Gå til innhold
Arkivverket

Sølfest Johan Skjolden - fødd i Luster 1881 - til Amerika 1882 - døydde Peoria, IL 1947 - huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i kveld ei ny utfordring frå Amerika som eg står «bom fast» på.  Kanskje andre har betre auge eller tankar kring denne huslyden enn eg?

 

Sølfest Johan (Torbjørnson) Skjolden, fødd i Luster 27.4.1881, utvandra til Amerika i 1882 i lag med mor si, Johanna Olsdotter Steig, fødd i Luster 23.9.1849.  Eg ser ikkje noko til dei i FT1900, men i 1910 bur mor og son til huse på ein farm i Franklin township, Vernon Co., WI.

 

Sølfest Johan, i Amerika vanlegvis kjend som Sylvester John eller John S. Sholden, Sjolden eller Skjolden, gifte seg første gongen i Dunn Co., WI 21.12.1911 med Rosa Marie Peterson, fødd i Dunn Co., WI 9.12.1893 av trøndske foreldre.  Dei budde i Wheeler, Dunn Co., WI, men vart skilde alt i 1915, og Rose døydde i Eau Claire, WI 3.9.1922.  Dei fekk to born i lag:

 

* Susanna Marie Sjolden, fødd i Dunn Co., WI 5.5.1913, budde hjå mori i 1920 og hjå faren i 1930

 

* Richard Emil Sjolden alias Richard Peterson, fødd i Dunn Co., WI 24.2.1915, døydde i San Francisco, CA 12.5.1945 - gift, men barnlaus

 

Sylvester John vart buande i Dunn Co., WI i alle fall til ut på 1930-talet.  I 1920 var mori framleis med han, men ho flytte sidan til Minneapolis, MN der ho døydde 30.6.1931.  Sylvester John «forsvinn» frå Dunn Co., WI på midten av 1930-talet, og me ser ikkje noko meir til han før han i 1944 dukkar opp i ein adressebok i Peoria, IL som gift med ei ny kone, Minnie L., og under namnet Sylvester John Skjolden døydde han i Peoria, IL 16.7.1947.  Kona Minnie f. Bennet ser me ikkje noko meir til...

 

Dotteri Susanna «Susan» gifte seg i Dunn Co., WI 21.11.1933 med Oliver Fortney, og dei fekk ein son Michael, men då Michael var 8 år gamal, reiste mori frå mann og son, og dei såg aldri meir til ho (denne utsegni fekk eg frå sonen personleg for over 30 år sidan!)!

 

MEN, det harcv i ettertid synt seg at Susan Skjolden i 1947 ogso var busett i Peoria, IL der ho med ein George Jewell fekk ei dotter som døydde 2.2.1947, truleg kort etter fødsli!

 

Ein skikkeleg «fargerik» familie dette, so kanskje ikkje so underleg at eg har vanskar med å følgja dei.

 

No har eg følgjande spørsmål:

 

** Er det mogeleg å finna ein obituary for Sylvester John Skjolden frå Peoria, IL 1947?

 

** Kva med opplysningar om Sylvester John og andre kona Minnie L. Bennet - vigsel - kven var ho, mm?

 

** Er det mogeleg å finna att Susan Skjolden Jewell etter 1947?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for kjapt og interessant svar!

 

Dette WW2 draftet har eg oversett, men det er interessant på fleire vis:

 

* Sylvester John gifte seg med Minnie FØR han flytte til Peoria, IL

 

* Han bør ha vore i Dunn Co., WI i 1940, men eg finn han ikkje...

 

Derimot finn eg Oliver og Susan Fortney i 1940 med sonen Michael.  Dei bur då i Detroit, MI, men bustaden er oppgjeven i 1935 til Wheeler, WI!

