Gå til innhold
Arkivverket

(Karen) Gunnhild Hansdotter, fødd i Land nordre 1854 - til Amerika 1875 - var hun gift i Black Earth, WI?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg ønskjer i kveld å henta fram att tema #12995 frå det gamle Brukarforum, opphavleg presentert i 2003 (https://forum.arkivverket.no/topic/98857-12995-hans-halvorson-og-kona-martha-og-dotter-gunnhild-kvar-i-noreg-kom-dei-ifraa/?hl=%2Bgunnhild+%2Bhansdotter+%2B%C3%B8yane)

 

11.10.1878 stod det eit bryllaup i Madison, WI mellom:

Peder Pederson, son av Peder Torkelson og kona Martha S., skreddar i Black Earth, WI og

Julia Hanson, dotter av Hans Halvorson og kona Martha S.

Vitne var H. Halvorson og Harald Hanson.

 

1880-teljingi for Black Earth, Dane Co., WI syner denne huslyden:

Peter TAHLE, Male, 32, Tailor, NOR NOR NOR

Julia TAHLE, Female, 24, Wife, NOR NOR NOR

Martin TAHLE, Male, 3M, Son, WI NOR NOR

 

Peder Pederson Thalle var fødd i Luster 21.3.1848 som son av husmann Peder Torkildson Talle og kona Martha Sølfestsdotter.  Han utvandra i 1866.  Peder var fetter av min eigen oldefar!!

 

Men kven var kona hans?  Kyrkjebøkene frå Black Earth, WI syner at namnet hennar var Gunnhild Hansdotter, men trass i at eg har vridd hovudet sidan 1973, har det ikkje lukkast meg å finna ut kvar i Noreg Gunnhild hadde opphavet sitt.

 

No frir eg til lesarane i Digitalarkivet sitt Debattforum med von om at ein eller annan kan dra kjensel på denne jenta??

 

PS: Peder Pederson Thalle døydde under ei vitjing i Faribault Co., MN 13.7.1887, og opplysningar frå skifteretten i Dane Co., WI tyder på at Gunnhild døydde året før - eller kanskje dei var skilde?  Lagnaden til dei to borni dei fekk er ukjend.

 

* Martin (f. Black Earth, WI 5.3.1880)

 

* Henry Melvin (f. Black Earth, WI 25.9.1881)

 

Grethe Flood fann i 2008 dette parfolket som emigrantar frå Nordre Land i 1876: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=33&filnamn=EMIOSLO&gardpostnr=39130&merk=39130

 

Hans Halvorson (59)

Helga Gulbrandsdotter (58)

til Black Earth, Dane Co., WI

 

Her er parfolket i FT1865 på Daarudsmoen i Land: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038072001037

 

Mellom borni deira var dotteri:

 

Karen Gunnhilde Hansdotter, fødd på Esbjugeiget i Land 24.5.1854:

 

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Torpa, Nordsinni, Østsinni i Land, Ministerialbok nr. 10 (1847-1859), Fødte og døpte 1854, side 36.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8980&idx_id=8980&uid=ny&idx_side=-36
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070206650378.jpg

 

Ifølgje Grethe utvandra denne jenta som Gunnhild Hansdotter frå Christiania i 1875 til Black Earth, Dane Co., WI!

 

Eg ville følgja opp denne saki, men kom ikkje nokon veg, og no vonar eg at kanskje einkvan kan komma med fleire tips?

 

Kanskje bygdeboki for Nordre Land har opplysningar om denne huslyden?

 

Eg ser at ein son av Hans og Helga:

 

Syver Hansson, fødd i Land i 1857, gifte seg i Dane Co., WI 11.8.1880 med Anna Marie Arnesdotter, dotter av Arne Knutson og Kirsti Gulbrandsdotter - dei får i alle fall desse tre borni:

 

* Alma Hansine, fødd i Bethel Lutheran, Madison, WI 4.11.1885 - mellom fadrane er «Mr. & Mrs. Harald Hanson»

 

* Clarence Alfred, fødd i Bethel Lutheran, Madison, WI 2.2.1888 - mellom fadrane er «Julia Hanson»!!!

 

* Karen Gunhilde, fødd i Bethel Lutheran, Madison, WI 25.12.1889

 

Dei to yngste er i 1900 med mori og ein stefar Christian Gaarder i Perry township, Dane Co., WI!

