Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Knut Berg Arntson, fødd i Hadsel 1859 - kven var faren - Arnt Knutson Qvitnes frå Ålesund eller Arnt Svendson?


Recommended Posts

Eg har ei «pussig» utfordring i Hadsel:

 

Knut Berg Arntson vart fødd i Hadsel 3.11.1859.  Mori var Anna Knutsdotter Haukenes i Hadsel (1831-1909), medan faren er oppgjeven vera «Arnt Knutson Qvitnes frå Ålesund».

 

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Hadsel, Ministerialbok nr. 888A07 (1849-1869), Fødte og døpte 1860, side 74.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2642&idx_id=2642&uid=ny&idx_side=-76
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050419030076.jpg

 

Knut Berg Arntson gifte seg i Hadsel 20.9.1888, og då er faren oppgjeven vera «Arnt Svendson»!

 

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Hadsel, Ministerialbok nr. 888A10 (1880-1890), Ekteviede 1888, side 305.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=258&idx_id=258&uid=ny&idx_side=-295
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050316010537.jpg

 

Kva skal me tru på?  Kvitnes synest vera ein stad i Hadsel!!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle tips om identiteten til denne barnefaren!

Konfirmasjonen i 1874 har oppgitt far Arnt Knudsen Kildeinformasjon: Nordland fylke, Hadsel, Ministerialbok nr. 888A08 (1870-1875), Konfirmerte 1874, side 115.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6667&idx_id=6667&uid=ny&idx_side=-119
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070212650183.jpg

Hjarteleg takk til Sven, Ann-Mary og Lars J. for interessante innlegg om denne personen!

 

Eg er etter kvart viljug til å godta denne Arnt Knutson frå Kvernes som far til Knut Berg Arntson i 1859.  Kvitnes-namnet finst rett nok både i Hadsel og i Frei, men eg kan ikkje sjå at Arnt hadde noko med nokon av desse stadene å gjera...  Dermot mistenker eg «Qvitnes» i dette tilfellet for å vera ei aldri so liti «forvansking» av Kværnes!

 

Eg har sendt ei melding til debattanten hjå DIS frå 2006 for å høyra hans meining om denne saki...

 

Nok ein kjempetakk for hjelpi!

Ei av fadderne ved dåpen i 1860 var "Pernille Høidal Qvitnæs". Jeg tror derfor at Arnt (Arne) Knutsen bodde på Kvitneset, men at han var fra Ålseund.

Ved konfirmasjonen i 1875 ble det oppgitt at Knut var født på Kvitneset, men at han oppholdt seg på Haukeneset. Faren het da Arnt Knutsen.

 

Arnt Knutsen var fra Linset her i Eide kommune på Nordmøre, se Eideboka b. 6 s. 58.

 

 

Hjarteleg takk til Jonny for interessant svar og ogso for e-post!

 

Eg vil då konkludera med at det var Arnt Knutson frå Linset i Kornstad sokn i Kvernes som var far til Knut Berg Arntson i 1859, men då dukkar det opp eit nytt spørsmål:

 

Arnt Knutson ser ut til å ha vore snikkar og tømmermann og budde på Stokmarknes i Hadsel so seint som i 1900, men kvar vart det av han etter den tid?

 

Eg finn han ikkje i FT1910 og heller ikkje som avliden i Hadsel fram til 1925!  Kan han vera flytt frå Hadsel etter 1900??

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Hjarteleg takk til Sven for kjempefint innlegg!  Eg bladde gjennom desse sidene i kveld, men oppdaga altso ikkje dette dødsfallet.  No er det verkeleg på tide å skaffa seg nye briller(!).

 

Uansett, problemet er løyst!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.