Gå til innhold
Arkivverket

Christen Pederson (1821-18??) - frå Luster til Hol, Buksnes - kvar vart det av alle borni hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg er nok ein gong skikkeleg imponert!  Hjarteleg takk til Grethe og Sven for mange spennande innlegg!  Det har vore ganske so hektisk hjå meg dei siste dagane, og dette, kombinert med ei kraftig vårforkjøling og fleire interessante oppdagingar, ogso i Amerika, har forseinka framdrifti...

 

Men no har eg gått grundig gjennom alle innleggi om denne huslyden, og eg har endeleg fått oppdatert manuskriptet mitt.

 

Det var moro at du greidde å finna dødsfallet til Kristen Pedersen, Grethe.  Det er neiggu ikkje so lett å søka når kyrkjesoknene går so «om hinannan».  Eg er mest freista å kalla heile prestegjeldet berre for Buksnes, so slepp me problematikken med Hol kontra Buksnes....

 

Største absolutt utfordringane innanfor denne huslyden ser no ut til å vera:

 

* Lagnaden hennar Jacobmine Gurine Kristensen etter 1891?

 

* Lagnaden til Edvard Nikolai Schøning Kristensen etter 1872?

 

* Lagnaden til Margrethe Marie Danielsdotter etter 1897?

 

Men eg er sjølvsagt òg interessert i å fylla ut dei andre attståande «hòli»...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter fleire nye funn i dag er dette manuskriptet erstatta av eit nytt i innlegg #28 nedanfor!

 

Nok ein gong vil eg gjerne få takka so mykje for kjempefin innsats for å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Første ekteskapet til Margrethe Marie Danielsdatter

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:N71Q-9K9

 

Første barn i første ekteskap: https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWCV-1M7

 

Tredje barn i første ekteskap: https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWCK-Q6V

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for siste bidrag om Margrethe Marie!

 

No har eg sjølv greidd å finna dødsfallet til Margrethe Marie.  Det syner seg at ho døydde alt i 1895, men sidan Peder var gift då han døydde i 1897, gjekk eg straks i gong for å sjå om hadde gift seg att, og jammen vart eg «fundig»!  Og eg fann attpåtil at han hadde ei dotter ogso med denne kona!

 

Eg fann òg dødsfallet til Olaus, første mannen hennar Henrikke som var gift med Alstrøm!

 

Etter dette står det no ikkje andre utfordringar att enn å finna:

 

* Lagnaden til Jacobmine Gurine Kristensen etter 1891?

 

* Lagnaden til Edvard Nikolai Schøning Kristensen etter 1872?

 

* Lagnaden til Kristine Marie Zahl Iversdotter frå Rødøy etter 1900?

 

* Detaljar om Johan Lind Israelsen og dei to første ekteskapi hans?

 

* Til sist er det spørsmål om desse barneflokkene stemmer med «kartet»?  Kanskje hadde nokre av desse pari fleire born etter 1891?

 

Her følgjer so eit oppdatert manuskript som erstatning for manuskriptet i innlegg #26 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange kjempemessige funn av Sven og Grethe i kveld er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #44 på neste side!

 

Nok ein gong vil eg få takka for den skikkeleg gode hjelpi eg har fått med å fullstendiggjera manuskriptet for denne ganske so omfattande huslyden i Lofoten!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Det må jo være vår mann, Sven! Sedvanlig bosted: Hønefoss! Og han er gift!

 

????

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NW4T-WNR

 

Name: Villiam Edvardsen
Birth Date: 09 Nov 1891:
Christening Place: Hønefoss, Buskerud, Norway
Father's Name: Edvard Schonning
Mother's Name: Maren Andersdr
 
Edvard med kone og barn i Hønefoss i 1900: 
 
 
Edvard står som udtraat intet samfund, mens kona og ungene ser ut til å være metodister i 1900. 
 
