Gå til innhold
Arkivverket

Sophie Andersen på West Prairie, Wisconsin 1866 - kva for ei «mystisk» kvinne var det?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har ei tid slite med denne utfordringi frå Amerika, men eg greier berre ikkje å finna nokon som høver til denne omtalen:

 

I kyrkjeboki for West Prairie, Vernon Co., WI (der dei fleste kyrkjelydsmedlemmane budde i Freeman township, Crawford Cl., WI eller i Sterling og Franklin townships, Vernon Co., WI) finn ein på side 33, post #48

 

http://interactive.ancestry.com/60722/41742_314562-00000?backurl=http%3a%2f%2fsearch.ancestry.com%2fcgi-bin%2fsse.dll%3fdb%3dELCAbmd%26gss%3dsfs28_ms_r_db%26new%3d1%26rank%3d1%26gsfn%3dMagnus%2bAlbert%26gsfn_x%3d0%26msbdy%3d1866%26msbdy_x%3d1%26msbdp%3d2%26msbpn__ftp%3dWest%2bPrairie%252c%2bVernon%2bCo.%252c%2bWI%26msbpn__ftp_x%3d1%26MSAV%3d1%26uidh%3d008&ssrc=&backlabel=ReturnSearchResults#?imageId=41742_314562-00032

 

dåpen til Magnus Albert, fødd 8.10. og døypt 28.12.1866.  Foreldri:

 

Anders OLSEN og h(ustru) Sophie f. ANDERSEN

 

Same dag vart døypt eit anna barn (som post #47) Carl Magnus, f. 7.11.1866 som son av Edvard Lind og h(ustru) Marie K. Lind med fadrane: Elisabet Lind, Emilie Lind, Christian Lind og Chris. Christiansen.

 

Dei same personane var fadrar til Magnus Albert «samt Marie Jacobsen».

 

Faren Anders Olsen er identisk med:

 

Anders Olson Alsmo, fødd i Luster 17.8.1847 og utvandra til Amerika med foreldri sine i 1861.  Han voks opp på West Prairie og tok sidan namnet Andrew O. LEWIS/LEWES.

 

Faren var soleis svært ung då sonen vart fødd, berre 19 år, men eg er ikkje i stand til å finna noki vigsle korkje i Vernon eller Crawford Cos., WI eller andre stader i rimeleg nærleik for ein Anders (Andrew) med ei Sophie.

 

Merkeleg er det òg at eg ikkje kan finna korkje Anders (Andrew), Sophie eller sonen Magnus Albert (som sidan vart kalla berre Albert) i FT1870.

 

Anders og Sophie fekk, etter kva eg veit, ikkje fleire born i lag, og kva som skjedde med Sophie, er heilt på det uvisse.  Anders gifte seg nemlig att, men ikkje før 15.12.1878, i La Crosse, WI med Caroline Marie Durtea PULS, fødd i Washington Co., WI 9.11.1853 av tyske foreldre.  I 1880 budde Andrew og Caroline i Madison township, Lac qui parle Co., MN med sonen Albert frå hans første ekteskap og fellesdotteri Gusta, fødd i Iowa 8.4.1879.