 

Eg har ei kjensle av at me er på rett spor!  Dei same namni kjem att stadig vekk, som til dømes denne Harald Hanson som var fadder til Syver Hanson's dotter i 1885 og ogso forlover til Gunnhild då ho gifte seg i 1878!  Og so har me Julia Hanson som fadde til Clarence i 1888, for ikkje å gløyma at Karen Gunhilde sikkert er oppkalla etter tanta si!

 

Kven var denne Harald Hanson??

 

Hovudproblemet mitt er å finna att dei to sønene etter Peder Pederson Thalle og Gunnhild Hansdotter og lagnaden til Gunnhild, men for å komma so langt må ein stundom gå «omvegar»...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan vel ikke akkurat fastslå at Gunhild Hansdatter er datter til Hans Halvorsen og Helga Gulbrandsdatter. Jeg har masse slekt i Nordre Land og har registrert fra bygdebøkene der. Hans Halvorsen og Helga Gulbrandsdatter bodde på Pedersmoen under Esbjug i Nordsinni ,Nordre Land. Hans var født på Feldeeie i Torpa, Nordre Land 1819 og Helga i Etnedal ,Valdres i 1816. De hadde 7 barn ,men bare 6 av dem står i bygdeboka etter det jeg husker og Karen Gunhilde er den eneste som ikke står. Vet mer om 4 av disse søsknene. 

Måtte sjekke denne Harald Hanson ettersom jeg aldri hadde hørt om han. Det viser seg at det i 1860 bodde en Harald Hanson med kone Ingeborg i Perry ,Dane County ,Wisconsin. De var begge 34 år i 1860 tellinga men hadde da ikke barn sammen.

Ved søk på familysearch fant jeg ut at "Julia M. Hansen" datter til Harald Hansen og Ingeborg Gilbertson ble gift i Perry ,Dane County ,Wisconsin 28-2-1893 med Hans A. Krogstad ,sønn til Andrew C. Krogstad og Mary Nelson.

Hadde ikke noe om foreldre eller søsken til Helga ,men hun het jo Gulbrandsdatter så da måtte jeg finne ut hvem hun var datter til ,og om hun kunne ha en søster som het Ingeborg. Helga var født i Etnedal 1816 som datter til Gulbrand Hansen og Mari/Marit Arnesdatter ,og joda......dette foreldeparet hadde også en datter ved navn Ingeborg ,født på Hestekindeie i Bruflat ,Etnedal 28-6 ,døpt 18-8-1824 i Bruflat Kirke ,Etnedal.

Videre finner jeg på familysearch giftermålet mellom paret Harald hansen og Ingeborg som jeg fant i 1860 tellinga. Familysearch forteller meg at "Ingebor Guld" datter av Gudbrand Hansen og Marie Arnessen ble gift i Perry ,Dane County ,Wisconsin 5-6-1856 med Harald Hansen ,sønn til Hans Haraldsen og Gjertrud Eriksdatter. Denne Harald Hansen fant jeg også. Han var født på Tronrudeie i Bang ,Sør Aurdal (nabobygd til Etnedal) 18-11-1825. Dette vil da si at det var mrs Harald Hansen (Ingeborg) som var morsøster til Syver Hanson og morsøster til Karen Gunhilde som tydeligvis ble gift med Peder Tahle. Da rimer det jo også at Mr og Mrs Harald Hansen var blant faddere og vitner??. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Erik for eit spennande og svært so interessant innlegg!

 

Etter det som du legg fram av opplysningar, kan det ikkje vera mykje tvil om at det verkeleg er Karen Gunhilde Hansdotter som gøymer seg attom kona til Peder Thalle i Black Earth, WI:

 

* Harald Hanson var gift med mosteri Ingeborg, og den Julia Hanson som var fadder i 1889, må vera dotter deira, ho som i 1893 gifte seg med Hans A. Krogstad!

 

* Karen Gunhilde fødd i desember 1889 er oppkalla etter fasteri si, og me må kunna gå ut ifrå at ho då verkeleg var avlidi kring 1886 slik det synest gå fram av skiftepapiri etter Peder Thalle frå 1887!

 

Det neste store spørsmålet her vert då følgjande:

 

** Kvar kan det ha vorte av dei to sønene (og eventuelt fleire born) fødde av Peder og (Karen) Gunhilde «Julia» Thalle, Martin (f. 5.3.1880) og Henry Melvin (f. 25.9.1881)??