I 1910 står Maren som fraskilt:
Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Axel og Valborg, født 11.09.1887

SAKO, Hønefoss kirkebøker, Ministerialbok nr. 2, 1887-1906, s. 5
Permanent bilde-ID: kb20060607090290
 
Thora Stefanie, f. 17.11.1889
SAKO, Hønefoss kirkebøker, Ministerialbok nr. 2, 1887-1906, s. 21
Permanent bilde-ID: kb20060607090306
 
Helfrida Alvilde, f. 27.02.1886
SAKO, Hønefoss kirkebøker, Ministerialbok nr. 1, 1875-1887, s. 39
Permanent bilde-ID: kb20060912110206
 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra Hole Bygdebok:

 

* Maren (f. 1861), g.m. Edvard Schønning (f. 1856), ni barn: Helfrid (f.
1886, gift og ett barn), Axel (f. 1887, utvandret til Amerika), Valborg (f.
1887, g.1 m. Ole Bjerke, g.2 m. Oscar Hultgren), Thora (f. 1889), William
(f. 1891, g.m. Lina Trondsen, to barn), Eugenie (f. 1893), Frithjof (f. 1896),
Ingeborg (f. 1898, g.m. Støa, tre barn), og Sara (f. 1900, utvandret til Amerika).

 

 

Om Marens foreldre:

 

ANDERS KRISTIANSEN GJESVOLD (1832–1910) var sønn av Kristian
Kristiansen Fjeld og hustru Marie Hansdatter (Sundvollen) på
småbruket Nordenga under Fjell på Røyse. Han var gift med INGEBORG
MADSDATTER (f. 1828), og i 1865 satt de som husmannsfolk
på Klokkerplassen under Hole prestegård.

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Villiam, f. 09.11.1891

 

Buskerud fylke, Hønefoss, Ministerialbok nr. 2 (1887-1906), Fødte barn av dissentere 1890-1892, side 119. 
http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060607090404.jpg


Her utvandrer Axel Edvardsen Schønning:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000579401

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:KS28-RNC

 

Name: Axel Schonning
Titles and Terms:
Event Type: Census
Event Date: 1940
Event Place: Crystal, Crystal Village, Hennepin, Minnesota, United States
Gender: Male
Age: 52
Marital Status: Married
Race (Original): White
Race: White
Relationship to Head of Household (Original): Head
Relationship to Head of Household: Head
Birthplace: Norway
Birth Year (Estimated): 1888
Last Place of Residence: Same House
District: 27-7A
Family Number: 422
Sheet Number and Letter: 20B
Line Number: 59
Affiliate Publication Number: T627
Affiliate Film Number: 1924
Digital Folder Number: 005454972
Image Number: 00632
 
 
Household Role Gender Age Birthplace
Axel Schonning Head M 52 Norway
Agnes K Schonning Wife F 45 Norway
Donald A Schonning Son M 24 Minnesota
Raymond M Schonning Son M 22 Minnesota
Helen Schonning Daughter F 18 Minnesota
Howard Schonning Son M 18 Minnesota
Arthur L Schonning Son M 10 Minnesota
 
----------------------------------------------------------------
 

Thora Stefania emigrerte i 1909

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000595498

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:QK3Y-XXCT

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:QKQ9-8VKS

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Martha Schønning, f. 30.07.1905, d. 1987:

http://www.begravdeioslo.no/maler/grav/grave_id/22548

 

Fru Marie Anete Schønning, f. 28.07.1878, d. 1964 (hentet fra Gravferdsetatens base): 

 

01.025 Fru Marie Anete Schønning Vår Frelsers gravlund 1878-07-28 1964-03-26
 
Fridtjof Schønning:
 
 

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er trolig kone nummer 2 for Edvard Nikolai Schønning: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036368002108

 

Ekteskap nr. 2 for Edvard Nicolai Schønning:

 

Oslo fylke, Oslo byfogd, Vigselsbok (borgerlig) nr. II 9 (1913-1914), Borgerlig viede 1914, side 341b-342a. http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20110302310883.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ved søk på bokhylla.no får jeg 1 treff på metadata på "Edvard Nicolai Schjønning" i Arbeiderbladet den 21. september 1934. Kan det være dødsfallet tro?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nummer 222

 

Kildeinformasjon: Akershus fylke, Aker kriminaldommer, skifte- og auksjonsforvalterembete, Østre Aker tinglag, Dødsfallsprotokoll 3 (Hbb 0003), 1931-1935, oppb: Statsarkivet i Oslo.

