Gå til innhold
Arkivverket

Arne Olsen, fødd Luster 1835 - skreddar på Grønland i Christiania - huslyden hans og lagnaden deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

22 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

«There were ads in the Washington Times, Washington DC, for "ScalpTreatment"

 

Annonsene jeg har funnet starter September 1918 og opptrer jevnlig frem til April 1919.

 

The Washington Times (Washington, District of Columbia) 09 Sep 1918, Monday, Page 16

The Washington Times (Washington, District of Columbia) 09 Sep 1918, Monday, Page 16.jpg

 

The Washington Times (Washington, District of Columbia) 21 Apr 1919, Monday, Page 18

The Washington Times (Washington, District of Columbia) 21 Apr 1919, Monday, Page 18.jpg

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for fleire nye spennande innlegg!

 

Eg er ganske so overtydd om at dette må vera «vår» Abel.  Altso har ho butt i Washington, DC i åri kring 1920 og burde soleis òg dukka opp i FT1920, men eg ser ho i alle fall ikkje der...

 

Ho har livnært seg som ein slag kosmetolog, men truleg har dette ikkje vore inntekstbringande nok for unge (!) Miss Arneberg...

 

Dette børjar verkeleg verta skikkeleg bra, og eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne utfordrande huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

USCD 1919 på samme adresse som i annonsene, 505 M st. NW

 

The U.S. City Directories, 1822-1995 - Lenke Ancestry
Name:    Mrs Abel Arneberg
Gender:    Female
Residence Year:    1919
Street address:    505 M NW
Residence Place:    Washington, District of Columbia, USA
Publication Title:    Washington, District of Columbia, City Directory, 1919

 

de64a1138e0950eabaa0a4643164103b.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ein ny kjempetakk til Egil for siste innlegget!  Eg ser at ho i city directory er kalla «Mrs.» Arneberg, so det er vel eit spørsmål om ho likevel hadde vore gift - og skild?

 

Den som visste...!?  Kven budde på denne adressa ved FT1920?

 

Eg har ei kjensle av me nærmar oss «jackpot»...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 10.11.2018 den 1.16, Lars E. Øyane skrev:

h. Elise Christiane Arnesdotter Olsen, f. i Christiania 10.11.1877 (sjølv nytta ho alltid datoen 29.1.1878), d. i Oslo 29.10.1953.  Elise gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hennar? – e. 1902/før 1910!)

 

Etter litt leting på Byarkivet fant jeg ut at Elise bodde i Vibes gate 20 før hun giftet seg. Den gaten hører til Fagerborg kirke, og der fant jeg vielsen, 10.4.1905:  https://www.digitalarkivet.no/kb10041108253057

 

De bodde i Inkognito Terrasse 1 i FT1905:  https://www.digitalarkivet.no/of20130903023286

 

Gabels gate 43 i FT1907:  https://www.digitalarkivet.no/of20130423123361

 

Sofies gate 67 i FT1908:

2018743015_Skjermbilde2018-11-13kl_14_02_29.png.d033fbd1c8cf7d3ca1e8035976b76b5c.png

 

Sofies gate 70 i FT1909:

1063645245_Skjermbilde2018-11-13kl_14_05_43.png.73daeb3391da976f1ebf4f0654ab25e0.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 10.11.2018 den 1.16, Lars E. Øyane skrev:

g. Alfred Conrad Bernhard Arneson Olsen, f. i Christiania 2.3.1874, d. som enkjemann i Oslo 26.5.1963.  Han gifte seg første gongen i Gamle Aker kyrkje 7.8.1898 med Martine Bolette Kristiansdotter Martinsen frå Glemminge, f. i Glemminge 16.5.1875.  Men ho d. på amtssjukehuset i Fredrikstad 1.12.1905.  Alfred gifte seg so att

 

     ##### (dato og stad for andre vigsli hans? – eller var dei berre «sambuarar»? – sjå på formuleringi…)

 

     med Mathilde Emilie Jacobsen frå København i Danmark, f. i København 1.3.1888.  Ho kom i 1906 som syerske til Christiania og d.

 

Falsens gate 25 i FT1912:

1521289281_Skjermbilde2018-11-13kl_15_03_41.png.7016752df07dd01ac1efbd54c85b65b8.png

 

Ullevålsveien 50 i FT1913. De bodde ikke på den adressen i FT1914:

210070926_Skjermbilde2018-11-13kl_15_04_06.png.bab6fd41cd3b685fe2673dedb04d8c7d.png

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for nye spennande innlegg om denne huslyden.

