Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

Bygdeboki for Sund, garden Trellevik, har mellom anna denne utsegni om Anders Rasmussen, jekteførar, som døydde før 1853:

 

«På skiftet i 1905 etter brordottera Brita Ivarsdotter Forland vart det opplyst at Anders lét etter seg ein son (Berent Andreas f. 1845) og ei dotter (Monsine Magdalene Marie f. 1849) i Amerika.»

 

Eg ser at gardbrukarkona Britha Ivarsdotter Forland døydde på Forland 14.12.1903.  Dette var rimelegvis eit stort utskifte, og det tok tid å få samla dei naudsynte opplysningane om ervingane.  Skal me tru at skiftet vart slutta i 1905 og at dokumenti er samla under dette året?  Eg er ute etter:

 

* Skiftedokument vedrørande dei to borni etter Anders Rasmussen i Amerika, Berent Andreas og Monsine Magdalene Marie - eg vil tru der er oppgjeve adresser for dei i Amerika?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/201183-skiftedokument-sund-1905-forland/
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Yngve for interessant svar!

 

Det kan høyrast ut som om bygdebokskrivaren her har henta opplysningar som ikkje stod i skiftet etter Brita Ivarsdotter Forland, men at han har finne namni og fødselsåri i kyrkjebøkene for Bergen...

 

Er det då slik å forstå at skifteretten den gongen ikkje gjorde noko meir for å finna dei nemnde ervingane i Amerika?  Var det ikkje vanleg at arvemidlar vart innsette på ein bankbok for seinare utbetaling - når ervingane omsider melde seg?

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.