Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

Eg er vorten fortald at mange av dei gamle bergverksfolki ved Lilledal kopparverk i Ølve sokn i Kvinnherad var svært fattige, og eg vil tru at dei som vart buande i bygdi utover 1700-talet vil dukka opp i fattigprotokollane der.

 

Eg er særleg oppteken av dette paret:

 

Ingebrigt Olson «Grandalen», fødd i Årdal 1727 og kona hans:

 

Elisabeth Larsdotter «Grandalen», fødd i Årdal 1735

 

Ingebrigt døydde i 1808, men dødsfallet til Elisabeth er ikkje innført i kyrkjeboki.  Ho må vera avlidi før 1794, sidan Ingebrigt då gifte seg att!

 

Ofte finst det i fattigprotokollane merknader om utgifter til gravferd eller i det minste kven som fekk støtte og for kva år.

 

Spørsmål:

 

* Er det teke vare på fattigprotokollane for Kvinnherad for denne perioden?

 

* Er det mogeleg å finna Elisabeth Larsdotter nemnd der i åri kring 1790?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi med denne huslyden!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.