Gå til innhold
Arkivverket

Ole Thomasson, fødd i Hafslo 17.5.1857 - utvandra 1867 til Vernon Co., WI - kvar vart det av denne karen? - dobbeltgjengar frå Flekkefjord!?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i årevis slite med å finna att:

 

Ole Thomasson (Kvalen eller Urnes), fødd i Hafslo 17.5.1857 som son av husmann Thomas Nilsson Kvalen (1817-1898) og kona Ingeborg Marie, kjend som Maria Sivertsdotter (Brinchmann) (1820-1867).

 

Thomas og Maria utvandra til Amerika i 1867 med sonen Ole og fleire andre born:

 

* Guri Thomasdotter (1845-1867)

 

* Sjur Thomasson (1847-1929)

 

* Hans Thomasson (1849-1925)

 

* Anna Thomasdotter, fødd 19.9.1852

 

* Martha Thomasdotter (1861-1867)

 

Ein son var utvandra før:

 

* Hans Thomasson (1842-1914) - utvandra i 1862
 

Både mori Maria og dei to døtrene Guri og Martha døydde i Vernon Co., WI kort etter ankomsten i 1867.  Bortsett ifrå Ole og søsteri Anna har eg finna att alle dei andre i Amerika, Nils Thompson i Otter tail Co., MN og Sjur og Hans Thompson, båe i Vernon Co., WI.

 

MEN, eg har so langt ikkje vore i stand til å finna att denne huslyden i FT1870, endå dei MÅ ha vore i eller nær Vernon Co., WI der eldste sonen Nils Thompson gifte seg i desember 1870!

 

Ein etterkomar etter, eg meiner det var Nils, meinte å vita at Ole Thompson hadde vore gift og busett i Minnesota, men at han var tilstades ved verdsutstillingi i Chicago, IL i 1934/1935.  Han skal då ha vorte attkjend med ein «big red moustache».

 

Elles vert det òg hevda at eitt av søskeni skal ha butt i Chicago, IL, men om det var Ole eller Anna, veit eg ikkje...