 

~~~~~

 

Kven kan so Sophie f. Andersen ha vore?  At ho var norsk, er heva over einkvar tvil!  Var ho ei Andersdotter, eller var far hennar ein Andersen?  Eg veit ikkje!  Ho må ha utvandra på 1850-talet eller tidleg på 1860-talet!

 

Eg finn ikkje nokon som høver i Luster eller andre stader i indre Sogn, men i dette området var det òg utvandrarar frå øvre Gudbrandsdalen og frå Nordfjord.  Kanskje er Marie Jacobsen ei lykkjel til løysingi?

 

Eg står «bom fast» og vil setja stor pris på alle gode tips om kven denne Sophie f. Andersen kan ha vore!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

For å følgja opp Marie Jacobsen; her er ein spennande huslyd i FT1870 for Sterling township, Vernon Co., WI:

 

JACOBSON, Hans  56  Nor  farmar

JACOBSON, Mary  49  Nor  keeping house

JACOBSON, John  23  Nor  son

JACOBSON, Mary  19  Nor  dau

JACOBSON, Jacob  16  Nor  son

JACOBSON, Louisa  13  Nor  dau

JACOBSON, Ole  11  Nor  son

JACOBSON, Charles  9  WI  son

JACOBSON, Elsie  5  WI  dau

 

Desse bur like i nærleiken av Edward Lind og huslyden hans, men eg ser ikkje umiddelbart kvar i Noreg dei kan vera komne ifrå...

 

I same kyrkjeboki frå West Prairie finn eg:

 

* Isak, fødd 30.1.1865 av Hans Jacobsen og Marie Johannesdotter - mellom fadrane er ei Karen Andersen!

 

Same dag som Isak vart døypt, 8.6.1865, finn eg fleire fadrar med namn Andersen, Cecilie og Kirstine Andersen er fadrar på barn av Edward og Mary Lind, og Sophie Andersen er fadder to gonger, først på:

 

* Mathis, fødd 28.1.1865 av foreldri Anders Moses [frå Såreim i Jølster] og kona Aase Nilsdotter [frå Sulheim i Lom], og so på:

 

* Mandy, fødd 1.6.1865 av foreldri William Henry Cain og Anna Cain.

 

Etter desse funni tør eg slutta at Sophia opphavleg har vore ei Andersdotter!  So er det «berre» å finna ut kvar ho kom ifrå...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

HURRA!  Min eigen «analyse» av desse fadrane på West Prairie har truleg gjeve som resultat at eg har finne noko av løysingi på denne gåta.

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt for band VII (2007) under garden Sønnesyn:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ingebrigt Pederson (Sønnesyn), f. i Hafslo 22.11.1822,

Ingebrigt Peterson utvandra til Amerika i 1847 og gifte seg i Dane Co., Wis. 23.4.1855 med Maria Trondsdotter frå Dokken, Lie søndre i Reinli, Sør-Aurdal, i Amerika kjend som Mary Trondson.  Ho var dotter av gardbrukar Trond Knutson på Dokken, Lie søndre, opphavleg frå ein plass under Lie søndre, og kona Maria Mikkelsdotter frå ein plass under Lie nordre i Nord-Aurdal og f. i Sør-Aurdal 9.7.1834.  Ho utvandra til Amerika med foreldri sine i 1852.  Ingebrigt og Mary Peterson slo seg ned som farmarar i Seneca township, Crawford Co., Wis. der Mary d. 2.7.1866.  Ingebrigt selde farmen i 1867 og gifte seg 25.2.1868 att i Vernon Co., Wis. med enkja Karen Mathea Christiansdotter f. Lind, opphavleg frå Drøbak i Frogn, Ås i Akershus, då kjend som Karen Anderson.  Ho var dotter av matros Johan Christian, kjend som Christian Olson Lind i Drøbak, Frogn, og kona Agnetta Henriksdotter frå Krogsrud i Ås, og f. i Ås 7.10.1823.  Karen gifte seg første gongen kring 1845, uvisst kvar, med Mathias Andersson frå Kapelsrud søndre i Hakadal, Nittedal.  Han var son av husmann Anders Borgerson på Varpet under Kapelsrud søndre, opphavleg frå Mago under Kongsvangskog (Elnes), og kona Sophia Hansdotter frå Veiby under Skarebøl i Hemnes, Høland og f. i Nittedal 19.5.1822.  Mathias og Karen var nokre år plassfok på Varpet under Kapelsrud søndre i Nittedal, men utvandra derifrå til Amerika i 1853.  