 

Det var jamen godt du fant den vigsli mellom Lars Hagen og Elise.  Det er so utruleg mange kyrkjelydar i Christiania på den tidi og blaing gjennom alle protokollane er noko ein kvir seg med i det lengste.  Då er det godt at Byarkivet sit på kjelder som kan hjelpa!

 

Men huslyden til Alfred Conrad Bernhard og denne danske «sambuaren» hans, ser ut til å gje oss meir vanskar...  Kan det tenkjast at det på eitt eller anna tidspunkt kom til bròt mellom dei to og at tok med seg gutane til Danmark?  Ikkje godt å seia...

 

Har forresten du, Lars, eller andre, gjort dykk fleire tankar kring George Thompson frå Christiania?  Me har jo namnet på mori, men hjelper det?

 

Her kjem ein ny versjon av manuskriptet mitt pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Arne Olson {Ottum}, f. {i Luster} 8.6.1835,

Arne Olsen flytte til Bergen i 1852, men reiste noko seinare vidare til Christiania (Oslo) der han 2.8.1863 gifte seg med Christiane Olsdotter frå Nymoen på Modum.  Ho var dotter av verksarbeidar ved Blaafarveværket Ole Larsson på Nymoen, opphavleg frå Nordsida under Fossum, og første kona Anna Kirstine Petersdotter Schultz frå Nymoen og f. på Modum 4.6.1836.  Arne Olsen var skreddar, og huslyden budde på Grønland i Christiania, mellom anna i Grønlandsleiret, men flytte kring 1890 til Søberggangen og sidan vidare til Jens Bjelkesgate der Christiane d. 11.5.1896.  Det kan sjå ut som om Arne og Christiane ikkje budde i lag dei siste år dei levde.  I 1891 var Arne på Lillestrøm, medan han i 1900 var i Røyken, men han d. som enkjemann og skreddarsvein på eit sjukehus i Christiania 17.7.1904.  Arne og Christiane fekk seks born i lag, og dessutan hadde Christiane to døtrer frå før:

a. Berntine Mathilde, kjend som Mathilde Johansdotter Berentsen, dotter av Christiane og snikkarsvein Johan Berentsen i Christiania, var f. i Christiania 24.11.1857 og gifte seg f;rste gongen på Grønland i Christiania 9.3.1879 med Johan Edvard, kjend som Edvard Jensen, f. i Vestre Aker 14.10.1857.  Men Mathilde og Edvard vart skilde i 1889, og Edvard gifte seg att på Grønland i Christiania 5.8.1907 med Josefine Anette Torgersen frå Christiania, f. på Brårød nordre i Borre 8.10.1859.  Ho d. som tidlegare korkesorterar i Oslo 6.10.1930.  Men dei vart skilde i 1915, og Edvard gifte seg tredje gongen hjå byfogden i Christiania 31.7.1918 med Anna Sofie Karlsdotter Thorsen, f. i Christiania 28.11.1893.  Edvard Jensen var mellom anna bryggjeriarbeidar og køyrekar og budde i Christiania/Oslo levetidi ut.  Han d. på ein gamleheim i Oslo 13.12.1930.  Anna Sofie gift seg sidan att med Nils Ruud og d. som enkje i Oslo 3.8.1974.  Mathilde Berentsen utvandra til Amerika i 1889 med reisemål Philadelphia, Penn., og ho gifte seg att

 

     ##### (date and place of her 2nd marriage? – about 1890?)

 

     med  

 

     ##### (2nd husband’s Norwegian name?)

 

     frå Christiania, i Amerika kjend som George Thompson.  Han var son av

 

     ##### (foreldri hans? – death cert says: George Thompson and Ellen Johnson)

 

     og f. i Christiania 24.6.1862,

 

     ##### (sjekka denne fødsli – dato og stad?)

 

     men utvandra til Amerika i

 

     ##### (utvandringsåret hans? – 1910 census: 1870 – 1920 census: 1877)

 

     George var bryggjeriarbeidar («brewery stationary and electrical engineer»), og han og Mathilde vart buande i Philadelphia, Penn. der George d. 30.9.1921.  Mathilde Thompson d. same staden 27.12.1945. 

