Gå til innhold
Arkivverket

Thomas (1851) og Halvor (1853) Sjurssøner - frå Kinserdal/Urnes i Hafslo til Amerika kring 1870-1873? - finn dei ikkje i utvandringslistene!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #84116 (https://forum.arkivverket.no/topic/169450-84116-soeskenflokk-fraa-urnes-i-hafslo-til-amerika-men-kva-tid-kvar-goeymer-dei-seg/?hl=%2Bthomas+%2Bsjurson) i det gamle Brukarforum, som aldri fekk noki løysing.

 

Sjur Thomasson Kinserdal (1825-1884) og kona Guro Halvorsdotter f. Natvik (1817-1884), båe opphavleg frå Årdal, kom i 1862 til Kinserdalen under Urnes i Hafslo då Sjur fekk arbeid som sagemeister.  Guro døydde i Kinserdalen i 1884, og enkjemannen Sjur utvandra same året til Amerika, men døydde i Faribault Co., MN same hausten.  Sjur og Guro fekk fire born i lag:

 

* Thomas Sjurson (?alias Thomas Severson?), fødd i Årdal 14.5.1851, levde i Kinserdalen i 1865, men vert sidan borte.  Me trur han utvandra til Amerika kring 1870...(?), men lagnaden hans er so langt ukjend.

 

* Halvor Sjurson (alias Harvey Severson), fødd i Årdal 9.6.1853, må ha utvandra til Amerika tidleg på 1870-talet, for 6.6.1876 gifte han seg i Faribault Co., MN med Elsie Hovland frå Årdal og vart buande i Faribault Co., MN, men Harvey døydde i Minneapolis, MN 31.12.1896.  Dei fekk tretten born i lag.

 

* Synneva Sjursdotter (alias Susie Severson), fødd i Årdal 10.5.1856, utvandra til Amerika i 1875 og budde i Faribault Co., MN der ho døydde ugift 10.3.1923.

 

* Britha Sjursdotter (alias Bertha Severson), fødd i Årdal 31.8.1859, utvandra til Amerika i 1882 og døydde i Faribault Co., MN 25.10.1941.  Ho var gift med Anton Newgard frå Rendalen, og dei hadde fire born i lag.

 

Utfordringane her er:

 

** Lagnaden, eventuell utvandring, for Thomas Sjurson (Severson)?

 

** Utvandringi til Halvor «Harvey» Sjurson (Severson)?

 

Eit pussig funn frå FT1875 for Faribault Co., MN (http://interactive.ancestry.com/1058/mnsc_6-0358?pid=4347017&backurl=http://search.ancestry.com//cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DcMY1196%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26db%3DMNstatecen%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26msT%3D1%26gsln%3DSeverson%26gsln_x%3DNP_NN%26msrpn__ftp%3DFaribault%2520County,%2520Minnesota,%2520USA%26msrpn%3D1009%26msrpn_PInfo%3D7-%257C0%257C1652393%257C0%257C2%257C0%257C26%257C0%257C1009%257C0%257C0%257C%26msrpn_x%3D1%26msrpn__ftp_x%3D1%26msrdy%3D1875%26msrdy_x%3D1%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D35%26fh%3D1%26h%3D4347017%26recoff%3D11%26ml_rpos%3D2&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=cMY1196&_phstart=successSource&usePUBJs=true) er dette:

 

SEVERSON, Harvey  18 years  Norway

SEVERSON, Charles  30 years  Norway

 

I FT1885 for Faribault Co., MN (http://interactive.ancestry.com/1058/mnsc_25-0293?pid=4692509&backurl=http://search.ancestry.com//cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DcMY1202%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26db%3DMNstatecen%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26gsln%3DSeverson%26gsln_x%3DNP_NN%26msrpn__ftp%3DFaribault%2520County,%2520Minnesota,%2520USA%26msrpn%3D1009%26msrpn_PInfo%3D7-%257C0%257C1652393%257C0%257C2%257C0%257C26%257C0%257C1009%257C0%257C0%257C%26msrpn_x%3D1%26msrpn__ftp_x%3D1%26msrdy%3D1885%26msrdy_x%3D1%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D35%26fh%3D0%26h%3D4692509%26recoff%3D9%26ml_rpos%3D1&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=cMY1202&_phstart=successSource&usePUBJs=true) finn eg ikkje nokon Charles, men derimot er:

 

SEVERSON, Harvey  30 years  Norway

med familie samt

SEVERSON, Susie  28 years  Norway

 

busette i lag.

