Gå til innhold
Arkivverket

Samuel Jacobson «Jackson» (1832-1904) - frå Høyland til Chicago - koner frå Luster og Strand - svigerdotter frå Fredrikstad/Glemmen - opplysningar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Basis for dette emnet finn me i tema #9978 (https://forum.arkivverket.no/topic/95889-9978-samuel-h-jackson-1832-1904-fraa-rogaland-til-chicago-kven-var-han/?hl=%2Bsamuel+%2Bjackson) i det gamle Brukarforum der opphavet til Samuel Jackson var drøfta - og løyst.  No er eg på leiting etter fleire detaljopplysningar om opphavi til foreldri hans i Høyland og Håland, om andre kona Inger Paulsdotter frå Føreland i Strand og om svigerdotteri Agnes Wintrum frå Fredrikstad.

 

Kanskje finst det bygdebøker som kan hjelpa, dels i Høyland og Håland på Jæren, i Strand i Ryfylke og i Borge og Glemmen i Austfold?

 

Eg manglar òg detaljar om borni i Amerika, men om dei er so lette å få tak i, veit eg ikkje...

 

Slik ser manuskriptet mitt ut pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Dette utdraget er erstatta av eit nytt og oppdatert manuskript i innlegg #7 nedanfor!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Inger Paulsdatters første ekteskap, nummer 4

 

Kildeinformasjon: Rogaland fylke, Strand, Ministerialbok nr. A 10 (1882-1929), Ekteviede 1882, side 1.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=3658&idx_id=3658&uid=ny&idx_side=-4
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060519020429.jpg


Inger Danielsen i FT1885  http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01053290015993

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Irvin Chester Jackson døde i Palm Beach, Florida; 27. desember 1990

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:VV4B-4BL

 

 

Allan Samuel Jackson døde i Chicago, Illinois; 24. oktober 1948

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:Q2MZ-DT3T

 

 

Agnes E. Jackson døde i Chicago, Illinois; 4. februar 1953

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:Q2M4-C55L

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for spennande og interessante innlegg om denne huslyden!

 

Eg vart overraska over at Inger Paulsdotter og første mann hennar hadde gift seg i Noreg og budde i Stavanger.  Då reiser spørsmålet seg naturleg om:

 

* Kva skjedde med Endre Danielsen?  Døydde han kan henda i Stavanger, og utvandra Inger Danielsen som enkje til Amerika med dotteri Anna?

 

Eg kan i alle fall ikkje sjå noko til Endre Danielsen i Amerika...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars!

Jeg har noen tilleggsopplysninger om Agnes Vintrum og hennes familie som jeg noterte meg for noen år siden (min oldefar var bror til Engebret, far til Agnes).

 

Illinois, Cook County Deaths 1878-1994: Engebret S Vinterum død 16.nov 1897 i Chicago, Illinois. Begr. 21.nov på Mt Olive kirkegård. Engebret Syversen var født på gården Veberg Østre i Borge Prestegjeld (i dag gnr.630, bnr.3)

 

Illinois Deaths and Stillbirths 1916-1947: Ellen Andrea (Jensdatter) død 11.mai 1916 i Chicago, Illinois. Begr.14.mai

 

Illinois Cook County Deaths 1878-1994: Agnes E Jackson død 4.feb 1953 i Chicago, Illinois. Begr. (kremert?) Memorial Park Cemetery and Crematorium, Skokie, Cook County, Illinois.

 

Illinois, Cook County Birth Certificates 1878-1922: Irwin Chester Jackson, født 18.juli 1896 i Chicago.

 

Illinois Deaths and Stillbirths 1916-1947: Chicago Illinois - Daisy Dorothy Jackson, død 31.mai 1938. Født 21.aug 1898 i Milwaukee, Illinois. Far: John Albert Hansen, født Rock Isl, Illinois. Mor: Anna Ericson, født i Sverige. Ektemann: Irvin C Jackson. Begravd 16.juli på Graceland kirkegård i Chicago.

Da jeg forsket på denne familien, fant jeg aldri ut når paret ble gift, men de hadde neppe barn. I 1940 (US Census) bodde Irwin som enkemann sammen med Agnes og broren Allen Samuel Jackson som var ugift.

 

United States Social Security Index: Irvin C Jackson, død 27.des 1990 i Palm Beach, Florida. Alder 94 år, født 18/7-1896 i Illinois.

