Gå til innhold
Arkivverket

Søvrina Offerdal frå Årdal (f. 1902) gift 1927 med Albert Finnevold(en) frå Krødsherad el. Sokna (f. 1893) - busette? - vigsli deira? - dødsannonser?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Søvrina Jensdotter Offerdal, fødd i Årdal i Sogn 6.1.1902, skal ifølgje bygdeboki for Årdal vera gift i 1927 med Albert Finnevold «frå Sokna», truleg identisk med Albert Palmeson Finnevolden, fødd i Krødsherad 6.7.1893.  Bustaden deira er ikkje nemnd, men dei skal ha hatt tre born.

 

Eg har leitt etter dette parfolket i DIS Noreg' s gravminner, men finn ingen som høver!

 

Vigsli er ikkje innført i Årdal.

 

Er det mogeleg å få hjelp til å finna:

 

* Dato og stad for vigsli deira?

 

* Dato og stad for dødsfalli deira?

 

* Yrke og bustad?

 

* Kanskje kan dødsannonser finnast?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for kjapt og spennande svar!

 

Eg tok ein rask sjekk av klokkarboki for Lavik, og der finn eg vigsli til Søvrina og Albert, 20.11.1926!

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kyrkjebø i Lavik, Klokkerbok nr. B 4 (1914-1937), Ekteviede 1927, side 162.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2093&idx_id=2093&uid=ny&idx_side=-126
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050810031062.jpg

 

So då har me i alle fall «lokalisert» denne huslyden...

 

Men skrivemåten av namnet er eg litt i stuss på.  Ved vigsli står det Finnevollen, medan bygdeboki har Finnevold...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nummer 22 Jens Palme

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kyrkjebø i Lavik, Klokkerbok nr. B 4 (1914-1937), Fødte og døpte 1929, side 50.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2093&idx_id=2093&uid=ny&idx_side=-51
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050810030987.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for siste innlegg!

 

Eg har no motteke ei stadfesting av at Albert Palmeson Finnevolden døydde 6.8.1981, medan Søvrina Finnevolden døydde 23.1.1986.  Dei budde i Høyanger på den tidi, men merkeleg nok finst det ikkje gravstøtter for dei korkje i Høyanger eller andre stadar (jmf. DIS).

 

So mykje meir er det vel ikkje godt å finna ut om dei, med mindre dødsannonser kan finnast..., eller me får kontakt med etterkomarar...

 

Takk igjen, Sven, for god hjelp!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.