Merknader: Det alfabetiske regeisteret gjelder for hele perioden 15.04.1931-15.06.1935.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27383/267/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090519371005.jpg

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ved søk på bokhylla.no får jeg 1 treff på metadata på "Edvard Nicolai Schjønning" i Arbeiderbladet den 21. september 1934. Kan det være dødsfallet tro?

 

Nr. 222

Akershus fylke, Aker kriminaldommer, skifte- og auksjonsforvalterembete, Østre Aker tinglag, Dødsfallsprotokoll 3 (Hbb 0003), 1931-1935, oppb: Statsarkivet i Oslo. http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090519371005.jpg

Oslo fylke, Østre Aker, Ministerialbok nr. 15 (1934-1938), Døde og begravede 1934, side 216. 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=25775&idx_id=25775&uid=ny&idx_side=-225

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10040906230226.jpg

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sven og Grethe!  I kveld har de verkeleg vore heilt eineståande!  Eg kan berre takka og bukka på det djupaste for ein skikkeleg spennande «stafett» som starta med Sven si oppdaging av Edvard Schønning på Gaustad i 1910 og som i ettertid har ført med seg mange interessante funn om huslyden hans!

 

Eg har på eige hand freista finna vigsli til Edvard og første kona Maren, men har ikkje lukkast.  Heller ikkje finn eg dødsfallet til Maren på Hønefoss, men ho kan jo vera avlidi i Norderhov sokn, og den boki ligg vel ikkje ute...

 

Elles ser eg av dødsmeldingi til Edvard Schønning at han i tillegg til dei tolv borni frå første ekteskap og hadde fire born frå det andre, inklusive Marta fødd i 1905, som i Schønnng-biografien vert omskrivi som stedotter!  Eg tykkjer 1910-teljingi frå Kråkstad ser noko «pussig» ut, då Martha som einaste barnet heiter Kristensen og ikkje Pettersen som dei eldste borni.  Kan det tenkjast at Martha var resultat av eit «sidesprang» til Edvard alt før han vart skild frå Maren Gjesvold?  Kanskje me bør ta ein titt på fødsli/dåpen hennar på Nordby - kva prestegjeld det no enn måtte vera...  Påpfallande er det elles òg at den første mannen til Marie Anette òg var ein av forlovarane!

 

Eg har no oppdatert manuskriptet mitt med dei opplysningane som so langt er komne, og det er ei stor glede for meg å syna fram denne siste versjonen til erstatning for manuskriptet i innlegg #28!

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Christen Pederson (Fladhammer), f. i Luster 18.5.1821,

Kristen Pedersen flytte kring 1840 til Hol, Buksnes i Nordland der han 17.11.1845 gifte seg med Anniken Schøning Jacobsdotter frå Hol i Hol, Buksnes.  Ho var dotter av gardbrukar Jacob Schøning Olson på Hol, opphavleg frå Gjerstad, og første kona Guren Dorthea Storm Hansdotter frå Brandsholmen og f. i Hol kring 1824, men voks dels opp på Reppe i Buksnes.  Kristen og Anniken slo seg i 1850-åri ned som plassfolk i Bergsdalen under Berg i Hol, men flytte kring 1870 til plassen Skjæran under same gard.  I 1890-åri flytte dei igjen til ein plass under Skulbru i Hol, Buksnes der Kristen Pedersen d. som husmann 12.2.1897.  Anniken tente sidan på garden Nordmyren i Hol, men d. på Justad i Hol 12.3.­1903.  Dei fekk åtte born i lag:

a. Jacobmine Gurine Kristensen, f. i Hol, Buksnes 15.8.1845, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1891!)