 

Eg ser at Halvor i kyrkjebøkene for South Blue Earth parish, Faribault Co., MN stadig opptrer som «Halvor Thompson», men eg har no gått gjennom alle barnedåpane og finn IKKJE Thomas nemnd som faddar ein einaste gong!

 

Eg ville setja overmåte stor pris på kvart einaste vesle tips om utvandringane til dei to brørne og takkar so mykje på førehand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finner en Thomas Sivertson/Seaverson/Sivertson i Hennepin, Minnesota.

Giftemål 15.03.1877 med Julia J Smith.

 

I telling 1880 

er han født ca 1850 og kona er født ca 1856

De har barna Samuel på 3 år og Alfred på 10 mnd.

Occupation Tends Mason

 

I telling 1895

er hans alder oppgitt til 43 år, født ca 1852.

 

I telling 1920

har han blitt 73 år og bor sammen med sønnen Samuel og hans kone som også het Julia E. f. 1881 og barnebarna T. Bradson 17 år og Selma 16 år.

Han er enkemann og jobber som maskinist i egen butikk. Adresse er Battle Lake, Otter Tail, Minnesota

 

Endret av Eva Tomter
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Eva for eit spennande og utfordrande innlegg!

 

No har eg studert denne huslyden lite vetta nærare, og eg har finne følgjande:

 

Thomas Severson

fødd 23.1.1849

døydde 9.1.1896

 

Julia Severson, f. Smith

fødd 13.6.1855

døydde 16.6.1928

 

Dei budde i 1895 i Anoka Co., MN og ligg gravlagde på Glen Cary Lutheran cemetery i Ham Lake, Anoka Co., MN: http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&db=FindAGraveUS&h=63624354&tid=&pid=&usePUB=true&_phsrc=cMY1241&_phstart=successSource&usePUBJs=true&rhSource=6742

 

Fleire av borni deira hadde namn som var påfallande like namni til borni etter Halvor «Harvey» Severson, og eg ser at fleire ættetavler på ancestry.com oppgjev fødselsdatoen til Thomas til 23.6., og årstali varierer mellom 1849 og 1852!  Han vert oppgjeven fødd i BERGEN (dvs. Hordaland eller Sogn og Fjordane!), medan kona oppgjeven som Julia Gurine Margrethe Smith skal vera fødd i TRONDHEIM.

 

Er dette «vår» Thomas??

 

Når det gjeld den Thomas Severson på 73 år som i 1920 budde i Otter tail Co., MN, so er nok det denne frå FT1880: http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&db=1880usfedcen&h=32888186&tid=&pid=&usePUB=true&rhSource=7884

 

Alt i 1880 var han i Otter tail Co., MN, og sonen Samuel var då 8 år gamal.  FT1900 fortel oss at Thomas var fødd i Noreg i oktober 1846 og utvandra i 1869.

 

Eg trur me kan sjå bort ifrå denne siste Thomas som «aktuell».

 

For å gå attende til den første Thomas, so ser eg at kona hans verkerleg var frå Trøndelag.  Ho må vera identisk med denne:

 

Gurine Margrethe, fødd i Mære sokn i Sparbu, Nord-Trøndelag 13.6.1855 og døypt same stad 19.8.1855 som dotter av husmann Joachim Antonius Andreasson Aalbergplads og kona Elen Olsdotter

 

https://media.digitalarkivet.no/view/2491/50

 

Her stemmer datoen nøyaktig!

 

So attende til Thomas: Fleire etterkomarar har tydeleg gjort store freistnader på å finna opphavet hans, og nokre spennande opplysningar kjem fram, særleg denne:

 

* Naturalization record frå Minneapolis, MN dagsett 1878 seier mellom anna: «I, Thomas Severson, do hereby, upon my oath, declare that I first arrived in the United States on or about the 2d day of July in the year A.D. 1871, and that I have, ever since that time, continued to reside in the United States».

 

* Huslyden budde i Minneapolis, Hennepin Co., MN til dei kring 1883 flytte til Ham Lake, Anoka Co., MN.

 

Eg har leitt hjå FamilySearch, men finn ingen Thomas Sjurson/Syverson eller liknande fødde kring 1849-1852, kanskje bortsett ifrå ein:

 

* Torsten Sevatson, fødd på Råen på Ål 11.6.1852: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038088002195

 

Eg har etter kvart ganske so god tru på at du Eva kan ha finne den rette Thomas, men eit element som eg trur ville vera ganske so avgjerande, er om UTVANDRINGI hans kunne finnast!?  Kanskje det finst ei skipsliste ein eller annan stad??

 

Her følgjer ei oversikt over borni til Thomas og Julia:

 

a. Severin Samuel Severson, f. i Minneapolis, MN 30.6.1877, d. i Stevensville, MT 18.7.1965

 

b. John Alfred Severson, f. i Minneapolis, MN 21.7.1879, d. i Anoka, MN 18.1.1954

 

c. Thomas Martin Severson, f. i Minneapolis, MN 13.10.1881, d. i Otter tail Co., MN 23.12.1957

 

d. Emma Mathilde Severson, f. i Anoka Co., MN 2.10.1883, d. i Pine Co., MN 18.4.1958

 

e. og f. Tvillingar Severson, f. og d. i Anoka Co., MN 7.10.1885

 

g. Chris John Severson, f. i Anoka Co., MN 19.8.1886, d. i Anoka Co., MN 25.7.1887

 

h. Christian Severson, f. i Anoka Co., MN 29.5.1888, d. i Bruno, MN 26.10.1964

 

i. Ole Ingear Severson, f. i Anoka Co., MN 30.8.1890, d. i Minneapolis, MN 10.10.1954

 

j. Elmer Marius Severson, f. i Anoka Co., MN 20.12.1892, d. i Detroit, MI 21.5.1945

 

k. Gertrude Marie Severson, f. i Anoka Co., MN 8.3.1895, d. i Salt Lake City, UT 6.3.1941

 

Eg takkar på ny for spennande innlegg og god hjelp.  No ventar eg spent på om dette kan provast...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth for nytt spennande innlegg!

 

Ingen tvil om at opphavet til Gurine Margrethe er «på plass», men kanskje utvandringi hennar til Amerika ogso kan finnast?

 

Men det store spørsmålet er jo framleis om det verkeleg er den «rette» Thomas Severson Eva fann i går...

 

Eg takkar igjen for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dei budde i 1895 i Anoka Co., MN og ligg gravlagde på Glen Cary Lutheran cemetery i Ham Lake, Anoka Co., MN:http://search.ancest...e&rhSource=6742

 

Legger inn samme gravstedsregistrering fra Find A Grave:

http://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GSln=severson&GSfn=thomas&GSbyrel=all&GSdyrel=all&GSob=n&GRid=94797947&df=all&

 

http://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GRid=94798452

 

"FORMER HAM LAKE RESIDENT PASSES AWAY

Mrs. Julia Severson died June 16th, aged 73 years and 3 days. Julia Swenson was born in North Trandjen, Town of Sparbo, Norway, June 13, 1855, and came to America when sixteen years of age, in 1871. In 1876 she was married to Thomas Severson and eleven children came to bless the union, and eight survived her. The three who passed on died in infancy. Of the surviving children, all were at the funeral except Mrs. Wm. Knibbe of Salt Lake City, Utah, who was unable to come because of illness in the family. The children are: Samuel, Pompeys Pillar, Mont.; Alfred, Minneapolis; Thomas, Henning, Minn.; Mrs. Jos. Smith, Minneapolis; Christ, Grasston; Ole, Constance; Elmer, Elmhurst, Ill.; and Mrs. Wm. Knibbe, Salt Lake City. There are also twenty-six grandchildren, one sister, Mrs. O. S. Johnson, and one brother, J. O. Smith of Henning, Minn. Mr. Severson died 32 years ago and Mrs. Severson was left with eight children, the oldest 19 and the youngest ten months.
Mrs. Severson had been a member of Glencary church, and lived in Ham Lake and Grow for forty-five years. She was known as a woman of kindly heart, a good neighbor and a conscientious devout mother.
Funeral services were held at the mortuary in Minneapolis and at Glen Cary church, and interment was in the Glen Cary cemetery beside her husband. Rev. A. S. Berg preached the funeral sermon and the floral tributes were beautiful and most lavish. The pall bearers were P. Palm, John Ness, Martin Nelson, Axel Magnuson, Walter Smith and Peter Olson."
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt interessant innlegg!