 

http://interactive.ancestry.com/2442/M-T0627-01844-00465?pid=83264624&backurl=http://search.ancestry.com//cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DcMY1460%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26db%3D1940usfedcen%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26gsln%3DFortney%26gsln_x%3DNP_NN%26msrpn__ftp%3DDunn%2520County,%2520Wisconsin,%2520USA%26msrpn%3D928%26msrpn_PInfo%3D7-%257C0%257C1652393%257C0%257C2%257C0%257C52%257C0%257C928%257C0%257C0%257C%26msrpn_x%3D1%26msrpn__ftp_x%3D1%26_83004003-n_xcl%3Df%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D35%26fh%3D4%26h%3D83264624%26recoff%3D%26ml_rpos%3D5&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=cMY1460&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Spennande familie!  Eg takkar på ny so mykje for hjelpi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

 

Richard Emil ?

Richard Emil Peterson
 in the U.S., Evangelical Lutheran Church of America, Records, 1875-1940
Record Image VIEW
Add alternate information
Report issue
Name: Richard Emil Peterson
Event Type: Confirmation
Birth Date: 24 Feb 1915
Confirmation Date: 30 Jun 1929
Father: Soefest Sjolden
Mother: Rosa Sjolden
Church Name: Our Savior
Church Location: Wheeler, Wisconsin
 
 
Richard Emil Peterson
 in the Montana, County Marriages, 1865-1950
 
Report issue
Name: Richard Emil Peterson
Gender: Male
Age: 25
Birth Date: 1915
Marriage Date: 5 Oct 1940
Marriage Place: Wolf Point, Roosevelt, Montana
Father: John Shalden
Mother: Rosa Marie Peterson
Spouse: Olive Joyce Marquardt
 
 
 
 
Richard Emil Peterson
 in the California, Death Index, 1940-1997
Add alternate information
Report issue
Name: Richard Emil Peterson
Gender: Male
Birth Date: 24 Feb 1915
Birth Place: Wisconsin
Death Date: 12 May 1945
Death Place: San Francisco
 
Richard Emil Peterson
 in the U.S., Headstone Applications for Military Veterans, 1925-1963
Record Image VIEW
Add alternate information
Report issue
Name: Richard Emil Peterson
Birth Date: 24 Feb 1915
Death Date: 12 May 1945
Cemetery: Poplar Cemetery
Cemetery Location: Poplar, Montana
 
Mette

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

 

Richard E Peterson
 in the 1930 United States Federal Census
Record Image VIEW
View blank form
Add alternate information
Report issue
Name: Richard E Peterson
Birth Year: abt 1915
Gender: Male
Race: White
Birthplace: Wisconsin
Marital Status: Single
Relation to Head of House: Grandson
Home in 1930: Wheeler, Dunn, Wisconsin
Map of Home: View Map
Dwelling Number: 41
Family Number: 42
Attended School: No
Able to Read and Write: Yes
Father's Birthplace: Norway
Mother's Birthplace: Wisconsin
Able to Speak English: Yes
Neighbors: View others on page
Household Members:
Name Age
Ole Peterson 74
Emma C Peterson 73
Richard E Peterson 15
 
 
 
Richard Peterson
 in the 1940 United States Federal Census
Record Image VIEW
View blank form
Add alternate information
Report issue
Name: Richard Peterson
Respondent: Yes
Age: 25
Estimated birth year: abt 1915
Gender: Male
Race: White
Birthplace: Wisconsin
Marital Status: Single
Relation to Head of House: Partner
Home in 1940: Poplar, Roosevelt, Montana
Map of Home in 1940: View Map
Inferred Residence in 1935: Rural, Dunn, Wisconsin
Residence in 1935: Rural, Dunn, Wisconsin
Resident on farm in 1935: No
Sheet Number: 8B
Occupation: Attendant
Attended School or College: No
Highest Grade Completed: High School, 4th year
Hours Worked Week Prior to Census: 60
Class of Worker: Wage or salary worker in private work
Weeks Worked in 1939: 52
Income: 700
Income Other Sources: No
Neighbors: View others on page
Household Members:
Name Age
Alfred Kamson 31
Richard Peterson 25
 
 
 
 

Richard sin enke ?