 

     Jacobmine var sjukeleg og budde heime hjå foreldri so lenge faren levde. 

 

     ##### (endeleg lagnad? – n. 1875 og 1891 – ugift sinnsjuk – fattigunderstøtta!)

 

b. Alette Christine Kristensen, f. i Hol, Buksnes 9.7.1848, d. etter barselseng på sjukehuset i Buksnes 3.2.1885.  Alette gifte seg i Buksnes 6.10.1879 med Lars Peter Paulsson frå Wuojatnjarka i Jokkmokk, Norrbottens län i Sverige, f. i Jokkmokk 4.7.1848.  Han d. som fiskar og enkjemann på Ramsvik i Hol, Buksnes 3.12.1887.  Lars var fiskar, og han og Alette budde som innerstfolk mellom anna på Ure og på Bergsdalen i Hol, Buksnes, men flytte sidan til Ramsvik i Hol, Buksnes.  Dei fekk to søner i lag.

 

    ##### (sjekka talet på born? – inkl.:

            * Laurits Andreas, f. ind.b. Bergsdalen, Buksnes 17.6.1880 – konf. Ramsvik, Hol 1895! – n. 1910 som ugift

               styrmann i Bergen! – er kalla handelsmann på Nesttun då han 21.11.1915 gifte seg i DK, Bergen med

               Helga Emilie Hansen, forretningdame Sofiesgt. i Kristiania, f. Vår Frelser 1887

            * Kristian Magnus, f. ind.b. Ramsvik, Buksnes 30.12.1884 – d. 5.1.1885)

 

c. Peder Ingvard Schjeldrup Kristensen, f. i Hol, Buksnes 18.5.1851, d. som husmann på Ramsvikstranda i Buksnes 19.6.1897.  Peder gifte seg første gongen i Vågan 16.10.1881 med enkja Margrethe Marie Danielsdotter, opphavleg frå Taen i Buksnes, f. i Buksnes 1.6.1848.  Ho d. som husmannskone på Ramsvikstranda i Buksnes 15.4.1895.  Margrethe gifte seg første gongen i Buksnes 14.10.1872 med Christen Hansen Fredriksen frå Båtviki under Myklevik i Buksnes, f. i Buksnes 17.3.1848.  Christen var fiskar og innerst, og dei budde hjå foreldri hans i Båtviki under Myklevik, men Christen miste livet under fiske 8.2.1876.  Peder og Margrethe budde ei tid på Brettesnes i Vågan og vart so husmannsfolk på Ramsvikstranda under Ramsvik i Buksnes, men Peder livnærte seg dessutan som fabrikkarbeidar.  Som enkjemann gifte Peder seg att i Hol, Buksnes 26.7.1896 med Kristine Marie Zahl Iversdotter frå Tryggestadviki under Storstenøren i Rødøy, f. i Rødøy 26.1.1868.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1900 då ho budde som enkje hjå ei søster i Træna!

 

     Peder fekk i alt seks døtrer, fem frå første ekteskapet med Margrethe og ei frå andre ekteskapet med Kristine, men første kona Margrethe hadde òg tre døtrer frå første ekteskapet sitt.

 

     ##### (sjekka talet på born? – inkl.:

            * Jacobmine Josefine Hansen Fredriksen, f. indb. Myklevig, Buksnes 12.1.1873 – d. før 1875!

