Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Thor Christopherson (Høyum) (1817- ) frå Luster og kona Kirsti Aamundsdotter frå ?? - ei skikkeleg «nøtt» i MN? - kven var ho og kvar vart dei av?


Recommended Posts

Dette er ein huslyd som eg har «kjempa med» i svært mange år og aldri greidd å finna ut av.  Kanskje er no tidi kommi for å gjera framsteg?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Thor Christopherson Høyum, bror av ovannemnde Hans Christopherson og likeins herifrå Høyeim, var f. på Spjelkavik i Borgund 27.7.1817 og fekk 19.4.1853 skøyte på garden då skiftet etter faren vart slutta.  Thor tok visstnok over gardsdrifti her på same tidi, men alt i 1854 fekk han ein ny paktar på bruket.  Sjølv vart han buande på Høyeim til 1855.

Thor Christopherson utvandra til Amerika i 1855 og gifte seg visstnok kring 1865 med ei Kirsti Aamundsdotter, i Amerika kjend som Christine Amundson.  Ho var f. i Noreg, men me veit korkje kvar eller kva tid.  Huslyden budde i Red Wing, Goodhue Co., Minn. sist i 1860-åri, men vart sidan borte derifrå utan at me no veit noko meir om lagnaden deira. 

 

##### (later destiny? – their deaths?)

 

Me kjenner til ei dotter etter dei:

a. Karen Agusta Christopherson, f. i Goodhue Co., Minn. 2.6.1867,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

##### (fleire born?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Her er det ikkje mykje å gå på!  Dåpen til Karen Augusta fann eg i ei kyrkjebok frå Red Wing, Goodhue Co., MN, men det var òg den einaste innførsli om dei!

 

Eg kan leggja til at Thor hadde fleire søsken i Vernon Co., WI og mange brorsøner som spreidde seg vide ikring!  Mange skreiv seg for Hoyum eller Hium, men òg Hiam!

 

Denne vert ikkje lett å løysa, men som danskane seier: «Den der intet vover, intet vinder»!

 

Eg takkar og bukkar på det djupaste for alle gode tips!

  • 2 uker senere...

So har eg endeleg greidd å løysa denne utfordringi på eigi hand!

 

Eg fann eit dødsfall for ein Thor Christopherson i ei kyrkjebok frå Crawford Co., WI 8.9.1866, 50 år gamal.

 

So tenkte eg på om det kunne vera fleire personar med dette namnet i Noreg, og eit søk hjå FamilySearch gav følgjande overraskande svar:

 

Thor Christopherson, fødd 1826, gifte seg i Rødenes, Austfold 1.2.1855 med ei Kirstina Amunhdsdotter, fødd 1829, og dei fekk born i Rødenes og sidan i Høland.

 

I 1865 var dei gardfolk på Ringstadengen i Høland:

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0221&kenr=001&bnr=0035&lnr=000

 

og dei utvandra frå Høland i 1867:

 

Kildeinformasjon: Akershus fylke, Høland, Ministerialbok nr. I 11 (1862-1869), Inn- og utflyttede 1867, side 401.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=522&idx_id=522&uid=ny&idx_side=-350
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060308020824.jpg

 

Dette parfolket var det so som fekk dotteri Karen Agusta i Goodhue Co., MN 2.6.1867!

 

Problemet er løyst!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.