Olive Joyce Peterson
 in the Montana, County Marriages, 1865-1950
 
Report issue
Name: Olive Joyce Peterson
[Olive Joyce Marguardt] 
Gender: Female
Age: 31
Birth Date: 1919
Marriage Date: 31 Dec 1947
Marriage Place: Roosevelt County, , Montana
Father: Gus Marguardt
Mother: Ethel Rodgers
Spouse: Norman Harry Voorhees
 
Olive Joyce Voorhees
 in the U.S., Find A Grave Index, 1600s-Current
 
Go to website
Want to get involved? Click here!
Report issue
Name: Olive Joyce Voorhees
Birth Date: 3 Oct 1919
Birth Place: Poplar, Roosevelt County, Montana, USA
Death Date: 8 Oct 2008
Death Place: Sidney, Richland County, Montana, USA
Cemetery: Poplar Cemetery
Burial or Cremation Place: Poplar, Roosevelt County, Montana, USA
Has Bio?: Y
 
 
Mette
Endret av Mette R Francke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

 

Trulig ingen etterkommere etter Richard

http://billingsgazette.com/lifestyles/announcements/obituaries/joyce-voorhees/article_6165ac6d-33d7-5555-9e0e-a204cd9d154e.html

Olive "Joyce" Marquardt was born on Oct. 3, 1919, to parents August and Ethel (Rodger) Marquardt. She grew up and attended school in Poplar, graduating with the class of 1938. She married Richard Peterson in Poplar in 1941. Richard died while serving in the United States Navy. Joyce married the love of her life, Norman H. Voorhees, on Dec. 31, 1947, in Poplar. To this union, five children were born: two boys and three girls

Så barna som er nevnt her og å¨findagrave er fra ekteskap nr 2.

 

 

Mette

Endret av Mette R Francke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Mette for fleire interessante og nyttige innlegg!

 

Richard Emil voks altso opp hjå besteforeldri sine, men døydde barnlaus.  Då er ogso han «på plass», og eg har igjen oppdatert manuskriptet i innlegg #1...

 

Nok ein kjempetakk for god hjelp for å få denne huslyden komplettert!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

 

Oliver J Fortney
 in the Michigan, Divorce Records, 1897-1952
Record Image No Image
Text-only collection
 
Purchase Certificate
Add alternate information
Report issue
Name: Oliver J Fortney
Birth Year: abt 1901
Age: 42
Marriage Date: 21 Nov 1933
Marriage Place: Ohio
Decree Date: 30 Mar 1943
Decree Place: Wayne
Spouse Name: Sue M Fortney
State File Number: 82102877
Docket Number: 316523
Divorce Status: Granted
 
 
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Mette for eit nytt interessant innlegg!

 

Då vart altso Oliver og Susan skilde i Detroit, MI i 1943, so Michael var nok berre eit par år gamal då mori forsvann...

 

Brikkene fell på plass, litt etter litt, og eg takkar på ny for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No har eg motteke frå Amerika ein kopi av dødsattesten til Sylvester John Skjolden frå Peoria, IL.  Det er ikkje mykje den seier bortsett ifrå eit faktum:

 

Kona Minnie f. Bennett oppgjev alderen sin i 1947 til 47 år!  Ho må altso vera fødd kring 1900, men om dette hjelper oss noko på veg...?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

 

En mulighet

Minnie Bennet
Name: Minnie Bennet
[Minnie Bennitt] 
Age: 1
Birth Date: Mar 1899
Birthplace: Minnesota
Home in 1900: La Crosse Ward 15, La Crosse, Wisconsin
Race: White
Gender: Female
Relation to Head of House: Daughter
Marital Status: Single
Father's name: Frank H Bennet
Father's Birthplace: New York
Mother's name: Minnie Bennet
Mother's Birthplace: Illinois
 
Household Members:
Name Age
Frank H Bennet 37
Minnie Bennet 32
Harry Bennet 10
Raymond Bennet 8
Mattie Bennet 6
Ira Bennet 4
Minnie Bennet 1
 
Mette
 
Endret av Mette R Francke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Hei