            * Henrikke Josefine Mathilde Kristensdotter, steddatter, f. indb. Myklevig, Buksnes 5.10.1874 – n. 1891

            * Nikolie Jørgine Fredriksen, f. indb. Myklevig, Buksnes 10.1.1876

            * Arnolda Kristoffa Kristensen, f. Brettesnes 24.6.1882 – n. 1891 – konf. Taen 1897

            * Dorthea Kristine Kristensen, f. hdb. Ramsvik, Buksnes 31.1.1885 – n. 1891

            * Konstanse Amalie Kristensen, f. hdb. Ramsvik, Buksnes 31.1.1885 – n. 1891 – konf. Taen 1900

            * Petra Marie Kristensen, f. hdb. Ramsvik, Buksnes 22.3.1889 – n. 1891

            * Anna Amanda Kristensen, f. hdb. Ramsvik, Buksnes 22.3.1889, d. Bodø 22.1.1975 – g.m. Helge Karlsen

            * Karlotte Marie Kristensen, f. hdb. Ramsvik, Hol sokn, Buksnes 29.11.1896 – ikkje med mori 1900!)

 

d. Rasmus Christian Kristensen, f. i Hol, Buksnes 23.3.1854, d. som gardbrukar på Lekner i Hol, Buksnes 14.4.1894.  Rasmus gifte seg i Buksnes 5.11.1877 med Hanna Elisabeth Jentoft Carlsdotter frå Skaftnes i Buksnes, f. i Buksnes 22.8.1856.  Ho d. som enkje på Fygle i Hol, Buksnes 22.12.1914.  Rasmus livnærte seg dels som fiskar og dels som fabrikkarbeidar, og han og Hanna budde ulike stadar i Hol, Buksnes og likeins på Brettesnes i Vågan, men slo seg kring 1889 ned som landhandlarar og gardbrukarar på Leknes i Hol, Buksnes.  Som enkje budde Hanna som innerst mellom anna på Fygle og på Elvebakken, båe i Hol, Buksnes.  Rasmus og Hanna fekk sju born i lag.

 

     ##### (sjekka talet på born? – inkl.:

            * Kaja Amanda Kristensen, f. Buksnes 5.2.1878 – n. 1891 – d. på Leknes i Buksnes 6.10.1891

            * Charlotte Marie Kristensen, f. Buksnes 14.9.1880 – n. 1891/1900/1910 (gift)

            * Harry Marcelius Kristensen, f. fabr.arb.b. Brettesnes  Vågan 27.3.1883 – n. 1891/1910

            * Klarisse Sofie Kristensen, f. Bergsdaen, Buksnes 19.9.1885 – n. 1891/konf. 1901

            * Konrad Lind Kristensen, f. fiskarb. Hol, Buksnes 4.2.1888 – n. 1891

            * Sverre Kristensen, f. handelsm. og gdb. Leknes, Buksnes 1.12.1890 n. 1891 – d. 26.4.1892

            * Kaja Konstanse Sofie Kristensen, f. handelsm. og gdb. Leknes, Buksnes 14.4.1892 – n. 1900/1910)

 

e. Edvard Nikolai Schøning Christensen, kjend som Edvard Schønning, f. i Hol, Buksnes 12.10.1856, d. i Oslo 13.9.1934.  Edvard Schønning reise i ung alder til Ringerike og gifte seg første gongen

 

     ##### (dato og stad for vigsli hans?)

 

     1885 med Maren Andersdotter Gjesvold frå Klokkarplassen under Hole prestegard i Hole,

 

     ##### (sjekka om ho vaks opp der? – foreldri budde der i 1865!)

 

     f. i Hole 28.7.1861.  Ho d. på Ekli i Norderhov 23.2.1923.  Edvard var sliperiarbeidar, og han og Maren budde på Hønefoss, men flytte frå kvarandre kring 1908 og vart skilde våren 1914.  Edvard gifte seg att hjå byfogden i Christiania 5.9.1914 med Marie Anette Pettersen, f. Kristensen, som òg hadde vore gift før.  Ho var f. i Austre Aker 28.7.1878 og d.