 

For øvrig:

I 1994 skrev du i bind 5 av Gards og ættesoge for Luster kommune fra gården Vamberg at: Johanna Johannesdotter (1857-1902) ble gift 9.okt 1876 i Crawford Co, Wisconsin med Edward L Syverson (Edvard Ludvig Petersen) født på Veberg Vestre i Borge 4.des 1851. Denne Edward var søskenbarn til Agnes Vintrum, siden hans far, Peter Syversen (1826 på Veberg Østre i Borge - 1897 i Hamlin Co, South Dakota) var bror til Engebret (og min oldefar)

 

mvh jan w

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skipper Endre Danielsen oppgis å være død i Belize  den 18. september 1889

 

Kildeinformasjon: Rogaland fylke, Stavanger by, Dødsfallsprotokoll B 1 (SAST/A-101412/001/5/52/52B/L0001), 1885-1894, oppb: Statsarkivet i Stavanger.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/62819/79/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk10511304103079.jpg

 

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jan og Sven for nye spennande innlegg!

 

Det var flott, Sven, at du greidde å finna dødsfallet hans Endre Danielsen i Belize!  Imponerande!

 

Elles er det kjekt å høyra at du, Jan, er av same ætti som kona til William Jackson.  Då sit du kanskje med litt fleire opplysningar om opphavsstadene til foreldri hennar Agnes - plassnamn i Borge og Glemmen?

 

Elles er det påfallande kor liti verd me har i Amerika!  Eg var ikkje merksam på skyldskapen mellom Agnes Wintrum og Edward Syverson...  Eg var forresten sjølv i kontakt med slekt av Agnes i Illinois for mange år sidan.  Eg meiner mannen heitte Wintrum, og han budde i eller nær Chicago, IL!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden som erstatning for utdraget i innlegg #1 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Johanna Larsdotter (Lingjerde), f. i Luster 16.6.1839,

Johanna Larson utvandra til Amerika med foreldri i 1851 og gifte seg i Dane Co., Wis. 9.12.1859 med Samuel Jacobson frå Lura i Høyland, i Amerika kjend som Samuel Jackson.  Han var son av gardbrukar Jacob Jacobson på Lura, opphavleg frå ein plass under Trones øvre,

 

##### (kva for ein plass?)

 

og kona Helena Gabrielsdotter frå ein plass under Gimre i Håland

 

##### (kva for ein plass?)

 

og f. i Høyland 11.2.1832.  Han utvandra visstnok til Amerika i 1855.  Samuel var snikkar («carpenter and patternmaker»), og han og Johanna busette seg i Chicago, Ill. der Johanna d. 2.4.1883.  Samuel gifte seg 1.9.1893 att i Milwaukee, Wis. med enkja Inger Paulsdotter, opphavleg frå Føreland i Strand, i Amerika kjend som Bertha Danielsen.  Ho var dotter av gardbrukar Paul Larsson på Føreland og kona Bertha Mikkelsdotter frå Tau og f. i Strand 22.5.1855.  Ho gifte seg første gongen i Strand 1.6.1882 med Endre Aanenson Danielsen frå Stavanger.  Han var son av skipper Aanen Danielsen i Stavanger, opphavleg frå Skomrag i Lyngdal, og kona Ane Endresdotter Nielsen frå Stavanger og f. i Stavanger 11.5.1853.  Endre Danielsen var styrmann og skippar, og han og Inger budde i Stavanger, men Endre d. under eit opphald i Belize 18.9.1889, og Anna utvandra so til Amerika i 1891.  Samuel og Inger vart buande i Chicago, Ill. der Samuel d. 22.5.1904.  Inger Jackson d. same staden 22.8.1912.  Inger hadde ei dotter, som var frå første ekteskapet, medan Samuel hadde desse tre borni frå første ekteskapet sitt med Johanna Larson:

a. Louisa

 

     ##### (middle name?)

 

     Jackson, f. i Chicago, Ill.

 

     ##### (exact date of her birth?)

 

     .7.1860, d. i Dallas, Tx. 20.2.1885, ugift.

 

     ##### (her occupation?)

 

b. Joseph S.

 

     ##### (middle name?)

 

     Jackson, f. i Chicago, Ill.

 

     ##### (exact date of his birth?)

 

     .8.1864, d. i Chicago, Ill. 20.12.1868.

c. William Joseph Stuart Jackson, f. i Chicago, Ill. 7.11.1869, d. i Chicago, Ill. 19.1.1936.  Han gifte seg i Chicago, Ill. 20.12.1890 med Agnes Elise Engebretsdotter Wintrum frå Fredrikstad, i Amerika kjend som Agnes Vintrum.  Ho var dotter av byggmeister Engebret Syverson Wintrum i Fredrikstad, opphavleg frå

 

     ##### (gard Veberg? – f. i Borge 1.2.1831 – døypt 3.4.1831 – par: Syver Hansson og Inger Larsdotter)

 

     i Borge, og kona Elen Andrea Jensdotter frå

 

     ##### (gard Ambjørnsrud? – f. i Glemmen 26.4.1838 – døypt 17.6.1838 – par: Jens Elias Olson og Maren Kirstine Kjoniksdotter)

 

     og f. i Glemmen 28.9.1868, men utvandra til Amerika med mor si i 1882.  Ho d. i Chicago, Ill. 4.2.1953. 

