Kai Løseth Skrevet Februar 7, 2016 Del Skrevet Februar 7, 2016 I Pantebok 17 for Nordre Sunnmøre sorenskriveri side 314, sak No 19, omhandler ei eksekusjonsforretning. Der er sett kryss over innføringa og skrive noko i margen. Eg er usikker kva dette tyder. Kan det vere at mannen har greid å skaffe pengane han skulda, og at innføringa er sett ut av kraft? http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?idx_id=22555&uid=ny&idx_side=-316 Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/200770-eksekusjonsforretning/ Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet Februar 11, 2016 Del Skrevet Februar 11, 2016 Du spør ikkje kva ei eksekusjonsforretning er, så det reknar eg med du veit. Det som står i margen les eg som "udsl. l. 6/3 69 §1" som eg tolkar som "udslettet ifl. lov av 6/3 1869 §1". Dersom du greidde å finne denne lova, ville det kanskje forklare noko. Men lovbøker frå 1870-talet er kanskje ikkje så lette å finne(?) Ein grunn til sletting kan vere at slike rettar av natur er mellombelse. Når kreditor har drive innfordringa si, så er det ikkje meir. Neste dokument, eit skjøyte, er varigt: det gjeld heilt til det vert avløyst av eit nytt skjøyte. Slettinga kan vere gjort rutinemessig etter ei viss tid (10? 20? år - lovteksten ville kanskje seie noko om det.) Du kunne sett om du fann andre eksekusjonssaker, og sett korleis desse var førte og evt. kommenterte og sletta. Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/200770-eksekusjonsforretning/#findComment-1696695 Del på andre sider More sharing options...
Kai Løseth Skrevet Februar 11, 2016 Forfatter Del Skrevet Februar 11, 2016 Takk for svar! Då kan vi vel gå ut frå at innhaldet er sett ut av kraft med ei eller anna grunngjeving. Eg har ein "murstein" av ei bok med tittel NORGES LOVER 1682-1965. I 1869 finn eg desse nye lovene: Lov om Tilvirkning og Stempling av Spillekort (6/3) Lov om Kontrol med Befordring af Udvandrere til fremmede Verdensdele (22/5) Lov om visse Ladestedsgrunders Udslettelse af Landets Matrikul (5/6) Lov om Udvidelse af Lov 26de Mai 1866, Indeholdende adskillige Bestemmelser om Politivæsenet i Christiania, til at gjælde ogsaa for Rigets øvrige Kjøbstæder (17/6) Lov om Ret til at udvinde Guld m. V. 17/6) Lov angaaende udvidede Rettigheder for gjensidige Brandforsikrings-Foreninger for Bygninger (17/6) Og så skal eg sjå på tipset om å finne andre eksekusjonssaker. Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/200770-eksekusjonsforretning/#findComment-1696713 Del på andre sider More sharing options...
Ivar S. Ertesvåg Skrevet Februar 12, 2016 Del Skrevet Februar 12, 2016 Uttrykket "sett ut av kraft" kan vere misvisande. Det er heller ei avslutta sak - men framleis "i kraft" på den måten at kreditoren hadde hand om husa (og leigeinntekter), evt. hadde hand om salssummen. "Mursteinen" inneheld nok berre lover som (framleis) galdt i 1965. Lenke til kommentar https://forum.arkivverket.no/topic/200770-eksekusjonsforretning/#findComment-1696731 Del på andre sider More sharing options...
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå