Gå til innhold
Arkivverket

Christopher Haaverson Berge (1825- ) og kona Anna Tollefsdotter (1844) - frå Vang/Slidre til Amerika kring 1867 - Iowa 1870 - seinare lagnad?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg står «bom fast» på denne huslyden med røter i Valdres, både med omsyn til opphavet til kona, og ogso når det gjeld lagnaden deira i Amerika.  Kanskje kan andre auge sjå andre fakta?  Eller kanskje er det nokon med lokal kunnskap i Vestre Slidre som sit me lykkjelen?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Nytt oppdatert manuskript følgjer i innlegg #5

 

Når det gjeld Anna Tollefsdotter frå Jarstadmarki i Vestre Slidre, er eg forundra over at eg ikkje kan finna vigsi til foreldri hennar.  Her er huslyden i FT1865: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0543&kenr=004&bnr=0041&lnr=000

 

Dette er vel Tollef Helgeson på Nesja i Slidre i 1801: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058265000162

 

Kanskje har bygdeboki frå Vestre Slidre opplysningar om denne huslyden?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

 

Christopher Holverson
United States Census, 1870
Name Christopher Holverson Event Type Census Event Year 1870 Event Place Iowa, United States Gender Male Age 45 Race White Race (Original) W Birth Year (Estimated) 1824-1825 Birthplace Norway Page Number 2
HOUSEHOLD ROLE GENDER AGE BIRTHPLACE

 

Christopher Holverson

  M 45 Norway

 

Anna Holverson

  F 25 Norway

 

Emma Holverson

  F 6 Wisconsin

 

Anna Holverson

  F 2 Wisconsin

 

Mary Olesen

  F 55 Norway
Christopher Holverson
United States Census, 1870
Name Christopher Holverson Event Type Census Event Year 1870 Event Place Iowa, United States Gender Male Age 45 Race White Race (Original) W Birth Year (Estimated) 1824-1825 Birthplace Norway Page Number 2
HOUSEHOLD ROLE GENDER AGE BIRTHPLACE Christopher Holverson   M 45 Norway Anna Holverson   F 25 Norway Emma Holverson   F 6 Wisconsin Anna Holverson   F 2 Wisconsin Mary Olesen   F 55 Norway
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tollev Helgesen

Norway Marriages, 1660-1926

birth:
1793
 
marriage:
3 November 1825
Vestre Slidre, Opland, Norway
spouse:
Anne Knudsdr

 

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Slidre, Ministerialbok nr. 2 (1814-1830), Ekteviede 1825, side 436-437. 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9386&idx_id=9386&uid=ny&idx_side=-324

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070603980402.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Carsten for interessante og nyttige innlegg!

 

Diverre står det om Anna Knutsdotter at ho var 24 år og enkje på Einang då ho gifte seg med Tollef Helgeson i 1825.  Eg har blatt igjennom vigde i Slidre frå 1820 til 1825 og finn fire-fem Anna Knutsdotter, men ingen av dei passar heilt i alder, og ingen gifte seg med nokon Einang, so eg veit ikkje...  Kanskje ein eller annan med lokal kunnskap eller tilgjenge til ei bygdebok kan bidra med tips?

 

So er utvandringi ogso «på plass», men det kanskje merkelegaste med denne huslyden er korleis dei totalt «forsvinn» frå kjeldene våre!  Eg har vore borti liknande tilfelle før, og når eg endeleg er komen på sporet etter dei det gjeld, hadde dei skift namn til noko heilt «utenkjeleg»!

 

Her følgjer ein ny versjon av manuskriptet som erstatning for utdraget i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Christopher Haaverson (Berge), f. i Vang 24.9.1825,

Christopher Haaverson flytte ikkje med far sin til Luster, men gifte seg i Vestre Slidre 17.6.1864 med Anna Tollefsdotter frå Jarstad i Vestre Slidre.  Ho var dotter av husmann Tollef Helgeson på Jarstadmarki under Jarstad, opphavleg frå Nesja, og kona Anna Knutsdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – kalla Einang ved vigsli i 1825, men var då enkje på 24 år!)

 

og f. i Vestre Slidre 5.5.1844.  Parfolket budde ei kort tid som innerstfolk på Berge i Vang, men utvandra til Amerika i 1866. 

 

##### (lagnad i Amerika? - resided 1870 as a laborer «Holverson» i St. Ansgar township, Mitchell Co., IA – still at St. Ansgar 1873 – shall also have lived near Carpenter, Mitchell (or Worth?) Co., Ia. in the 1870’s – son Endre confirmed Vang parish near Dennison, Goodhue/Rice Co., MN 1885)

 

Me kjenner til tre born etter dei:

 

##### (har me fått med oss alle?)

 

a. Ingeborg, kjend som Emma Hoverson, f. i Vang 16.9.1864,

 

     ##### (nemnd 1873)

 

b. Anna Tonette Hoverson, f. i Mitchell Co., Ia. 15.10.1868,

 

     ##### (nemnd 1873)

 

c. Endre Olaus Hoverson, f. i Mitchell Co., Ia. 10.9.1870,

 

     ##### (nemnd 1873 – confirmed Vang, Dennison, MN 1885)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

So vil eg på ny få takka for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gardar og slekter i Vestre Slidre

 

side 412: 47/3 Jarstadmarke 

 

Datteren Anne f. 1844 er ikke nevnt i bygdeboka, sønnen Helge, f. 1840 er det siste barnet som er nevnt. 

post-541-0-68392400-1458634354_thumb.png

post-541-0-98585400-1458634447_thumb.png

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her utvandrer Helge Tollefsen Jarstadmarke i 1866:

 

Oppland fylke, Vestre Slidre, Ministerialbok nr. 3 (1865-1880), Utflyttede 1866, Innflyttede 1866, side 260. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6133&idx_id=6133&uid=ny&idx_side=-261
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070118330119.jpg

 

Nr. 104 (jf. #4)

http://www.norwayheritage.com/p_list.asp?jo=654&ps=60074

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye innlegg!

