Gå til innhold
Nasjonalarkivet

LØYST: Conrad Emilius Kramer - fødd i Bergen 1827 - skreddarsvein - flytte frå Bergen kring 1847 - Mandal/Tønsberg/Drammen? - kvar vart det av han?


Recommended Posts

Conrad Emilius Kramer, son av «feltbereder» Stephanus Petrus Kramer i Bergen (1800-1852) og kona Eli Larsdotter frå Luster (1800-1866), var fødd i Bergen 11.10.1827.

 

Han er siste gong, som eg har finne, nemnd i Heimstavnsprotokollane for Bergen i 1854 (http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=hjst1&sideid=4&innhaldid=1&storleik=), og her kjem det fram at han hadde gått i skreddarlære og vart ferdig skreddarsvein i april 1847.  Ikkje lenge etter reiste han frå Bergen, og mori, som i 1854 var innsett på «tvangsanstalten» i Bergen, uttalte at Conrad skulle ha butt i Mandal, Tønsberg og Drammen etter han reiste frå Bergen.

 

Eg kan ikkje finna Conrad i FT1865.

 

Er det mogeleg å finna denne karen att - i Noreg eller andre stader?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Han døde 20 oktober 1853 på Tangen av kolera

 

Kildeinformasjon: Buskerud fylke, Strømsø, Ministerialbok nr. I 14 (1848-1858), Døde og begravede 1853, side 302.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1137&idx_id=1137&uid=ny&idx_side=-303
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20051109050678.jpg

Hjarteleg takk til Sven, nok ein gong, for eit kjempemessig innlegg!  Eg fattar ikkje korleis du greier det, men perfekt er det i alle fall!

 

Hjarteleg takk til deg for ei kjapp løysing på denne utfordringi!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.