Gå til innhold
Arkivverket

Johannes Larsson Øye i Lærdal (1754) og Ragnhild Anfindsdotter Vetti (1753) - budde i Lærdal, men forsvinn kring 1813 - kvar vart det av dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne utfordringi har føre vore presentert som ein del av følgjande emne frå 2011: https://forum.arkivverket.no/topic/173064-anfind-anfindson-vetti-i-aardal-1715-1773-huslyden-hans/?hl=%2Bragnhild+%2Banfindsdotter

 

~~~~~

 

Johannes Larsson, fødd på Lærdalsøyri i Lærdal 2.6.1754, gifte seg (andre gongen) i Lærdal 20.10.1793 med:

 

Ragnhild Anfindsdotter, fødd på garden Vetti i Årdal 10.12.1753.  Dei fekk ikkje born i lag.

 

I 1801 budde dette parfolket som husmannsfolk med jord på Gjerde under Øye i Lærdal, men dei ser ut til på vera flytte derifrå kring 1813, utan at me kan finna spor etter dei...

 

~~~~~

 

I innlegg #13 i det gamle innlegget skriv Terje Hagen følgjande:

 

~~~~~

 

Så langt finne eg ikkje nokon dødsfall på ho Ragnhild etter 1813 då desse folki forvinner for lærdølen BB.

men, eg finner ein Inderst Johannes Larssen som døyr i Prestøygarden/Prestødegarden 22. oktober 1832 76 år gamal.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverk...y&idx_side=-174
Permanent bildelenke: http://www.arkivverk...70514630141.jpg

Det eg forbinder med desse gardnamni er dei to nederste gardane på Ljøsne, Ødegård og Rikheim.
Når eg sler opp i BB for desse gardane så er ikkje Johannes nemnd der.

 

~~~~~

 

Slik er stoda framleis i dag.  Kvar i all verdi er det vorte av dette parfolket?  Om det er den rette Johannes Larsson som døydde som innerst på Prestøygarden i 1832, er ikke mogeleg å seia noko sikkert om!

 

Dette er ei stor utfordring å finna svar på, men eg våger å tru at nettopp ein eller annan i Brukarforum på Digitalarkivet kan greia finna løysingi!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 7 måneder senere...

Etter lang tid har eg i dag gjort ein ny freistnad på å finna svar på denne utfordringi som framleis står uløyst.

 

Ein Johannes Larsson under Øye døydde i Lærdal 22.11.1816, 68 år gamal.  Alderen stemmer ikkje heilt, men namn og bustad er rett, og ingen andre personar i FTLærdal 1801 høver...

 

Men Ragnhild Anfindsdotter har eg førebels ikkje finne; mellom 1805 og 1841 synest ho ikkje vera..., men diverre veit eg at nokre dødsfall i Lærdal aldri vart innskrivne i kyrkjeboki...

 

Kan ho vera avlidi mellom 1801 og 1804 eller etter 1841?

 

Redigert: Eg har no òg sjekka 1801-1804 - utan resultat.  Kan ho vera avlidi på sjukehus i Bergen??

 

Eg takkar for alle gode tips når det gjeld dødsfallet hennar Ragnhild...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.