Gå til innhold
Arkivverket

Bertha Larsdotter frå Hauge i Luster (1826-1903) - gift to gonger i Bergen - lagnaden til andre mannen og son hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ei ny utfordring er dukka opp i Bergen.  Eg attgjev frå det oppdaterte manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Nytt oppdatert mnauskript følgjer i innlegg #6 nedanfor!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vielsen mellom Knud Johannessen og Brita Rasmusdatter øverst på høyre side.

 

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Hamre, Ministerialbok nr. A 9 (1805-1815), Ekteviede 1812, side 48.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1906&idx_id=1906&uid=ny&idx_side=-58
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050826040637.jpg

 

Dåpen til Britha

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000002902483

 

 

Vielsen til Brithas foreldre

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000000895442

 

 

Dåpen til Knud

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000002904388

 

 

Vielsen til Knuds foreldre

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000000895598

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Per Lorentz Jonsen i FT1801

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058469002392

 

Dåpen nederst på høyre side: Petter Lorentz

 

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Vefsn, Ministerialbok nr. 820A07 (1780-1799), Kronologisk liste 1798, side 446-447.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16542&idx_id=16542&uid=ny&idx_side=-165
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20071004630354.jpg

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten, Solveig og Sven for interessante og nyttige innlegg!

 

Mange av «hòli» er no borte, men eg er litt i stuss på dødsfsallet til Oluf Johan referert av Solveigf i innlegg #3.  Eg tykkjer det står noko om ENKEN, men er ikkje sikker.  Kanskje nokon andre kan ta ein titt...?

 

Elles er den største attverande «utfordringi» med denne huslyden kva som skjedde med kona til Oluf Johan.  Kanskje skilde dei lag?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript til erstatning for utdraget i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Bertha Larsdotter (Hauge), f. Luster 25.3.1826,

Bertha Larsdotter flytte til Bergen der ho 28.11.1852 gifte seg første gongen med Johannes Knutson frå Teigland i Hamre, i Bergen kjend som Johannes Knudsen.  Han var son av gardbrukar Knut Johannesson på Teigland og kona Britha Rasmusdotter frå Okås og f. i Hamre 1.2.1819.  Johannes Knudsen var ølbryggjar og sidan murarbeidar, og han og Bertha budde ved Torvalmenningen i Bergen.  Men Johannes d. i Bergen 7.8.1863, og Bertha gifte seg 20.9.1868 att i Bergen med Anders Mathias Pederson frå Langmoen i Vefsn, i Bergen kjend som Anders Mathias Pedersen.  Han var son av gardbrukar Peder Lorenz Johnson på Langmoen indre og kona Ingeborg Israelsdotter frå Åkvika og f. i Vefsn 7.7.1843.  Anders Pedersen vart snikkarmeister, og han og Bertha budde i Theatergaten i Bergen der Bertha d. 17.4.1903.  Anders Pedersen d. som snikkar i Årstad, Bergen 22.3.1914. 

 

##### (attgift før 1910 med ei Brita, fødd på Os 14.4.1845)

 

Bertha fekk i alt tre born, to frå første ekteskapet og eitt frå det andre:

a. Anne Berentine Johannessen (1852‑1936), vart gift med husmannssonen Christopher Andersson frå Pølseviki under Nes i Luster (1853‑1924) (s.d.).

b. Oluf Johan Johannessen, f. i Bergen 13.6.1857, d. som snikkarsvein i Bergen 27.1.1912.  Oluf gifte seg i Domkyrkja i Bergen 22.4.1883 med Inger Marie Isaksdotter, f. i Stavanger 6.2.1852.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1910!)

 

     ##### (yrke og bustad? – snikkarsvein 1883 – budde 1891 i Hans Holmboesgt. 12 i Bergen – 1910 gift losjerande snikkarsvein hjå stefaren Andreas Pedersen i Theatergaten i Bergen – kona ikkje nemnd!)

 

     Dei var barnlause.

c. Peder Lorenz Andersson Pedersen, f. i Bergen 27.11.1868, d. i Bergen 12.5.1871.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

So vil eg på ny få takka for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.