 

     ##### (born? – 1910 census 8 children – 6 living – her manglar to!??

            * Josephine Birgitte, f. Grønland 22.4.1879, utvandra Philadelphia 1893

            * Helga Mathilde, f. 13.5.1881, utvandra Philadelphia 1893

            * Elise Kristine, f. 8.10.1883, utvandra Philadelphia 1893

            * George M. Thompson, born Philadelphia 1892

            * Bernhard Emanuel Thompson, born Philadelphia Sep. 28, 1894

            * Ellen Bertha Thompson, born Philadelphia Feb. 24, 1898)

 

     Dessutan hadde første mannen Edvard Jensen òg tre døtrer i tredje ekteskapet i Christiania.

b. Anna Olufine Ernstsdotter Olsen, dotter av Christiane og korkfabrikant Ernst Golsten i Christiania, var f. i Christiania 9.4.1860 og gifte seg i Austre Aker 21.12.1879 med enkjemannen Hans Jacob, kjend som Jacob Johnsen frå Christiania, f. i Christiania 9.11.1858.  Han gifte seg første gongen i Jakobskyrkja i Christiania 4.3.1877 med Lovise Paulsdotter Larsen, f. i Vestre Aker 23.12.1857.  Men ho d. i Christiania 30.6.1877 etter barselseng.  Jacob var glasmeistar, og han og Anna vart buande i Christiania til dei i 1887 utvandra til Amerika.  Under namni Jacob og Anna Johnson finn me dei att i Philadelphia, Penn. der Jac0b livnærte seg som målar («house painter»).  Jacob d. i Philadelphia, Penn. 3.4.1918, medan Anna Johnson d. same staden 7.11.1941.  Dei fekk fem born i lag, men Jacob hadde òg ein son frå første ekteskapet sitt.

c. Alfreda Constance Arnesdotter Olsen, f. i Christiania 16.2.1864, d. i Austre Aker 4.4.1872.

d. Alexander Emanuel, kjend som Aleksander Arneson Olsen, f. i Christiania 26.6.1866, d. i Oslo 12.1.1934.  Aleksander gifte seg i Pauluskyrkja i Christiania 27.9.1891 med Alma Therese Torvaldsdotter Kristiansen frå Christiania, f. i Christiania 5.9.1868.  Ho d. i Christiania 8.5.1922.  Aleksander Olsen var glasmeister, og han og Alma budde levetidi ut i Christiania (Oslo).  Dei fekk ni born i lag.

e. Inga Kristine Arnesdotter Olsen, kjend som Christine Arneberg, f. i Christiania 16.12.1868, voks delvis opp på ein barneheim i Christiania, men utvandra til Amerika i 1888.  Reisemålet var New York City, N.Y., men ho flytte sidan til Manchester, Essex Co., Mass. og derifrå til Brookline, Norfolk Co., Mass.  Ho gifte seg første gongen i Roxbury, Mass. 15.9.1902 med Johan Konrad Hansson frå Brek i Brønnøy, i Amerika kjend som John K. Hanson.  Han var son av gardbrukar og fiskar Hans Fredrik Johanson på Brek, opphavleg frå Sømn nordre og kona Rakel Marie Hansdotter frå Engesåsen og f. på Baugstad i Brønnøy 26.3.1875, men utvandra til Amerika i 1894.  John var skipsførar og sjøkaptein («licenced sea captain») og sidan byggmeistar («construction company contractor»)

 

     ##### (sjå FT1930 og 1940?)

 

     og han og Christine budde i Brooklyn, Kings Co., N.Y., men vart skilde etter kort tid. 

 

     ##### (John K. Hanson gifte seg andre gongen kring 1908 med Katarina – tysk – oppl.?)

 

     ##### (John gift seg tredje gongen med Bertha, f. Noreg 1874, utv. 1901, d. Brooklyn, NY 27.11.1951- info?)

 

     Christine gifte seg so att i Brookline, Mass. 9.10.1908 med Jeremiah Albert Connelly, f. i Boston, Mass. 25.11.1878.  Jeremiah var køyrekar («coachman and driver»), og budde for det meste åleine i Boston, Suffolk Co., Mass., medan Christine arbeidde som hushaldar ulike stadar i Brookline, Norfolk Co., Mass., i Plainfield, Union Co., N.J. og på Manhattan, N.Y., men levde siste åri hjå dotter si i Hingham, Plymouth Co., Mass.  Jeremiah d. i Boston, Mass.

