Gå til innhold
Arkivverket

Eitun (Eitorn) i Balestrand/Leikanger - husmannsplassar kring 1900? - Oppslag i den gamle bygdeboki for Balestrand?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Erik Johnson Myklebust frå Jølster (fødd 1849 eller 1850) var husmann og murar/steinarbeidar på ein husmannsplass under Eitun (Eitorn) i dåverande Balestrand både i 1900 og i 1910, men plassen er ikkje namngjeven!

 

Garden Eitun (Eitorn) ligg innanfor ferjestaden Hella og vart ein gong langt ut på 1900-talet (1963?) overført frå Balestrand til Leikanger.  Garden har lide den vanlagnad at han ikkje er nemnd, korkje i bygdeboki for Leikanger eller i den nyopptrykte bygdeboki for Balestrand, MEN eg vil tru garden er med i den GAMLE (originale) bygdeboki for Balestrand som kom ut på 1930-talet.

 

Om nokon har tilgjenge til den boki, er det mogeleg å få gjort eit oppslag for å sjå kva namn denne plassen hadde, som Erik Myklebust budde på?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har Bygdabokji frå 1934 av Jon Laberg.

 

Og du kan gløyma kva som står om folk der etter 1875, Lars !

 

Husmennene på Eitorn, gard nr 40, finn du på side 511 og 512.

 

Har du sett på FT 1891, Balestrand, skanna ?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du finn han på side 1438 i Skanna FT 1891, Balestrand, gift m/ ei jenta f. 1855 frå Førde i Sunnfj og nokre døttre.
 
Er eg heldig kjem du rett inn på Jølstringen her:Kildeinformasjon:

Sogn og Fjordane fylke, Balestrand herred, Statlig folketelling (RA/S-2231/E/Ea), 1891-1891, oppb: Riksarkivet.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:db_read/ft/53002/1438/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-ft11214092907158.jpg

----------------------------------------------------------

Men navnet på plassen kjem ikkje fram her, diverre !
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for interessante innlegg!

 

Eg er vonbròten over at Laberg ikkje gjekk i detalj når det gjeld husmannsplassane under Eitorn i Balestrand-boki.  Han har med andre ord ikkje nemnd denne jølstringen i det heile...?

 

Då har me vel ikkje noko anna val enn å vona på hjelp frå lokalkjende folk, men dei finst det vel ikkje so mange att av på Eitorn i dag...?  Eg veit ikkje om Leikanger har noko sogelag?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.