 

Her får me ei stadfesting av opphavet til Gurine «Julia» og oversyn over dei mange borni hennar.  Hadde me berre hatt noko liknande for mann hennar...

 

Det var ein annan huslyd med tilknytting til Hafslo som budde i same område i Anoka Co., MN, og eg vil i dag freista få kontakt med kyrkjelyden der desse folki hadde tilhald, eventuelt med folkeregisteret i Anoka Co., MN for å få undersøkt dødsattesten til Thomas.

 

Eg takkar elles på ny so mykje for hjelpi med denne huslyden!

 

PS: (redigert):  Den Torsten Sevatson som eg nemnde ovanfor som fødd på Ål i Hallingdal i 1852, kan endeleg «avskrivast» som kandidat, då han gifte seg på Ål 24.11.1876 med ei Mari Olsdotter!

 

Name Tosten Sevatsen

Spouse's Name Mari Olsdr

Event Date 24 Nov 1876

Event Place Aal,Buskerud,Norway

Father's Name Sevat Sevatsen

Spouse's Father's Name Ole Sevatsen

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

No har eg vore i kontakt både med den norsk-lutherske kyrkja der Thomas Severson var medlem, og ogso med det lokale folkeregisteret.  Eg ventar svar frå dei båe ut i neste veke, so får me sjå...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Diverre har eg enno ikkje fått fleire opplysningar om Thomas Severson i Anoka Co., MN.  Dødsfallet hans er ikkje registrert hjå det lokale folkeregisteret, og heller ikkje finn dei gravferdi hans i den lokale kyrkja.  Det kan sjå ut som om han døydde ein annan stad, kan henda på eit sjukehus i Minneapolis, MN?

 

Eg ser av dokument på ancestry.com at spørsmålet om opphavet til Thomas Severson har vore drøfta mellom etterkomarane til Thomas, og eg har no teke opp kontakt med eit par av dei.  Eg har svært stor tru på at dette er den «rette» Thomas, og når me ser at fleire av ættetavlene opererer med fødselsdatoen 23.6.1852, so skal me hugsa at «vår» Thomas vart døypt 22.6.1851!

 

Me får sjå kva som kjem fram frå Amerika...

 

Elles er eg sjølvsagt òg svært interessert i eventuelle forslag om andre norske «kandidatar» for Thomas Severson...

 

Nok ein stor takk for hjelpi med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

?

Thomas Sjursen Lægreide f. 14.05.1851 er innført i Militær loddtrekningsliste for Bergen ca 1860 - 1890

 

 Han var i Sverige i 1879: Svenske husholdningsundersøkelser, 1880 – 1920 - Thomas Sjursen Legreid
Skaraborgs - Karlsborgs garnisonsförsamling AI 34 - Side 150

 

Thomas Sjursen Legreid
Født: 14 mai 1851
Aardal Pr.gj Norge
Bosted: Mellom 1876 og 1885
Karlsborgs garnisonsförsamling, Skaraborgs, Västergötland, Sweden
Slektskap til overhode: Ledig
Bok
Land: Sweden Bok: Karlsborgs garnisonsförsamling AI 34, 1876 - 1885
Provins: Västergötland Side: 150
Fylke: Skaraborgs 
Sogn: Karlsborgs garnisonsförsamling 

 

 

 

Endret av Lars Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for ei svært so spennande og for meg oppsiktsvekkjande melding!

 

Diverre har ikkje denne loddtrekningslista nokon nærare dato.  Om lista er frå før 1871, kan det vera same mann som Thomas Severson i Anoka Co., MN!