Under namni Mathew og Karen Anderson finn me parfolket att som farmarar i Wheatland township, Vernon Vo., Wis. der Mathew d. kring 1865.  Ingebrigt og Karen Peterson busette seg i Harmony township, Vernon Co., Wis., men vart skilde i 1875.  Karen Anderson, som òg livnærte seg som jordmor («midwife») flytte då inn hjå far sin i Jefferson township, Vernon Co., Wis. og budde sidan hjå eine dotter si i Sterling township, Vernon Co., Wis. der ho framleis levde i 1900, men dødsdatoen hennar er ukjend.  Ingebrigt Peterson budde ei tid i Viroqua, Vernon Co., Wis., men flytte kring 1888 inn hjå eldste dotter si i Henden township, Miner Co., S.D. der han d. 16.2.1889.  Karen fekk to døtrer, som båe var frå første ekteskapet, medan Ingebrigt Peterson i alt fekk fem born, alle frå første ekteskapet hans:

 

PS: I ettertid ser eg at vigsli mellom Mathias og Karen Mathea fann stad i Nissedal 2.2.1846

 

Kildeinformasjon: Telemark fylke, Nissedal, Ministerialbok nr. I 3 (1846-1870), Ekteviede 1846, side 498-499.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1389&idx_id=1389&uid=ny&idx_side=-226
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20051007011172.jpg

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg har ikkje fulgt ætti etter Karen og Mathias, men eg ser at dei fekk to døtrer:

 

* Sophie Mathiasdotter Andersen, fødd i Nissedal 15.1.1846

 

Kildeinformasjon: Telemark fylke, Nissedal, Ministerialbok nr. I 3 (1846-1870), Fødte og døpte 1846, side 2-3.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1389&idx_id=1389&uid=ny&idx_side=-3
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20051007010949.jpg

 

* Kirstine Amalie Mathiasdotter Andersen, fødd i Nittedal 24.6.1847

 

I 1900 budde Karen hjå yngste dotter si i Sterling township, Vernon Co., WI. Kirstine g.m. Lewis HOPP

 

http://interactive.ancestry.com/7602/004120646_00439?pid=74024653&backurl=http%3a%2f%2fsearch.ancestry.com%2f%2fcgi-bin%2fsse.dll%3findiv%3d1%26db%3d1900usfedcen%26gss%3dangs-d%26new%3d1%26rank%3d1%26msbdy%3d1823%26msbdy_x%3d1%26msbdp%3d10%26msbpn__ftp%3dNorway%26msbpn%3d5173%26msbpn_PInfo%3d3-%257c0%257c1652381%257c0%257c5173%257c0%257c0%257c0%257c0%257c0%257c0%257c%26msbpn_x%3d1%26msbpn__ftp_x%3d1%26msrpn__ftp%3dsterling%252c%2bvernon%2bcounty%252c%2bWisconsin%26msrpn__ftp_x%3d1%26_83004003-n_xcl%3dm%26MSAV%3d1%26uidh%3d008%26pcat%3d35%26fh%3d0%26h%3d74024653%26recoff%3d%26ml_rpos%3d1&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true

 

og her kjem det fram at BÅE døtrene hennar Karen framleis levde.  Dette tyder at Sophie må vorte skild frå Anders «Andrew LEWIS/LEWES» etter dei berre fekk den eine sonen i lag.

 

Spørsmålet vert då:

 

* Kvar vart det av Sophie Andersen (Lewis)?

 

Dette vert sikkert heller ikkje so lett å finna svar på, men når me har greidd den første store utfordringi, bør me vel klara den andre ogso...?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

JEPP!  Då har eg på eigi hans greidd å finna lagnaden til Sophie:

 

Sophie ANDERSON, 84 år gamal, dotter av Mathias Anderson og Karen Lind, døydde i Minneapolis, Hennepin Co., MN 24.10.1930.  Enkjemannen var Louis W. ANDERSON.

 

Desse ser ut til å ha gift seg i Minneapolis, MN 30.5.1877.

 

Louis W. ANDERSON var danske og arbeidde visstnok i alle år som «watchman» i Minneapolis, MN.  Ifølgje FT1910 hadde Sophie fem born, og av dei var fire i live.  Sonen Magnus Albert LEWIS døydde i 1908!

 

Då har eg berre eitt spørsmål att:

 

* Kvar var Sophie ved FT1870??

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.