Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Korleis omsetja «våg» til engelsk?


Recommended Posts

Eg har i ettermiddag motteke eit litt «spesielt» spørsmål frå Amerika:

 

What is a våg as in: «I 1747 åtte Anders 1 våg 18 mark på Drevland.»?

 

Eg har litt vanskar med å omsetja slike «skyldstorleiker» til engelsk.  Kanskje er det noon som har ei enkel omsetjing på tunga?  Eller finst det ein nettstad der slike ting vert forklart - på engelsk?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Hjarteleg takk til Odd Annar og Ann-Mary for interessante innlegg!

 

Eg går ut ifrå at dette var ein (skattemessig) måleeining på garden, på same vis som laupar smør m.m., og det vert rett og slett for vanskeleg å omsetja dette til engelsk, i alle fall om det skal gje noki meining til den som les det...

 

Men uansett, hjarteleg takk for hjelpi!

Du kan oversette det med "unit of measurement" =måleenhet.

 

Det er litt meir innvikla...  "våg" er ei måleining for masse (turrfisk), brukt om eigedom. Det let seg knapt omsetje til "moderne" norsk.

Det kan tenkjast dei hadde noko tilsvarande i England og Skottland, men "vanlege" lesarar der vil neppe forstå meir av det enn i Noreg.

Det vil jo gi ganske mye mening å forklare at dette egentlig er mål for vekt, som ble brukt for å angi en eiendoms beregnede skattemessige avkastning/grunnlag pr år, beregnet i mengde av et eller annet - i dette tilfellet tørrfisk?

1 våg = 3 bismarpund = 72 merker forteller jo innbyrdes forhold mellom de ulike målenhetene brukt. Og at 1 mark tilsvarer omtrent ett pund.

Og at 'våg' kommer av ordet 'å veie'...

 

Det er jo like vanskelig å forklare hvordan huder, kalveskinn, engelsker osv kan betegne størrelsen på en gård ;-)

Hjarteleg takk til Odd Annar, Ivar, Bjørn og Leif for nye interessante innlegg!

 

Eg har hatt telefonkontakt med vedkommande i Amerika som stilte meg dette spørsmålet og gjort ho merksam på «problematikken» kring desse gamle skyld-tali.  So får ho gjera med det kva ho vil.

 

Eg takkar på ny for alle bidragi!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.