Gå til innhold
Arkivverket

Karen Mathea Johannesdotter Knaien - fødd i Hurdal 1826 - til Amerika 185? - kven var foreldri hennar? - utvandringsåret?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg finn i kyrkjebøkene for Hurdal at:

 

Karen Mathea Johannesdotter var fødd på Knaien i Hurdal 16.4.1826: https://media.digitalarkivet.no/view/515/94

 

Foreldri hennar var gardbrukar Johannes Jensson og kona Cathrina Olsdotter, og dei vart vigde i Hurdal 26.2.1820: https://media.digitalarkivet.no/view/515/125

 

Ved vigsli kjem det fram at Johannes var frå «Opgaarden i Skroklien», medan Cathrina sat enkje på Knaien!

 

Mine geografiske kunnskapar i Hurdal er dårlege; kan nokon, eventuelt med hjelp av ei bygdebok, fortelja meg følgjande:

 

** Kva gard/plass var Johanners Jensson fødd og oppvaksen på?

 

** Kva gard/plass var Cathrina Olsdotter fødd og oppvaksi på?

 

Når det gjeld Karen Mathea, so fekk ho ein son:

 

Johan Christian, fødd i Hurdal 22.12.1853 - faren var svensken Andreas Persson: https://media.digitalarkivet.no/view/516/51

 

So skal Karen Mathea og sonen Johan ha utvandra til Amerika der ho 11.6.1861 gifte seg i Vernon Co., WI med Einer Olson Lingjerde frå Luster i Sogn, men:

 

** Er det mogeleg å finna kva år Karen Mathea og son hennar utvandra?

 

Eg har blatt igjennom utflytte frå Hurdal, men finn dei ikkje...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Johannes står omtalt i Hurdal bygdebok b 2 s 506 som "stamfar til Jensonslekta på Knai". Han var oppvokst på gården Oppgarden i Skrukkelia i Hurdal. Foreldrene, Jens Eriksen Brattli og Ingeborg Andersdatter Gjøngsetra, var begge av finneslekt, ifølge bygdeboken. Johannes hadde sju søsken. Skrukkelia er den vestre delen av Hurdal, på veien over mot Hadeland.

 

Katrine står omtalt på s 239 i samme bok. Hun var oppvokst på bruket Nystua under Knai gård i Hurdal og ble gift til bruket Arstun under Knai (s 237-238). Det var på Arstun Johannes og Katrine bodde. Bygdeboken nevner fem barn.

 

Lenke til bygdeboken på NB:

http://www.nb.no/nbsok/nb/f1e901d35090fa505c1f9ad63d6fddbc?index=2#239

 

hilsen Tore

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars, her er litt fakta om de su spør etter.

 

Johanes Jensen 23 år  Opgaarden i Skrukkelia g. 26.02.1820  Katrine Olsdatter, Knajen, enke 33 år.

Johannes Jensen dpt, 09.10.1796 Opgaarden, Hurdal.   Foreldre: Jens Erichnsen, soldate, Bratlie g. 06.08.1786  Ingeborg Andersdatter  , Gjødingsæther.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Legger inn vielsen 1861:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:XR2G-LQM

 

Name: Einard Oleson
Name Note:
Titles and Terms:
Event Type: Marriage
Event Date: 11 Jun 1861
Event Place: Christiana, Vernon, Wisconsin, United States
Spouse's Name: Cari Maria Johnson
 
 
 
Name: Einar Olson
Event Type: Census
Event Year: 1870
Event Place: Wisconsin, United States
Gender: Male
Age: 36
Race: White
Race (Original): W
Birth Year (Estimated): 1833-1834
Birthplace: Norway
Page Number: 8
Household ID: 57
Line Number: 12
Affiliate Name: The U.S. National Archives and Records Administration (NARA)
Affiliate Publication Number: M593
GS Film number: 000553237
Digital Folder Number: 004268814
Image Number: 00032
 
 
Household Role Gender Age Birthplace
Einar Olson M 36 Norway
Karen M Olson F 46 Norway
Johan Olson M 16 Norway
Ole Olson M 9 Wisconsin
Albert Olson M 7 Wisconsin
Birthe Olson F 4 Wisconsin
Lars Olson M 2 Wisconsin
 
 
 
 
 
 
 
 
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Tore, Hans og Grethe for interessante og nyttige opplysningar om denne ætti frå Hurdal!

 

Eg har fått svar på alle spørsmåli mine med eitt unntak:

 

** Er det mogeleg å finna kva år Karen Mathea og son hennar utvandra?

 

Om ikkje dette er nemnt i bygdeboki (eg greier ikkje å henta denne boki fram frå Tyskland!), so vert det kanskje vanskeleg å finna svaret?

 

Det er òg eit mysterium kvar det vart av son hennar i Amerika, Johan, men dette vert sikkert endå verre å finna ut frå Noreg...  Han skreiv seg John Olson i 1870, og truleg er det òg han me finn i 1880 under namnet John Olson som ugift farmarbeidar i Christiana township, Vernon Co., WI, sjølv om stefaren og søskeni etter kvart tok til å kalla seg for LINJER eller LINGER!  Mori døydde i Vernon Co., WI i 1885.

 

Eg takkar på ny for god hjelp med opplysningar om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars,

 

Bygdeboken fikk ikke med seg at Karen dro til Amerika. Det står om søskenflokken: "De to siste dro til USA". Altså, hennes brødre Ola og Johan.

 

Hilsen Tore

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Tore for nytt innlegg!

 

Me lyt vel då tolka bygdeboki slik at forfattaren har leitt gjennom flyttelistene og at han der berre oppdaga dei to sønene Ole og Johan?  Sjølv bladde eg kjapt igjennom flyttelistene i føremiddag utan å sjå spor etter Karen og sonen, MEN eg kan jo sjølvsagt ha oversett dei...

 

Eg takkar igjen so mykje for hjelpi med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit godt og interessant innlegg!

 

Når eg no ser på kyrkjebokinnførsli av denne utvandringi frå1860, kan eg forstå at eg har oversett denne.  Skrifti er svært so svak, og diverre er nok ikkje augi mine lenger dei aller skarpaste....

 

Men hovudsaki er at problemet på «norsk» side no er løyst, og det stårn berre att å freista finna att sonen Johan Christian i Amerika...  Men, som eg før har sagt; det vert nok ikkje noki enkel oppgåve...

 

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.