Gå til innhold
Arkivverket

Eit innhaldsrikt skifte i Breim 1760 - nokon som har tilleggsopplysningar?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Av og til møter ein på reine gullgruver i skifteprotokollen. Her er ei slik; skiftet etter Eli Rasmusdtr Egge i 1760.

 

Sidan Eli ikkje ha sysken, er det syskenborna som skal arve, og her er heile 17 arvepartar oppramsa.

 

Foreldra til Eli er Rasmus Olsson og Else Kristofferdtr, og for å ta det enklaste fyrst:

 

Else må vere dotter til Kristoffer Larsson Seime, og dermed syster til Lars Kristofferson Seime, sidan 3 av dei nemnde arvingane er born av Lars:

 

1.Jon Larsson Seime

8.Brite Larsdtr Egge

9.Anne Larsdtr Seime

 

Dei andre syskenborna trur eg må vere på farssida:

 

2.Sal Ola Monsson Egges born, 2 søner og 1 dotter

7.Sal Lars Monsson Hetles born eller arvingar

11.Sal Malene Monsdtr Fløtres ein dotter

10.Sal Marte Monsdtr Egges born 2 søner og 3 døtre

12.Sal Helga Monsdtr Gåsemyrs son Tore Jakobson

 

- alle desse er etter Mons Olsson Egge, som dermed truleg er bror til Rasmus.

 

Så har vi Pål Olsson Bjørkelo og kona Anne Olsdtr - her kan begge vere aktuelle som sysken til Rasmus - deira son arvar også:

 

3.Sal Kristoffer Pålson Høylos born, 3 søner og 1 dotter

 

Brite Olsdtr gift med Jon Andersson Teita kan også vere ei syster; neste gruppe arvingar er etter dei.

 

5.Sal Jon Jonson Teitas born som ein ikkje kjenner namn på

13.Sal Ingeborg Jonsdtr Teitas etterlatne 3 born

14.Kristi Jonsdtr Høylos etterlatne 3 born

 

Så kjem her eit lite problem -

 

15. Brite Jonsdtr Slagstad.

 

Slik ho er plassert, skulle ein tru at ho også er dotter av Jon Teita, men det kan ho ikkje vere - i alle fall ikkje i ekteskap. Eg har nemleg opplysningar om henne i eit skifte på Arnestad, der ho er halvsyster til arvelatar, og den einaste Jonsdtr i flokken - og mor hennar og Jon Teita si kone Brite lever samtidig, så dermed er eg usikker på kven ho er.

 

Så bør Lars Olsson Egge også vere ein bror av Rasmus, sidan hans born er nemnde:

 

4.Sal Jon Larsson Egges born 1 son og 1 dotter

17.Sal Anne Larsdtr Rygg 2 døtre

 

- og så bør Knut Olsson Skinlo vere bror også, sidan den eine parten er

 

6.Sal Knut Olsson Skinlos born

 

Er det nokon om har tilleggsopplysningar om denne familien, er det fint! Eg vil tru Ols-borna er frå Egge, men eg er ikkje sikker.

 

 

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.