 

~~~~~~~~~~

 

So lyt eg gjera merksam på at det på ancestry.com ligg ute eit stort «family tree» der det vert hevda at denne Ole Thompson døydde i Vernon Co., WI i 1937 og at han gifte seg i Vernon Co., WI i 1887 med ei Severine(?).

 

MEN, denne siste Ole Thompson vert ved FT1900 sagd vera fødd i Noreg i desember 1856, og same mann seier i 1919, då han søkte om pass for å vitja «gamlelandet», at han var fødd i Flekkefjord 18.12.1856 og utvandra via Kristiansand i 1887 (skal nok vera 1877!?).  Han oppgjev namnet til faren vera Tonnes(?) Thompson.

 

Og vigsli hans frå 1887 seier at foreldri heitte Tonnes Tolacson og Oline Pederson, medan Severine var dotter av ein Lars Torkildson og kona Sophie!

 

Det synes for meg heilt klart at me talar om to ulike Ole Thompsons, men det hadde vore kjekt om denne siste Ole frå Flekkefjord kunne identifiserast, berre for å vera heilt sikker...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om Ole Thompson x 2!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er vel din mann i Flekkefjord i 1865:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038192003833

 

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1042&kenr=009&bnr=0053&lnr=00

 

  • Tellingsår: 1865
  • Kommune: Hidra
  • Kommunenummer: 1042
  • Navn på bosted: Eie
  • Tønnes Tollakssen hf g Husmand uden Jord og Skomager 1822 Flekkefjords Præstegje.    
  • Olene Pedersdatter Hans Kone g   1819 Flekkefjords Præstegje.    
  • Elias Tønnessen Deres Søn ug   1846 Flekkefjords Præstegje.    
  • Ole A. Tønnessen Deres Søn ug   1856 Flekkefjords Præstegje.    
  • Ingebør Tønnesdatter Deres Datter ug   1850 Flekkefjords Præstegj.    
  • Pauline Tønnesdatter Deres Datter ug   1862 Flekkefjords Præstegj.  
 
Og her er dåpen til Ole Andreas, f. 18.12.1856 - se nederste innførsel:
Vest-Agder fylke, Nes, Ministerialbok nr. A 5 (1849-1875), Fødte og døpte 1856, side 41. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=931&idx_id=931&uid=ny&idx_side=-43
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060103040278.jpg
 
 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ole Thomasen ligger på et slektstre på FamilySearch med fødselsdato 11. mai 1857 og dåpsdato 21. mai 1857. Det er ingen kildehenvisninger, foreldrene skal ha giftet seg den 7. nov. 1843 i Hafslo, de skal ha hatt 8 barn som er navngitt i slektstreet.

 

Ole Thomasen

MF5K-5DX ​

birth: 11 May 1857 christening: 21 May 1857, Hafslo, Sogn Og Fjordane, Norway

 

father:

Thomas Nielsen

LCJD-KGS ​

 

mother:

Ingebor Maria Sivertsdatter

LCJ8-PV8

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne bør kanskje sjekkes nærmere ?

 

Name Ole H Thompson

Event Type Census

Event Date 1910

Event Place Rio, Columbia, Wisconsin, United States

Gender Male

Age 53

Marital Status Married

Race White

Race (Original) White

Relationship to Head of Household Head

Relationship to Head of Household (Original) Head

Birth Year (Estimated) 1857

Birthplace Norway

Immigration Year 1867

Father's Birthplace Norway

Mother's Birthplace Norway

Sheet Letter A

Sheet Number 4

 

 

Ole H Thompson Head M 53 Norway

Emma Thompson Wife F 55 Norway

Mabella Thompson Daughter F 21 Wisconsin

Hattie Thompson Daughter F 18 Wisconsin

Earl Thompson Son M 14 Wisconsin

Endret av Kurt Østbye
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På Ancestry.com ligger et 'fyldig' slektstre for Ole Tomason Thompson. Det er vel det du refererer til i innl 1.

 

Ole Thomasen Thompson

1857–1937

 

Birth 11 MAY 1857 • Kvalen, Hafslo, Sogn og Fjordlane, Norway

Death 1937

Endret av Kurt Østbye
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Kurt for interessante innlegg!

 

Du Grethe har heilt klart finne opphavet til «hin» Ole Thompson, d.v.s. han som var fødd i Flekkefjord, som budde i Vernon Co., WI og som døydde der i 1937.  Denne Ole har ikkje noko å gjera med den Ole Thompson som utvandra frå Hafslo!  So er det spørsmålet løyst!

 

Når det gjeld Ole H. Thompson som du Kurt fann i Columbia Co., WI i 1910, og som òg budde der både i 1900 og i 1880, var han ifølgje FT1900 fødd i oktober 1856, og av FT1880 kjem det fram at han var son av ein Halvor Thompson som då var enkjemann!  So denne Ole Thompson er diverre heller ikkje den me leiter etter...

 

Eg er fullt klar over at det ikkje vert noki enkel oppgåve å finna den «rette» Ole Thompson, men eg takkar på ny for alle nyttige innspel i denne saki!  Ein eller annan stad der ute må jo «vår» Ole vera!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ang # 7

 

Hans Thompson

Wisconsin Marriages, 1836-1930

birth:
 
Norway
marriage:
4 January 1878
Franklin, Vernon, Wisconsin
father:
Thomas Nelson Kvalen
mother:
Ingeborg Lyversdotter Kvagen
spouse:
Elisabeth Anderson Krogen
other:
Anders Johnson Krogen, Martha Andersdotter

 

----

 

Thomas Nelson Kvalen

Birth: unknownDeath: Feb. 3, 1898trans.gif
 
Inscription:
80yrs 3mos
 Burial:
Belgium Ridge Cemetery 
Viroqua
Vernon County
Wisconsin, USA 
Edit Virtual Cemetery info [?
Created by: Susanna Parrish Allen
Record added: Jul 12, 2009 
Find A Grave Memorial# 39356394

http://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GSln=kvalen&GSiman=1&GScid=87557&GRid=39356394&

 

----

 

 

 

http://www.kipps.org/kippgenealogy/getperson.php?personID=I1797&tree=Kipp

 

http://www.kipps.org/kippgenealogy/getperson.php?personID=I1355&tree=Kipp

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Thomas Nilson "Qualen" icn_world-649e6d4ef7532076044f2ff6775f53

Født: 1817

Kvalen Død: 3. februar 1898 (81)

Franklin Township, Vernon, NJ, USA Nærmeste familie:

Ektemann til Ingeborg Maria "Marie" Sivertsdatter Brinchmann Lagt til av: Hanne Berit Svendsen 25. februar 2011 Administrert av: Christina Nilsen Almås og 1 til

http://www.geni.com/people/Thomas-Nilson-Qualen/6000000011616007275

 

----

Ingeborg Maria "Marie" Sivertsdatter Brinchmann (Brinchmann) icn_world-649e6d4ef7532076044f2ff6775f53

Født: 1820 Død: 5. august 1867 (47)

Vernon, usa Nærmeste familie:

Datter av Sivert Olson Brinchmann og Anna Olsdatter Kjorlaug Brinchmann

Hustru av Thomas Nilson "Qualen"

Søster av Berte Severine Sivertsdatter Krane;Ingeborg Marie Brinchmann; Nils Johannes Brinchmann; Kari Brinchmann og Ole Brinchmann Lagt til av: Hanne Berit Svendsen 3. januar 2010 Administrert av: Christina Nilsen Almås og 1 til

http://www.geni.com/people/Ingeborg-Maria-Marie-Sivertsdatter-Brinchmann/6000000007274514040?through=6000000011616007275

 

 

Men hvor har Ole gjemt seg?

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kurt og Ann-Mary for nye interessante innlegg i denne saki!

 

Det finst mykje å lesa på nettet om denne huslyden, men felles for alle innlegg, bortsett frå dette som har «feil» Ole Thompson, er at INGEN kan fortelja oss noko som helst om lagnaden til Ole, og heller ikkje søsteri Anna synest mogeleg å finna...

 

Hadde me berre kunna finni huslyden i 1870-teljingi i Wisconsin!  Dei MÅ jo ha vore der...

 

Eg takkar på ny for alle nye innspel i denne saki!  Eg lever framleis i voni om at «noko» vil dukka opp...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.