 

     ##### (two surviving sons:

            * Allan S. Jackson - born Aug. 20, 1893, attorney, died single in Chicago, IL Oct. 24, 1948

            * Irvin Chester Jackson - born July 18, 1896, died Palm Beach, FL Dec. 27, 1990)

 

     William var målar og sidan byggarbeidar («painter and elevator construction worker»), og han og Agnes budde levetidi ut i Chicago, Ill.  Dei fekk tre søner i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Og so takkar eg på ny for alle gode innspel om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Inger Danielsen og datteren Anna Amalie Danielsen emigrerte i 1891, nummer 4 og 5:

 

Kildeinformasjon: Rogaland fylke, Strand, Ministerialbok nr. A 10 (1882-1929), Utflyttede 1891-1893, side 218.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=3658&idx_id=3658&uid=ny&idx_side=-196
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060519020621.jpg

 

 

Anna Amalie er døpt i Norge, nummer 5

 

Kildeinformasjon: Rogaland fylke, Strand i Strand, Ministerialbok nr. A 9 (1877-1908), Fødte og døpte 1883, side 40.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6350&idx_id=6350&uid=ny&idx_side=-43
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070219630612.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for nytt avklarande innlegg!

 

Då er utvandringi til Inger og dotteri endeleg stadfest, og eg har lagt inn rettingi i manuskriptet ovenfor!

 

Nok ein kjempetakk for hjelpi med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet frå i fjor der ein del, avsnittet om William og Agnes (Vintrum) Jackson er vorte avklart i eit eige tema: https://forum.arkivverket.no/topic/214214-engebret-syverson-wintrum-1831-og-elen-andrea-jensdotter-1838-frå-borgeglemmen-busette-i-fredrikstad-kva-gardar-kom-dei-ifrå/

 

Opplysningar om sonen Joseph er dukka opp i kyrkjebøker frå Chicago, IL, men me sit framleis att med detaljane kring dotteri Louise samt opphavi til dei to foreldri til Samuel Jackson i Høyland og Håland utanfor Stavanger.

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Johanna Larsdotter (Lingjerde), f. i Luster 16.6.1839,

Johanna Larson utvandra til Amerika med foreldri i 1851 og gifte seg i Dane Co., Wis. 9.12.1859 med Samuel Jacobson frå Lura i Høyland, i Amerika kjend som Samuel Jackson.  Han var son av gardbrukar Jacob Jacobson på Lura, opphavleg frå ein plass under Trones øvre,

 

 

##### (kva for ein plass?)

 

 

og kona Helena Gabrielsdotter frå Svenhaug under Gimre i Håland og f. i Høyland 11.2.1832.  Han utvandra visstnok til Amerika i 1855.  Samuel var snikkar («carpenter and patternmaker»), og han og Johanna flytte i 1860 til Chicago, Cook Co., Ill. der Johanna d. 2.4.1883.  Samuel gifte seg 1.9.1893 att i Milwaukee, Wis. med enkja Inger Paulsdotter, opphavleg frå Føreland i Strand, i Amerika kjend som Bertha Danielsen.  Ho var dotter av gardbrukar Paul Larsson på Føreland og kona Bertha Mikkelsdotter frå Tau og f. i Strand 22.5.1855.  Ho gifte seg første gongen i Strand 1.6.1882 med Endre Aanenson Danielsen frå Stavanger.  Han var son av skipper Aanen Danielsen i Stavanger, opphavleg frå Skomrag i Lyngdal, og kona Ane Endresdotter Nielsen frå Stavanger og f. i Stavanger 11.5.1853.  Endre Danielsen var styrmann og skippar, og han og Inger budde i Stavanger, men Endre d. under eit opphald i Belize 18.9.1889, og Anna utvandra so til Amerika i 1891.  Samuel og Inger vart buande i Chicago, Ill. der Samuel d. 22.5.1904.  Inger Jackson d. same staden 22.8.1912.  Inger hadde ei dotter, som var frå første ekteskapet, medan Samuel hadde desse tre borni frå første ekteskapet sitt med Johanna Larson:

a. Louisa

 

 

     ##### (middle name?)

 

 

     Jackson, f. i Chicago, Ill.

 

 

     ##### (exact date of her birth?)

 

 

     .7.1860, d. i Dallas, Tx. 20.2.1885, ugift.