 

For mange år sidan (1973) såg eg eit familiefoto av familien Thalle i Faribault Co., MN der hovudpersonane var Sølfest Thalle alias Solfest Pederson (1828-1909) og borni hans.  På dette biletet, som må ha vore teke kort etter 1900, var det òg to unge mannspersonar som den dålevande dotterdotteri av Solfest ikkje kunne identifisera.  Kan det ha vore Martin og Henry Melvin??

 

Eit nytt stort steg i retning løysing av dette gamle «mysteriet» er gjort gjennom identifiseringi av Karen Gunhilde Hansdotter, og eg takkar på ny for alle innspel i denne saki.  Kanskje det er mogeleg å komma endå eit lite steg vidare?  Det hadde vore heilt fantastisk!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

En annen ting som er interessant er at "Anne Marie Arnesdatter" som ble gift med Syver Hanson ,var søskenbarn med sin mann Syver og Karen Gunhilde. Arne Knutsen Klosbøleie fra Nord Aurdal ble gift i 1843 i Bagn ,Sør Aurdal med Kirsten Gulbrandsdatter. Denne Kirsten Gulbrandsdatter var også søster til Helga og Ingeborg Gulbrandsdøtre. Arne og Christi Knudson bodde også i Perry ,Dane County ,Wisconsin i 1860. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Erik for nytt interessant innlegg!

 

Etter mange års forsking i det norske Amerika har eg oppdaga at emigrantar frå Noreg nesten alltid søkte seg til område i Amerika der dei hadde slekt frå før, og faktisk var inngifte mellom nære slektningar i siste helfti av 1800-talet like vanleg, om ikkje vanlegare, i Amerika enn kva tilfellet var i Noreg («like born leiker best»?)!

 

Området kring Vermont, Blue Mounds og Perry townships i Dane Co., WI var eit område med svært mange emigrantar som hadde røter i Sør-Aurdal og Etnedal.  Dei fleste var tydeleg i slekt med kvarandre frå «gamlelandet», og denne ætti er berre ei av mange.

 

Eg er framleis svært oppglødd av at opphavet til denne Karen Gunnhilde «Gunnhild» Hansdotter i Black Earth, WI no endeleg er klarlagt, og, som eg har nemnt ovanfor, kunne no dei to sønene etter Peder og Gunnhild (Martin 1880 og Henry Melvin 1881) oppsporast, ville gleda verta nær «perfekt»!

 

Eg takkar på ny for god hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fant denne på Familysearch. Hvilke kilder som er lagt til grunn vites ikke, men mulig du har kilder til å sjekke dette Lars?

Ser ut som både Henry Melvin og Martin er oppført med dødsfall i 1885 i Dane.

 

https://familysearch.org/tree/?cid=partner-3Z3L-Z4GK-J7ZS-YT3Z-Q4KY-YN66-ZX5K-176R#view=ancestor&person=LH1N-77L

post-3741-0-66765300-1454525071_thumb.jpg

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I Census 1885 Black Earth, Dane, Wisconsin finner jeg Peter P. Thale med 2 personer i husholdningen, 1 mannlig og 1 kvinnelig. Ingen barn er med der.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven og Lars J. for nye spennande kommentarar!

 

Når det gjeld denne innførsli på slektstreet om at Martin og Henry Melvin døydde i 1885, er det truleg teke frå Gards- og Ættesoga for Luster, band III, der eg har sagt noko om at det KUNNE vera slik at dei var avlidne på den tidi, men det finst ikkje noko prov!

 

Det kan òg tenkjast at forfattaren av nemnde slektstre har nytta FT1885 for Black Earth, WI, som du Lars J. har finne.  Eg leitte no fram denne teljingi:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DHGS-TJP?i=16&owc=collection%2F1443713%2Fwaypoints&wc=M6PL-J3D%3A37097201%2C37097202%3Fcc%3D1443713&cc=1443713

 

og det står som du seier heilt klart at dei berre var to personar i denne huslydenpå den tidi, ein mann og ei kvinne, og at båe var fødde i «Skandinavia».

 

Elles er det jo underleg at skiftet etter Peder Thalle frå 1887 ikkje nemner born, om dei hadde vore ilive, men skiftet var svært so «kryptisk» utan middel i buet, som òg kunne vera ei orsak til at ervingane ikkje var nemnde...  Brørne hans er nemlig heller ikkje nemnde i skiftet!

 

Det kan etter dette sjå ut som om problemet endeleg er løyst; i alle fall er me komne so langt som det let seg gjera ut ifrå tilgjengeleg kjeldemateriale!

 

Eg takkar på ny for kjempefine innspel!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.