 

Det ser ikkje ut til at bygdebokskrivaren for Vestre Slidre heller har finne opphavet til Anna Knutsdotter på Jarstadmarke, so då lyt me vel lata det spørsmålet stå ope...

 

Elles veit me jo sikkert at Anna Tollefsdotter høyrer til i denne huslyden...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette kan kanskje være til litt hjelp når man leter.
 
Einang gård ligger der hvor Slidefjorden smalner (Einangsundet)
Einang/Ejnang  hadde følgende plasser ca. 1800 (iflg. bygdebok)
Kleive, Krekja, Rønningen, Henriksplassen, Dokke, Thun(Marensplassen),Solberg.
 
 
Gårder i nabolaget se kart.

 

Endret av Leif B. Mathiesen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Leif for grei «geografisk» rettleiing i Slidre!  Eg ser av kartet at dei nemnde gardane ligg svært so nær einannan.  Eg vonar dette kan hjelpa elles lokalkjende folk med å spora opp Anna Knutsdotter og opphavet hennar?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

En del av problemet er løst her. (nederste skiftekort)

 

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Valdres sorenskriveri, Skiftekort (SAH/TING-016/J), 0-, oppb: Statsarkivet i Hamar.

Permanent sidelenke:   http://arkivverket.no/URN:sk_read/39948/702/

Permanent bildelenke:  http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20110331620702.jpg

 

Endret av Leif B. Mathiesen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Leif for nye spennande innlegg!  Eg er imponert!

 

Og eg som trudde dette vart ei vonlaus oppgåve å løysa!!

 

Då ser det med andre ord ut til at Anna var frå ein husmannsplass under Viste i Slidre, og då kjem sjølvsagt eit nytt spørsmål:

 

* Let det gjera finna ut kva for ein plass under Viste ho var ifrå?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Christopher Haaverson (Berge), f. i Vang 24.9.1825,

Christopher Haaverson flytte ikkje med far sin til Luster, men gifte seg i Vestre Slidre 17.6.1864 med Anna Tollefsdotter frå Jarstad i Vestre Slidre.  Ho var dotter av husmann Tollef Helgeson på Jarstadmarki under Jarstad, opphavleg frå Nesja, og kona Anna Knutsdotter frå ein plass

 

##### (kva plass?)

 

under Viste og f. i Vestre Slidre 5.5.1844.  Parfolket budde ei kort tid som innerstfolk på Berge i Vang, men utvandra til Amerika i 1866. 

 

##### (lagnad i Amerika? - resided 1870 as a laborer «Holverson» i St. Ansgar township, Mitchell Co., IA – still at St. Ansgar 1873 – shall also have lived near Carpenter, Mitchell (or Worth?) Co., Ia. in the 1870’s – son Endre confirmed Vang parish near Dennison, Goodhue/Rice Co., MN 1885)

 

Me kjenner til tre born etter dei:

 

##### (har me fått med oss alle?)

 

a. Ingeborg, kjend som Emma Hoverson, f. i Vang 16.9.1864,

 

     ##### (nemnd 1873)

 

b. Anna Tonette Hoverson, f. i Mitchell Co., Ia. 15.10.1868,

 

     ##### (nemnd 1873)

 

c. Endre Olaus Hoverson, f. i Mitchell Co., Ia. 10.9.1870,

 

     ##### (nemnd 1873 – confirmed Vang, Dennison, MN 1885)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for alle gode tips når det gjeld denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Konfirmerte i Vestre Slidre. 1815-1820

30 juli 1815 (no.16) Anne Knudsdatter Quale 20 år   Far: Knud Nilsen Widste


Hun er for gammel iflg. alder ved viels, men Quale (Kvåle) er nabogården til Viste.

 

02 aug. 1818 (no.14) Anne Knutsdatter Garvik 15 år  Far: Knud Ejners. Garvig


Garvik (Gardvik) er en gård nord i bygda tilhørende Lomen kirke. Hvorfor konfirmeres hun da i Røen kirke? 

I tjenest hos Viste kanskje?

 

Anne Knudsdatter hadde ett barn fra først ekteskap, Nils Jacobsen 1 1/2 år iflg. skifte

Jeg legger ved skifte etter den først ektemannen. Kanskje det er noe der som kan gi en indikasjon på hennes far.

(Jeg er ikke flink på slik skrift)

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Valdres sorenskriveri, Skifteprotokoll 5 , 1819-1826, oppb: Statsarkivet i Hamar.



 

 

(PS. Nye bygdebøker for Valdres trenges. Ditt neste prosjekt?  B)  )

Endret av Leif B. Mathiesen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.