å lese det dere skriver. 

Mvh. Jan Ivar Jakobsen. (Etternavnet stammer fra Jacob Eliassen, Kristines ektemann)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jan Ivar for ny melding og velkomen i Brukarforum!

 

Det er kjekt å høyra at du tykkjer om det som er skrive om denne slekti.  Eg har jobba med dette i mange år!

 

Eg følgjer ikkje ættene heilt fram til vår tid; det ville ha vorte altfor omfattande når ein arbeider med samtlege ætter i og frå Luster kommune, men det er jo fritt fram å forska ut dei ulike greinene på eige hand.

 

Eg vil forresten gjerne få syna fram siste versjon av dette manuskriptet, der berre få detaljar no manglar.  Om du kan hjelpa meg med nokon av desse, ville eg sjølvsagt setja stor pris på det!

 

~~~~~~~~~~~~

 

Kirstina Olsdotter {Kinserdal}, f. {i Hafslo} 20.1.1823, gifte seg {i Hafslo} 6.11.1851 med Anders Christenson, opphavleg frå Hunshammar, men sjå Eidsbakken under Eide i Luster.  Han var f. i Hafslo 14.10.1826.  Anders og Kirstina budde som innerstfolk i Kinserdalen, truleg på Sagi, fram til 1853.

Anders Kristensen og kona Kirstina flytte i 1853 til Nordland der dei slo seg ned som plassfolk på Laplæger under Drag i Tysfjord, Lødingen.  Anders livnærte seg i hovudsak som fiskar.  Men Kirstina d. etter barselseng på Drag alt 18.11.1860, og Anders gifte seg 4.12.1863 att i Lødingen med Rebekka Andrea Jacobsdotter frå Stokke i Tjeldsund, Lødingen.  Ho var dotter av gardbrukar Jacob Rasmusson på Stokke og kona Elen Sophie Christiansdotter frå Hol og f. i Lødingen 29.5.1835.  Anders og Rebekka vart buande på plassen hans under Drag i Tysfjord, Lødingen, men Anders livnærte seg òg som fiskar og sidan som tømmer- og vedhoggar.  Rebekka d. som strandsitjarkone på Drag 18.12.1875, og Anders Kristensen vart nok buande på Drag til han ein gong på 1880-talet flytte til Oppeide i Hamarøy der han var gardsarbeidar og d. 16.1.1899.  Anders fekk i alt ti born, fem frå kvart av ekteskapi; dessutan hadde båe konene ei dotter kvar seg frå før:

a. Anna Marie Torstensdotter, dotter av Kirstina og husmann Torsten Jørgenson på Torstensplassen under Urnes (1812-1900), var f. i Hafslo 18.10.1844, flytte med mori og stefaren til Lødingen, men vart sidan sjuk og flytte i 1861 til Reitgjerdet pleiestiftelse i Strinda der ho d. ugift 30.11.1872.

b. Christi, kjend som Christina Andersen, f. i Luster 18.12.1849, flytte med foreldri til Lødingen og d. under eit opphald på Ness i Hamarøy 21.9.1925.  Ho gifte seg i Hamarøy 11.4.1876 med Jacob Andreas Eliassen frå Tømmerås lille i Hamarøy.  Han var f. i Hamarøy 4.3.1849 og d. som husmann på Drag 4.12.1923.  Christi og Jacob tok over heimeplassen hennar på Laplæger under Drag i Tysfjord, Lødingen der ogso Jacob livnærte seg som fiskar.  Dei budde på Drag levetidi ut og fekk åtte born i lag.

c. Karen Oline Andersen, f. i Hafslo 11.8.1852, flytte likeins med foreldri til Lødingen i 1853 og d. som gardbrukarkone på Jørgenvik i Hamarøy 14.11.1931.  Karen voks opp som fosterdotter i Hamarøy og gifte seg der 21.7.1881 med Sivert Vagn Jakobsen frå Kalvåg i Hamarøy, f. i Hamarøy 13.1.1851.  Han d. som gardbrukar og fiskar på Jørgenvik 6.5.1940.  Sivert var fiskar, og han og Karen var frå kring 1884 gardbrukarar på Jørgenvik i Hamarøy.  Dei fekk fem born i lag.