 

     ##### (dødsstaden hennar? – Oslo?)

 

     26.3.1964.  Edvard livnærte seg i seinare år som gassverksarbeidar, og han og Marie busette seg i Austre Aker.  Edvard fekk i alt seksten born, tolv frå første ekteskapet og fire frå det andre, men andre kona hadde òg

 

     ##### (kor mange? – to?)

 

     born frå første ekteskapet sitt.

 

     ##### (sjekka talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Helfride Alvilde – f. Hønefoss 27.2.1886 – n. 1900/1910

            * Axel – f. Hønefoss 11.9.1887 (metodistar) – n. 1900 – Amerika 1907

            * Valborg – f. Hønefoss 11.9.1887 (metodistar) – n. 1900

            * Thora Stephania – f. Hønefoss 7.11.1889 (metodistar) – n. 1900 – Amerika 1909

            * Villiam – f. Hønefoss 9.11.1891 (metodistar) – n. 1900/1910

            * Eugenie – f. Hønefoss 27.7.1893 – n. 1900/1910 f. 1892

            * Frithjof – f. Hønefoss 25.10.1896 – n. 1900/1910

            * Ingeborg – f. Hønefoss 5.10.1898 – n. 1900/1910

            * dotter – f. Hønefoss 22.6.1900 – n. 1900

            * Rut – f. Hønefoss 3.10.1902 – n. 1910

            * Sara – f. Hønefoss 3.10.1902 – n. 1910 – Amerika)

 

f. Iverine Edrikke Olea Kristensen, f. i Hol, Buksnes 15.2.1860, d. som enkje på Hol 29.7.1937.  Ho gifte seg i Hol, Buksnes 3.10.1889 med enkjemannen Johan Christian Lind Israelsen, opphavleg frå Hol nedre i Hol, f. i Buksnes 11.3.1848.  Han d. som gardbrukar på Hol 16.10.1924. 

 

     ##### (han hadde vore gift to gongar før, m.a. i Buksnes 13.10.1876 med Marie Amalie Petrine Carlsdotter frå Opdøl i Buksnes, f. i Buksnes 28.6.1856!)

 

     Johan tok over som gardbrukar etter foreldri sine på Hol nedre i Hol, Buksnes og fekk

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Jakob Johansen, f. Buksnes 1879 – n. 1900

            * Karl Johansen, f. Buksnes 17.1.1887 – n. 1900/1910

            * Amanda Johansen, f. Buksnes 1888 – n. 1900

            * Erling Johansen, f. Buksnes 22.2.1890 – n. 1900/1910

            * Elin Johansen, f. Buksnes 1.4.1891 – n. 1900/1910

            * Ingvart Johansen, f. Buksnes 28.9.1893 – n. 1900/1910

            * Thora Johansen, f. Buksnes 14.7.1896 – n. 1900/1910 (f. 1895!)

            * Konrad Johansen, f. Buksnes 13.9.1899 – n. 1900/1910

            * Dagmar Johansen, f. Buksnes 28.5.1901 – n. 1910)

 

g. Gjertrud Gesine Kristensen, f. i Hol, Buksnes 14.8.1862, var hushaldar og budde fleire stadar i Hol, Buksnes, men d. ugift på Justad i Hol 16.8.1926.­

h. Alstrøm Olai Kristensen, f. i Hol, Buksnes 25.2.1865, d. som kårmann på Justad i Hol, Buksnes 13.5.1946.  Alstrøm gifte seg i Buksnes 15.9.1892 med enkja Henrikke Sofie Andreasdotter frå Ytterklev i Buksnes, f. i Buksnes 1.6.1859.  Ho d. som kårkone på Justad 5.1.1944.  Henrikke gifte seg første gongen i Buksnes 28.10.1880 med Olaus Christian Lenvig Kristenson frå Skulbru søndre i Buksnes, f. i Buksnes 4.4.1851.  Han og Henrikke tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Skulbru søndre der Olaus d. 8.8.1890.  Alstrøm var fiskar og sildoljefabrikkarbeidar, men tok over som gardbrukar på Skulbru der han og Henrikke vart buande til dei kring 1905 vart gardbrukarar på Justad nordre i Hol, Buksnes.  Dei fekk fire søner i lag, men Henrikke hadde òg fem born frå første ekteskapet sitt.

