Gå til innhold
Arkivverket

Karen Anker Bergh Kloumann (f 1865)- kva lagnad fekk ho etter skilsmissa?


Kåre Rudningen
 Del

Recommended Posts

Karen vart født i Stavanger 21. august 1865. Foreldra var Karen Johanne Egertha Anker Løwold og Fredrik Julius Klaumann. Karen var gift med Bent Bentzen fram til dei vart skilde i 1900.

http://www.nb.no/nbsok/nb/b02e5cbf5b84deff420828030a5834ae.nbdigital?lang=no#81

Me kan ikkje finne henne i folketeljinga i 1910. På My Heritage finnst ein udokumentert opplysning om at Karen er sjukepleierske i Berlin, uvisst når.  

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finner denne i Aftenposten 3. oktober 1945. I Aftenpostens oversikt over kremasjoner og begravelser 4. oktober står hun oppført som Karen Anker Kloumann.

post-3741-0-45557500-1458246169_thumb.jpg

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei igjen, Kåre. Hils din kone og si at Bentsen-potte-planta lever i beste velgående.

 

 

Karen sin far (Fredrik Julius) dør i Larvik samme året (1900) som skilsmissen i Langesund. Karens mor (Kaia) dør 17 år senere i Larvik. Således ville det muligens være naturlig å søke i lokale kilder for Larvik.

Men jeg lurer på om "vår" Karen er identisk med ei sykepleierske som holder til i Kristiania, - Vibesgt.26 iflg. Kristiania Adressebok 1902.

 

En stor takk til Sven, som fant hennes begravelse i 1945 (Nytt for meg). Hun må åpenbart ha hatt OSLO (ikke Tyskland el. USA) som bosted, siden det kun er 5 dager mellom dødsfall og begravelse.

 

Dette med TYSKLAND (men ikke spesielt Berlin) har også jeg notert, men disse notatene er såpass udokumenterte at de ikke lar seg kontrollere. Jeg har også notert at hennes yngre bror (Sigurd), dro til Amerika, og gjorde det bra der.

 

-Iver

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk til både Sven og Iver!

I dødsannonsen er berre søskena til Karen nemnde. Det kjem sjølvsagd av at begge borna, Hildur og Erling er døde. Meir merkeleg er det at barnebarn ikkje er der.

Hennar bror Sigurd vart ein ruvande person i norsk industrireising. Han bygde opp mykje av norsk aluminiumsproduksjon. Høyanger i Sogn og Fjordane var langt på veg hans verk:

http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=5986&spraak_id=1&ptype=single

Som fleire andre leiande forretningsmenn kom han i skvis under okkupasjonen:

http://forskning.no/historie-andre-verdenskrig-krig-og-fred-bransjer-okonomi/2013/04/tyske-krigsplaner-fikk-norsk

Om Sigurd Kloumann finst omfangsrikt kjeldemateriale.  

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er vel sært å skrive om potteplanter i eit slektsforum. Likevel, eg tek sjansen: Potteplanta som du Iver nemnde i innlegget, er ein del av slektshistoria vår. Latinsk namn er Epiphyllum oxypetalum. På norsk vert ho gjerne kalla Nattens Dronning eller Ballets prinsesse. Planta har fornya seg med avleggarar, såkalla vegetativ formeiring i minst hundre år, truleg meir. Me har fått vår avleggjar frå svigermor mi, Grethe Hafslund. Ho fekk sin avleggjar av si svigermor, Hildur Hafslund (1886 -1944, f Bentzen). Kor Hildur fekk sin avleggjar frå, veit me ikkje. Men kanskje frå mor si Karen? Dei norske namna har planta fått avdi ho blomstrar sein kveld eller tidleg natt. Blomane er handflatestore. Morgonen etter er blomane visna, men det heng att ein bedøvande lukt i huset. Dette er finaste slektsklenodiet me har!

 

Denne planta er sjeldan å finne her til lands, men eg har sett ho omtala på nettforumet til Norsk Orkideforening. Planta høyrer heime i Mellom-Amerika. Eg skulle gjerne vite når planta fyrste gong kom hit til lands, og kven som hadde ho med seg. Eg vil tippe det var kort veg frå import til vår slekt. Kanskje det finst det slektsforskarar med interesse for eksotiske planter som kan hjelpe oss vidare?

 

post-4359-0-91256000-1458465564_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.