d. Ole Christian, kjend som Ole Andersen, f. i Tysfjord, Lødingen 29.7.1855, d. som gardbrukar på Sommerset i Hamarøy 31.8.1928.  Ole voks opp som pleieson på Kalvåg vestre i Hamarøy og gifte seg der 7.7.1882 med Christiane Marie, kjend som Christiana Sivertsdotter frå Kalvåg austre i Hamarøy, f. i Hamarøy 13.1.1854.  Ho d. som gardbrukarenkje på Sommerset 29.6.1937.  Ole var fiskar, og han og Kristiane var mange år husmannsfolk på ein plass under Kalvåg vestre i Hamarøy, men vart kring 1905 gardbrukarar på Sommerset i Hamarøy der dei sidan budde levetidi ut.  Dei fekk sju born i lag.

e. Kirstina Marie Andersdotter, f. i Tysfjord, Lødingen 3.7.1858, d. som husmannskone i Djupvik i Hamarøy 25.7.1897.  Kirstine kom òg som pleiedotter til Kalvåg vestre i Hamarøy og gifte seg der 27.12.1895 med Johan Iver Jakobsen, visstnok oppvaksen i Vatsbotn i Hamarøy, men f. på Husøy i Hamarøy 15.8.1868.  Han d. som murar på Myrseth i Hamarøy 10.4.1945.  Som enkjemann gifte Johan seg att 14.10.1901 att i Hamarøy med Laura Marie Jakobine Sørensdotter frå Kleivi under Djupvik, f. i Hamarøy 12.9.1879.  Ho d. som husmannskone i Djupvik 24.11.1918.  Johan Jacobsen var fiskar og murar og budde som husmann på Djupvik lille under Djupvik i Hamarøy.  Han fekk i alt åtte born; av dei var ei dotter frå første ekteskapet med Kirstina.

f. Anders Martin Andersen, f. i Tysfjord, Lødingen 1.11.1860, d. på Tysnes i Hamarøy 3.8.1862.

g. Josephine Karoline Røst Villadsdotter, dotter av Rebekka og fiskar Villads Martinus Bing Hansson på Valen (Viken) i Vågan, opphavleg frå Svensgard i Lødingen (1834-1919), var f. i Tjeldsund, Lødingen 25.6.1861 og d. som enkje på Kjær ytre i Tysfjord 26.3.1945.  Josephine gifte seg i Tysfjord 24.7.1885 med Lars Larsson frå Kjær vestre i Tysfjord, f. i Hamarøy 6.9.1855.  Han d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1910! – e. 1935?)

 

     Lars og Josephine Larsen tok over som gardbrukarar på Kjær vestre i Tysfjord etter foreldri hans, men flytte sidan til Kjær ytre.  Dei fekk ikkje born i lag, men tok til seg og fostra opp minst tre born, mellom dei ein brorson og ei brordotter hennar.

h. Adelsten Johan Røst, kjend som Johan Andersen, f. i Tysfjord, Lødingen 5.8.1864, d. som fiskar på Henningsvær i Vågan 29.12.1932.  Johan gifte seg i Vågan 22.6.1894 med Ingeborg Anna, kjend som Anna Samuelsdotter frå Gulvik, Henningsvær, f. i Vågan 10.10.1871.  Ho d. som fiskarkone på Henningsvær 25.3.1931.  Johan var fiskar, og han og Anna budde på Gulvik, Henningsvær i Vågan.  Dei fekk ti born i lag.

i. Jacob Sofus Andersen, f. i Tysfjord, Lødingen 25.7.1866,

 

     ¤¤¤¤¤ (n. 1875 – n. 1891 i Hamarøy i lag med far sin! – fekk ein son i Vågan 1893 som vart oppalen hjå halvsøsteri Josephine på Kjær i Tysfjord – Jacob utvandra til Amerika same år? – lagnaden hans? – omskriven 1919 som «kontormann avliden i Amerika»)

 