 

 

     ##### (her occupation?)

 

 

b. Joseph Stewart Jackson, f. i Chicago, Ill. 9.8.1864, d. i Chicago, Ill. 20.12.1868.

c. William Joseph Stuart Jackson, f. i Chicago, Ill. 7.11.1869, d. i Chicago, Ill. 19.1.1936.  Han gifte seg i Chicago, Ill. 20.12.1890 med Agnes Elise Engebretsdotter Wintrum frå Nygård i Glemmen, i Amerika kjend som Agnes Vintrum.  Ho var dotter av byggmeister Engebret Syverson Wintrum på Grønli under Nygård, opphavleg frå Veberg i Borge, og kona Elen Andrea Jensdotter frå Ambjørnrød i Glemmen og f. i Glemmen 28.9.1868, men utvandra til Amerika med mor si i 1882.  Ho d. i Chicago, Ill. 4.2.1953.    William var målar og sidan byggarbeidar («painter and elevator construction worker»), og han og Agnes budde levetidi ut i Chicago, Ill.  Dei fekk tre søner i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Kanskje finst det bygdebøker frå Håland eller Høyland som kan hjelpa med svar på i alle fall opphavsspørsmåli derifrå?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand til kartleggjing av denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

43 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Samuel Jacobson frå Lura i Høyland, i Amerika kjend som Samuel Jackson.  Han var son av gardbrukar Jacob Jacobson på Lura, opphavleg frå ein plass under Trones øvre,

##### (kva for ein plass?)

og kona Helena Gabrielsdotter frå ein plass under Gimre i Håland

##### (kva for ein plass?)

og f. i Høyland 11.2.1832.

 

???

Rogaland fylke, Sola, Håland, Tjora, Madla i Sola (Håland), Ministerialbok nr. A 4 (1815-1829), Viede 1823, Side 396-397
https://media.digitalarkivet.no/view/15810/128

 

Hvis dette er rette parfolket Jacob Jacobsen og Helene Gabrielsdatter, står det vel at hun var husmannsenke under Skadberg i Sola sokn. I så fall er vel dette første ekteskapet til Helene Gabrielsdatter - høyre side, nr. 7: https://media.digitalarkivet.no/view/15810/124

 

Jacob, 1823, Høyland

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:N4B4-QXT

 

Rachel Maria, 1826

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:N4BC-X4Y

 

Sara, 1828, Høyland

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:N4BH-ZF4

 

Gabriel, 1829

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NH9Q-SYN

 

Samuel, 1832

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:N4BH-CF2

 

Grethe Thalette, 1835

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NH93-VMR

 

Sara, 1837

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NH9Q-2BD

 

Helene i 1801 - på Gimre i Håland:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058355000472

 

Dåpen til Helene:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006485044

 

Ved søsteren Karens dåp i 1799 står det at Gabriel Johnsen bor på Svenhoug under Gimre:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006485284

 

Torger, 1802

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006485574

 

Her finner jeg Helena Gabrielsdatter blant konfirmantene i Sola i 1813: 

https://media.digitalarkivet.no/view/15809/36

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for spennande innlegg!

 

Du har heilt klart finne namnet på husmannsplassen under Gimre der Helena Gabrielsdtter hadde opphavet sitt ifrå, Svenhaug, so då er denne delen av problemet løyst!  Kjempebra!  Eg har oppdatert manuskriptet i innlegg #10 i samsvar med dette!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for fleire nye interessante innlegg!

 

Eg ser at Jacob er referert til som «under Stangeland» då Helena flytte til Høyland i 1823, men han var tydeleg fødd på Sandnes, og mori sat enkje på Sandnes då ho i 1798 gifte seg med faren frå Stangeland.

 

Eg har litt vanskar med geografien her, men byen Sandnes høyrte vel den gongen til Høyland prestegjeld?  Kan det tenkjast at Sandnes var eit slag «strandsitjarområde» i Høyland der fleire gardar hadde eigedomsrett, inkl. Stangeland og Trones øvre (jmf. FT1801!)?  Kvar i bygdeboki for Høyland finn ein hovudomtalen av foreldri Jacob og Sara??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å kompletera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

#13; Jeg finner bare denne hovedomtalen under Lura av Jakob og kona Sara på side 276 og omtale av sønnen Jakob på side 278, han som var gift med Helene Gabrielsdatter. Gården Stangeland er omtalt i bygdeboka fra side 380 og til side 390 og jeg kan ikke se at Jakob Jakobsen er nevnt her - men mulig jeg må lese enda nøyere. 

 

I 1801 var Jakob d. e. strandsitter uten jord, som levde av sine henders arbeide og var nasjonal soldat, født (beregnet) 1768.

 

På Stangeland i 1801 bor det en Jakob Helgesen, født (beregnet) 1726, husmann med jord, gift for andre gang med Mari Pedersdatter, hun også gift for andre gang. De står oppført med sønnen Jakob Christian Rasmussen, som deres rette sønn! 

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058354000376.

 

Men jeg aner jo ikke om denne Jakob H har noen forbindelse med Jakob Jakobsen, født 1768. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.