Gå til innhold
Nasjonalarkivet

LØYST: Dødsfall i Haram (eller Bud?) - Anna Gjedde Rose, f. Myhlenphort - fødd i Bud 1764 - døydde etter 1805?


Recommended Posts

Eg er på leiting etter eit dødsfall som eg vil tru skjedde i Haram eller i Bud.  Eg saksar frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Emanuel Fredrik Emanuelson Rose, f. i Suldal kring 1750, vart gravlagd i Bud 28.10.1805.  Emanuel gifte seg i Bud 23.5.1786 med Anna Gjedde Johansdotter Myhlenphort frå Viken i Bud, døypt i Bud 1.11.1764.  Ho d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hennar?)

 

     Emanuel Rose var i mange år handelsmann på Løken i Haram, men det gjekk dårleg, og han flytte til Kjerstad i Haram der han siste åri livnærte seg som fiskar.  Dei fekk sju born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Då eg i 2011 la ut dette emnet i Brukarforum: (https://forum.arkivverket.no/topic/171255-jonas-hansson-leyrdal-1684-1743-sokneprest-lcrdal-gardbrukar-kroken-hafslo/?hl=%20leyrdahl%20%20kraft%20%20rose), fekk eg eitt svar som hadde med denne ættegreini å gjera:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

G. M. Hellevik

Ny bruker

  • bullet_black.png
  • 1 Innlegg

Skrevet 06 August 2012 - 14:46

Hei.
Eg merka at på den svar #10, så verka det for meg som at det er litt tvil på det med alder.
Emanuel Fredrich Imanuelson er min 4x tippoldefar på min morfars side.
Emanuel var sønn av Immanuel Friderich Rose og Anne Sophie Jonasdatter Lærdal, og var gift med Anne Giedde Johansdatter Myhlenport.
Anne Sophie døde i juli 1774 og Imanuel døde 11.8.1764.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Men eg ser at vedkommande aldri meir har vore aktiv i Brukarforum, og eg veit jo heller ikkje om han har svar på spørsmålet mitt...  Ifølgje FT1801 for Kierstad prestegard i Haram (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058420000326) hadde Emanuel Rose og kona Anna den gongen fire born, og eg vil tru det finst fleire etterkomarar etter denne huslyden som kan vita kvar det vart av Anna...?

 

Eg er som sagt på leiting etter:

 

* Dato og stad for dødsfallet/gravferdi til Anna Gjedde Rose, f. Myhlenphort?

 

og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Kan være hun som døde i Borgund i 1838?

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000812120

 

Nr. 50:

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Borgund i Borgund, Ministerialbok nr. 528A06 (1828-1839), Døde og begravede 1838, side 213.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16004&idx_id=16004&uid=ny&idx_side=-207

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070903630142.jpg

Endret av Randi Elisabeth Haugros

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.