Gå til innhold
Arkivverket

Dora Hanson - fødd i «Christiania» 1859 - dotter av Hans og B. Marie - utvandra 1880?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Stine for eit nytt interessant innlegg!

 

Eg ser dei har «tukla» litt med namni til foreldri hennar Nella, men faren var Knute N. Knutson, medan mori var første kona hans, Ingeborg Marie, kjend som Mary P. f. Urness, båe fødde i Wisconsin!

 

Det som heile tidi har undra meg, er fødselsdatoen til Dora Hanson.  Foreldri er ved vigsli oppgjevne heita Hans Andersson og Bertha Marie, tydeleg kjend som Maria, og som fødselsdato er nemnd tre ulike datoar: 16.6., 16.7. og 18.8., alle i 1859!

 

Den som visste kva som er rett...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av identiteten til Dora Hanson!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

23 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

fødselsdato er nemnd tre ulike datoar: 16.6., 16.7. og 18.8., alle i 1859!

 

Kanskje Anne Dorothea Hansdatter Aasbakken, f 16.7.1859 på Eidsvoll. 

 

Konf nr 24, https://media.digitalarkivet.no/view/497/65381/17. Foreldre er ikke oppført.

 

Hans Andersen og Berthe Marie Anundsdatter på Døli-eie er notert som foreldre på broren Bernts konfirmasjon. 

https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000406566

 

Dorthea Andersen, 16, reiste fra Eidsvoll 15.07.1881

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=emikra1&gardpostnr=38558&personpostnr=38558#nedre

 

Name: Dorthea Andersen
Arrival Date: 3 Aug 1881
Birth Date: abt 1865
Age: 16
Gender: Female
Ethnicity/ Nationality: Norwegian
Place of Origin: Norway
Port of Departure: Glasgow, Scotland and Moville, Ireland
Destination: United States of America
Port of Arrival: New York, New York
Ship Name: Circassia

 

 

 

 

 

prev_ms.gif Forrige bosted next_ms.gif Neste bosted 

  • Tellingsår: 1865
  • Kommune: Eidsvoll
  • Kommunenummer: 0237
  • Navn på bosted: Dølibaken

Antall personer registrert på bostedet: 8. Trykk på tidslinje.gif for å se på tidslinjen for personen.


  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
  Hans Andersen Husfader g Hmd med Jord 1828 Eidsvolds Prgj.  
  Marie Amundsdatter hans Kone g   1826 Eidsvolds Prgj.  
  Anton Hans.* deres Søn ug   1853 Eidsvolds Prgj.  
  Bernt Hans.* deres Søn ug   1855 Eidsvolds Prgj.  
  Dorthea Hansd.* deres Datter ug   1857 Eidsvolds Prgj.  
  Olava Hansd.* deres Datter ug   1861 Eidsvolds Prgj.  
  Maren Hansdatter deres Datter ug   1864 Eidsvolds Prgj.  
  Johannes Hansen deres Søn ug   1864 Eidsvolds Prgj.  
 
 
 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Stine for eit fantastisk og imponerande innlegg!  Eg var i eit tidlegare innlegg inne på tanken om at Dora kunne vera fødd i eit prestegjeld der kjeldene er borte eller ikkje transkribertre, og eg tok Eidsvoll som eit døme, men at ho verkeleg var derifrå...!

 

Det kan ikkje herska mykje tvil om at du har finne den «rette» jenta, og då sit me att med svar på mange av dei spørsmåli som eg opphavleg hadde:

 

* Anna Dorthea, kjend som Dora Hanson, fødd på Eidsvoll 16.7.1859 og utvandra i 1881

 

* Ho voks opp på plassen Åsbakken, òg kalla Dølibakken, under Døli

 

* Foreldri Hans Andersson og Bertha Marie, kjend som Maria Amundsdotter var plassfolk same stad

 

Då sit eg att med to spørsmål, men på grunn av sparsame kjelder, er det truleg vanskeleg å finna svari...

 

** På kva gard/plass var Hans Andersson oppvaksen?

 

** På kva gard/plass var Bertha Marie Amundsdotter oppvaksi?

 

Det finst ein eller fleire «Eidsvolls-ekspertar» i Brukarforum, so kanskje er det ein tanke å leggja desse spørsmåli ut der som eige emne!

 

PS: Dette er no gjort:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/219048-hans-andersson-1828-husmann-på-dølibakken-under-døli-på-eidsvoll-kven-var-han-og-kona-bertha-marie-amundsdotter/

 

Ein ny kjempetakk til Stine for eit imponerande innlegg som endeleg har løyst ei av dei kjempestore utfordringane for bygdebokarbeidet i Luster!

Endret av Lars E. Øyane
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.