 

     ##### (sjekka talet på born? – inkl.:

            * Helga Simonette Kalauda Olausdotter, f. indb. Skulbru, Buksnes 5.6.1881 – n. 1900

            * Otto Gunvald Olaussen, f. gdb. Skulbru, Buksnes 1.1.1885 – n. 1900

            * Karl Amandus Olaussen, tvilling, f. gdb. Skulbru, Buksnes 10.3.1887

            * Johan Strøm Olaussen, tvilling, f. gdb. Skulbru, Buksnes 10.3.1887

            * Mathilde Lovise Olausdotter, f. gdb. Skulbru, Buksnes 25.1.1889 – n. 1900/1910

            * Olaf Johan Krantz Kristensen, f. gdb. Skulbru, Buksnes 2.2.1893 – n. 1900/1910

            * Johan Lind Kristensen, f. Buksnes 24.4.1895 – n. 1900/1910

            * Aksel Campell Rask Kristensen, f. gdb. Skulbru, Buksnes 7.7.1897 – n. 1900/1910

            * Henry Olaus Krantz Kristensen, f. Skulbru, Buksnes 11.9.1900 – konf. Justad 1915! – n. 1900/1910)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

So må eg på ny få takka for kjempemessig innsats for å fullstendiggjera dette manuskriptet!  Eg er so til dei gradar imponert!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heller ikkje finn eg dødsfallet til Maren på Hønefoss, men ho kan jo vera avlidi i Norderhov sokn, og den boki ligg vel ikkje ute...

 

Kildeinformasjon: Buskerud fylke, Norderhov lensmann, Dødsfallsprotokoll 4 (SAKO/A-526/H/Ha/L0004), 1922-1925, oppb: Statsarkivet i Kongsberg.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/55589/12/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk10081211085012.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit nytt spennande innlegg!

 

Då er dødsfallet hennar Maren «på plass», og eg har oppdatert manuskriptet i innlegg #44 ovanfor!

 

Takk igjen!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt interessant innlegg!

 

No har ogso eg gjort ei spennande oppdaging: Dåpen til Martha Antonie (Schønning) i Nordby sokn i Ås i 1905:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/568/25

 

Kanskje var Edvard Schønning faren tross alt??

 

Hvis du ser i folketellingen 1910, er det en datter til, født 16.10.1902 som heter Rut. Her er dåpen til Ruth Laurentia:

 

SAO, Ås prestekontor Kirkebøker, Ministerialbok nr. II 2, 1895-1916, s. 14
Permanent bilde-ID: kb20060302010253
 
Esther Bergliot - ser ut som hun har fått bevilling til å ta et annet etternavn:
 
Oslo fylke, Vestre Aker, Ministerialbok nr. 10 (1886-1903), Fødte og døpte 1900, side 258. 

http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060830010253.jpg

 
Når det gjelder Martha Antonie, kan det se ut som det er en dom i en farskapssak. Det står i klokkerboka (kanskje litt lettere å lese) at barnefaren ved dom (juli 1907) frasagt seg partenitetet. Ved vielsen i 1914 står det at Marie Anette Pettersens tidligere ekteskap ble oppløst ved Justisdep.s bevilling 20.11.1913. Her vil nok selve skilsmissesaken gi et innblikk i "begivenhetenes gang". 
Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget!

 

Eg har òg sete og tenkt på desse skilsmålssakene frå 1913 og 1914.  Eg trur det hadde vore nyttig å sjå på båe sakene, for eg trur dei kan ha ein viss samanhanhg med kvarandre, men korleis får ein innsyn her?

 

Eg takkar igjen so mykje for den kjempehjelpi eg har fått med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.