 

     ##### (exact date of his death?)

 

     1950, medan Christine Connelly d. ved eit ulukkeshende same staden 14.4.1951.  Christine fekk ei dotter, som var frå andre ekteskapet med Jeremiah.

f. Abel Margrethe Arnesdotter Olsen, kjend som Abel Arneberg, f. i Christiania 3.6.1871, voks delvis opp på ein barneheim i Christiania, men utvandra i 1888 til Amerika

 

     ##### (nemnd i New York City, NY 1925 og i Bronx, NY i 1930 – lagnaden hennar?)

 

     Abel var i mange år messejente til sjøs («stewardess») og d. på Manhattan, N.Y. 23.10.1949.

 

     ##### (family?)

 

g. Alfred Conrad Bernhard Arneson Olsen, f. i Christiania 2.3.1874, d. som enkjemann i Oslo 26.5.1963.  Han gifte seg første gongen i Gamle Aker kyrkje 7.8.1898 med Martine Bolette Kristiansdotter Martinsen frå Glemminge, f. i Glemminge 16.5.1875.  Men ho d. på amtssjukehuset i Fredrikstad 1.12.1905.  Alfred gifte seg so att

 

     ##### (dato og stad for andre vigsli hans? – eller var dei berre «sambuarar»? – sjå på formuleringi…)

 

     med Mathilde Emilie Jacobsen frå København i Danmark, f. i København 1.3.1888.  Ho kom i 1906 som syerske til Christiania og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Alfred Olsen var glasmeister og budde i Christiania

 

     ##### (flytte 1902 til København! – attende 1907 – nemnd 1910 som enkjemann i Falsens gate 25 i Christiania – skal sidan ha vore målar og busett i Tønsberg??)

 

     ##### (fleire detaljar om yrke og bustad?)

 

     Han fekk to søner som båe var frå andre ekteskapet, men båe d. før far deira utan å lata etter seg livservingar.

 

     ##### (stemmer dette? – FT1910 nemner to søner:

            * Erling Torbjørn Olsen, f. Grønland, Christiania 6.10.1908 - «uekte» - n. 1913

            * Brynjulf Farman Olsen, f. Christiania 29.8.1910 –n. 1913)

 

h. Elise Christiane Arnesdotter Olsen, f. i Christiania 10.11.1877 (sjølv nytta ho alltid datoen 29.1.1878), d. i Oslo 29.10.1953.  Elise gifte seg i Fagerborg kyrkja i Christiania 10.4.1905 med Lars Andersson Hagen frå Christiania, f. i Christiania 30.10.1881.  Han d. i Oslo 5.5.1951.  Lars Hagen var i mange år bankbod, men arbeidde sidan som vaktmeistar.  Han og Elise budde levetidi ut i Christiania (Oslo), men var barnlause.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Har forresten du, Lars, eller andre, gjort dykk fleire tankar kring George Thompson frå Christiania?  Me har jo namnet på mori, men hjelper det?

 

Jeg har gjort mange forsøk på Jørgen og Georg i FT1865 og i FS, både med og uten mor og med fødselsår 1861-63. Men uten resultat så langt. Egentlig litt rart. Er det noen andre norske navn som var vanlig å gjøre om til George?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for det siste utfordrande innlegget!

 

Når det gjeld Thompson, kan vel det vera nær sagt kva som helst som børjar på T, Thomasson, Torbjørnson, Torkildson Trondson, Tobiasson, Torgerson, Thorson etc. etc.  Eg har òg døme på at Guttormson er vorte til Thompson...

 

George er jo den naturlege «omsetjingi» av Jørgen, men eg har òg sett at namn som Joachim, Gul, Gulbrand, Gullak, Gunder og Guttorm er vortne til George i Amerika...

 

Eit lite tips:  Kanskje det let seg gjera finna George i FT1900 i lag med kone og born og/eller 1880 i lag med foreldri?  Kanskje me der finn alternative namneformer?  Eg har sjølv søkt ein del city directories, men det er for mange George Thompsons i Philadelphia, og huslyden synes ha flytt både «titt og ofte»...  Ein einaste gong ser eg George nemnd med ein mellombokstav, og det er i 1923 då sonen Bernhard gifte seg.  Der står George som George M. Thompson!  Men sonen George hadde òg M. som mellombokstav, so kanskje er det ei samanblanding...(?)..

 

https://www.ancestry.com/interactive/2451/40355_267262-00780?pid=7911100&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?db%3D2451%26h%3D7911100%26indiv%3Dtry%26o_vc%3DRecord:OtherRecord%26rhSource%3D7884&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&usePUBJs=true

 

Dette er ikkje noki enkel sak, men er det nokon som greier å løysa den kjempeutfordringi det er å identifisera George Thompson, so har eg tru på ekspertane i Brukarforum!

 

De greier jo det mest utrulege!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.