 

Eg har elles i dag motteke ei melding frå ein etterkomar i Amerika, som frå gamle «overleveringar og tradisjonar» innan familien er ganske so sikker på at Thomas var frå «Bergen»...

 

Redigert: Eg skreiv denne meldingi før eg las resten av det redigerte innlegget frå Lars J., og eg har alt sendt eit spørsmål i Arkivforum til Statsarkivet i Bergen om nærare detaljar kring innførsli i den militære loddtrekningslista.  No ser eg at Thomas Severson i Minnesota IKKJE kan vera Thomas Sjurson Lægreid, og eg er sjølvsagt no svært so oppteken av å finna ut kva som skjedde med Thomas i Sverige!?  Let det seg gjera å finna ut noko meir??

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for eit nytt utfordrande innlegg!

 

Denne Thomas Legreid i Brush Creek township, Faribault Co., MN 1880 ser forbløffande lik ut, men diverre; dette er ein annan person.  Følgjande vigsel fann stad i South Blue Earth Lutheran church, Faribault Co., MN 29.9.1878:

 

Thore Hermundson Lægreid, 26 1/2 år gamal

Eli Johannesdotter Nundahl, 22 år gamal

 

Etter kva Lars J. fann ovanfor må Thomas Sjurson på den tidi ha butt i Sverige, men er det mogeleg å finna ut noko meir om lagnaden hans der?

 

Eg held fingri krossa og vonar på nye spennande funn!

 

Nok ein kjempetakk for all god hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for det siste interessante innlegget om Thomas!

 

Kvar kan Thomas ha vore ved FT1875?  I alle fall er han frå 1876 i Sverige, og so vidt eg forstår, var han gardist i Stockholm før han vart knytt til militærgarnisonen Karlsborg i Västergötland?  Eg ser av google-maps at festningen ligg nydeleg til på vestsida av Vättern.

 

Kan Thomas ha gift seg i Sverige og stifta familie?

 

Eg takkar igjen for alle nye spennande bidrag om denne Thomas...!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter at det har synt seg at Thomas Sjurson (Lægreid) flyutte som soldat til Sverige, har eg oppretta eit eige emne med ein ny titel i von om at eg på det viset kan fanga merksemdi hjå fleire «svenske-ekspertar».

 

https://forum.arkivverket.no/topic/202960-thomas-sjurson-l%C3%A6greid-f%C3%B8dd-i-%C3%A5rdal-1851-soldat-til-sverige-i-1876-karlsborg-garnison-kring-1880-lagnaden-hans/

 

Men framleis manglar me opplysningar om utvandringi til Halvor Sjurson (Harvey Severson).  Er det mogeleg å finna denne?

 

Eg takkar igjen for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Thomas Sjurson (Lægreid) er jo etter kvart vorten eit tema for seg, men eg vil gjerne få komma attende til broren:

 

* Halvor Sjurson (Lægreid), fødd i Årdal 9.6.1853.

 

Me veit at Halvor gifte seg i Minnesota 6.6.1876 med Elsa Eriksdotter Hovland frå Årdal, men eldste barnet deira er født alt 10.10.1876, so Halvor må ha vore i Amerika seinast hausten/vinteren 1875/1876!!

 

No er følgjande flyttemelding dukka opp i kyrkjeboki for Hafslo:  https://media.digitalarkivet.no/view/6870/85

 

Halvor Sjurson Lægreid - Kinzerdahl fekk altso først på året i 1873 ein flytteattest hjå soknepresten i Hafslo der det kjem fram at han var flytt fire år før og at han hadde vore i skomakarlære i Bergen!

 

Denne attesten bør då gje oss all mogeleg grunn til å tru at Halvor må ha utvandra i 1873, 1874 eller 1875!

 

Han er ikkje i passasjerlistene over New York eller Quebec registrerte i Digitalarkivet, og heller ikkje mellom dei utvandra over Bergen i 1875!  Kvar kan han so vera registrert??

 

Det hadde vore kjempeflott å finna ut kva år Halvor utvandra, og eg takkar nok ein gong so mykje for all hjelp til å finna svaret på denne gåten!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.