j. Ole Kristian Ingemann Andersen, kjend som Ingemand C. A. Rust, sidan som Christian I. Anderson, f. i Tysfjord, Lødingen 28.9.1868, utvandra til Amerika i 1886 og gifte seg første gongen i San Francisco, Cal. 23.12.1903 med enkja Theresa M. Johnson, f. Baker, opphavleg frå Liverpool i Lancashire, England.  Ho var dotter av båtsmann George Baker i Liverpool, opphavleg frå Portadown, Armagh Co., Irland, og kona Margaret f. Todd frå Manchester, Lancashire Co., England og f. i Liverpool, Lancashire Co., England 16.10.1867, men utvandra til Amerika i 1890.  Christian var fiskar og deleigar i ein fiskebåt og likeins i ei hermetikkfabrikk i Alaska («fisherman and fisherboat and cannery part owner») og siglde på vestkysten, men hadde den formelle bustaden sin i San Francisco, Cal.  Han og Theresa vart skilde alt i 1905, og Theresa Rust flytte til San Mateo, San Mateo Co., Cal. der ho livnærte seg som syerske («dressmaker»), men ho d. i San Francisco, Cal. 20.10.1918.  Christian hadde i 1910 opphaldet sitt i Orea, Cordova distrikt i Alaska, men gifte seg att i Los Angeles, Cal. 22.11.1912 med Beda Amanda, kjend som Amanda Eriksdotter frå Bräcke i Jämtlands län, Sverige, i Amerika kjend som Amanda Erickson.  Ho var dotter av paktar Erik Olofsson i Örtjärnsdalen, Bräcke i Jämtlands län, Sverige, opphavleg frå Umeå i Västerbottens län, og kona Brita Juliana Andersdotter frå Bräcke og f. i Nyhem, Jämtlands län i Sverige 14.11.1878.  Amanda utvandra til Amerika i 1893 og hadde ei tid livnært seg som kokke («cook») i Pasadena, Los Angeles Co., Cal.  Christian heldt fram som fiskar og fiskebåteigar («fisherman and fisherboat owner»), og han og Amanda budde ei tid I Grays Harbor Co., Wash., men flytte kring 1918 til Friday Harbor, San Juan Co., Wash. der Christian d. 31.8.1935.  Amanda Anderson livnærte seg sidan som butikkdame («cosmetic store sales lady») same staden, men d. i Spokane, Wash. 6.3.1952.  Christian fekk to born, ein son i første ekteskapet og ei dotter i det andre.

k. Sofie Otelie Andersen, f. i Tysfjord, Lødingen 23.2.1871, d. i Harstad 1.2.1921.  Ho gifte seg i Trondenes 4.8.1893 med Albert Pederson Johnsen frå plassen Vika under Stangnes i Trondenes, f. i Trondheim 23.11.1869.  Han d. i Harstad 22.7.1948.  Albert gifte seg 23.10.1924 att i Trondenes med Marie Engvardine Oline Nikolaisdotter Iversen frå Bakkeland under Gavlen i Dverberg, f. i Dverberg 21.3.1886.  Ho d. i Harstad 30.3.1975.  Albert var fiskar og snikkar, og han og Sofie var dessutan gardbrukarar på Stangnes søndre i Trondenes, men flytte i 1916 til Harstad der Albert var mekanisk verkstadarbeidar.  Han fekk i alt tretten born; av dei var ti frå første ekteskapet med Sofie.

l. Albert Ludvig Andersen, f. i Tysfjord, Lødingen 3.5.1873, miste livet i ein brann på Kjær i Tysfjord 10.6.1879.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Hjarteleg takk for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 9 måneder senere...

Innlegg #41:

 

Hjarteleg takk til Odd Einar for siste innlegg om etterslekt på Stagnes i Harstad!

 

Eg har diverre ikkje høve til å følgja etterslekti fram til vår tid, so i denne omgongen manglar eg i denne huslyden berre dei detaljane som kjem fram i Innlegg #39 over.

 

Men eg takkar for tilbodet!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.