Gå til innhold
Arkivverket

Andres Natvek (1831-1909) og Engebor Natvek (1851-1934) - gravlagde i Lower Coon Valley cemetery i Vernon Co., WI - vigsli deira? - kven var ho?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg trudde nesten at augi mine skulle trilla ut av hovudet på meg då eg las dette avisutkilppet frå 1861!  Ein kjempetakk til deg, Egil, som fann denne fantastiske forteljingi om Andrew Natwig!

 

Dette er heilt klart «vår» Andrew, og når eg no leiter meg igjennom kyrkjebøkene for Årdal (Lærdal), so oppdagar eg at «vår» Anders hadde ein «dobbeltgjengar» som heitte:

 

Andreas Johnson Natvik, fødd i Årdal 18.7.1832 som son av husmann John Simonson og kona Ingeborg Torkildsdotter under Natvik:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11597/74

 

Den gamle bygdeboki for Årdal nemner ikkje Andreas i det heile, og den nye har berre ein kort merknad om at han gifte seg i 1857 med Britha Gulbrandsdotter Lægreid, og dei fekk to born:

 

* Ingeborg Andreasdotter, fødd 1854

 

* Johanna Andreasdotter, fødd 1857

 

Det står ikkje noko om at dei utvandra til Amerika!!

 

Når me no ser attende på andre vigsli hans frå La Crosse, WI frå 1893 (sjå innlegg #24 over), ser me at namni til foreldri høver mykje betre enn hine foreldri!

 

Men heller ikkje denne «nye kandidaten» til Andrew Natwick kan eg finna att i amerikanske folketeljingar mellom 1860 og 1890, so «mysteriet» kring denne mannen synest vera like so stort, og det til tross for at me kjenner namnet til kona hans og dei to eldste døtrene deira...!

 

Men uansett, eg er overlukkeleg over at du Egil har gjort denne oppdagingi, og eg takkar endå ein gong for framifrå bistand i denne saki!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1871_Andreas J Natvik_I.png

1871_Andreas J Natvik_II.png

 

http://www.norwayheritage.com/p_list.asp?jo=1099&ps=61652

 

Ankomst

The Canadian Passenger Lists, 1865-1935
Name:    Andreas Johnan Nalvik
Gender:    Male
Age:    37
Birth Year:    abt 1834
Date of Arrival:    8 Jun 1871
Vessel:    Kong Sverre
Search Ship Database:    Search for the Kong Sverre in the 'Passenger Ships and Images' database
Port of Arrival:    Montreal, Quebec, Canada
Port of Departure:    Bergen, Norway

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

The U.S., Evangelical Lutheran Church of America, Records, 1826-1940
Name:    Britha Gulbranded Natvig
Event Type:    Burial
Birth Place:    Logreide
Death Date:    18 Oct 1878
Burial Date:    22 Oct 1878
Church Name:    Blue Earth
Church Location:    Bricelyn, Minnesota

 

Du finner flere av barna konfirmert i Bricelyn, MN.

 

Ekteskap for datteren Ingeborg

The U.S., Evangelical Lutheran Church of America, Records, 1826-1940
Name:    Pigen Ingeborg A Natvig
[Ingeborg A Natvig] 
[Pigen Ingeborg A Nat] 
Gender:    Female
Event Type:    Marriage
Marriage Date:    29 Apr 1879
Marriage Place:    Wells, Minnesota, USA
Father:    Andress Johnson Nat
Mother:    H Birtha Gulbresd
Spouse:    Migk Gulbrand G Halverson
Church Name:    Our Savior's
Church Location:    Wells, Minnesota

 

The U.S., Evangelical Lutheran Church of America, Records, 1826-1940
Name:    Ingeborg A Natvig
Gender:    Female
Event Type:    Marriage
Marriage Date:    27 Apr 1879
Marriage Place:    Delavan, Minnesota, USA
Father:    Andreas Johann Natvig
Mother:    Birtha Gulbransd
Spouse:    Gulbrand G Halvorsen
Church Name:    Our Savior's
Church Location:    Wells, Minnesota

 

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for dei siste interessante innleggi!

 

Då var det ikkje so underleg at eg ikkje fann noko ektepar Anders og Britha i FT1870 og 1880 som «høvde» med «våre»; i 1870 var dei slett ikkje komne til Amerika, og i 1880 var Britha avlidi...  Men uansett, so er denne huslyden no identifisert, og for dei som ønskjer å forska vidare på ætti til Andreas Johnson, ligg vegen «òpen»!  Her er forresten huslyden i FT1865, på Risøen i Dverberg:

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1872&kenr=002&bnr=0043&lnr=00

 

Eg lyt då leggja til at interessen min for Anders Olson Natvik kjem av at mor hans var frå Hafslo, og som «første generasjon fødd etter utflytting frå heimkommunen», har han etter vår modell ein «naturleg plass» i bygdeboki for Luster kommune!

 

Eg takkar endå ein gong for den framifrå bistanden som eg har hatt med denne huslyden, og som på ny syner på kva for eit høgt nivå forskingi i Brukarforum ligg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.