 

En mulighet

Minnie Bennet
Name: Minnie Bennet
[Minnie Bennitt] 
Age: 1
Birth Date: Mar 1899
Birthplace: Minnesota
Home in 1900: La Crosse Ward 15, La Crosse, Wisconsin
Race: White
Gender: Female
Relation to Head of House: Daughter
Marital Status: Single
Father's name: Frank H Bennet
Father's Birthplace: New York
Mother's name: Minnie Bennet
Mother's Birthplace: Illinois
 
Household Members:
Name Age
Frank H Bennet 37
Minnie Bennet 32
Harry Bennet 10
Raymond Bennet 8
Mattie Bennet 6
Ira Bennet 4
Minnie Bennet 1
 
Mette

 

 

Frank H Bennet
United States Census, 1900
Name Frank H Bennet Event Type Census Event Year 1900 Event Place La Crosse city Ward 15, La Crosse, Wisconsin, United States Gender Male Age 38 Marital Status Married Race White Race (Original) W Relationship to Head of Household Head Relationship to Head of Household (Original) Head Years Married 12 Birth Date Sep 1862 Birthplace New York Marriage Year (Estimated) 1888 Father's Birthplace New York Mother's Birthplace New York
HOUSEHOLD ROLE GENDER AGE BIRTHPLACE

 

Frank H Bennet

Head M 38 New York

 

Minnie Bennet

Wife F 33 Illinois

 

Harry Bennet

Son M 10 Iowa

 

Raymond Bennet

Son M 8 Wisconsin

 

Mattie Bennet

Daughter F 6 Illinois

 

Ira Bennet

Son M 4 Wisconsin

 

Minnie Bennet

Daughter F 1 Minnesota

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MMVH-L7J

 

----

 

Mattie Bennett
Illinois, Cook County, Birth Certificates

Name Mattie Bennett Event Type Birth Event Date 11 May 1894 Event Place Chicago, Cook, Illinois, United States Registration Place , Cook, Illinois Gender Female Ethnicity American Race White Father's Name Frank Howard Bennett Father's Birthplace Illinois Father's Age 32 Father's Estimated Birth Year 1862 Mother's Name Millie Alene Hume Bennett Mother's Birthplace N. York City Mother's Age 35 Mother's Estimated Birth Year 1859 Certificate Number 1680

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NQTZ-T2K

 

----

 

Anton Ira Bennett
Wisconsin Births and Christenings
Name Anton Ira Bennett Gender Male Birth Date 29 May 1896 Birthplace La Crosse City, La Crosse, Wisconsin Race White Father's Name Frank Bennett Father's Birthplace New York City, New York Mother's Name Minnie Alene Hume Mother's Birthplace Eria, Penn.

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:XRD5-QYL

 

 

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Mette og Ann-Mary for nye interessante innlegg!

 

Sidan Minnie er oppgjevi i dødsattesten med namnet Minnie f. Bennett, lyt me tru at dette var jentenamnet hennar, og «kandidaten» din, Mette, frå La Crosse, WI 1900 (og ogso i 1905) er svært relevant!

 

Eg har ogso finne ei anna som godt KAN vera same jenta:

 

1940: Miami Beach, Dade Co., FL:

Minnie L. BENNETT, 41 years, divorced nurse, born MN

residence 1935: Joliet, Will Co., IL

Age at 1st marriage: 19 years old

Children born: 3

 

Ho leigde eit hus i lag med:

Mrs. Viola S. RUBENS, 38 years, born IL

som i 1935 òg budde i Joliet, Will Co., IL

 

Det ser ut som om Minnie var der for å pleia denne Viola, men opphaldet varte ikkje lenge, for i 1942 var Viola attende hjå mann sin, Claude B. Rubens, i Joliet, IL.  Dei hadde gift seg i Chicago, IL 5.5.1920, og jentenamnet hennar var Scholl.

 

~~~~~

 

MEN, medan eg sat og arbeidde med denne saki, dukka det nettopp opp ein epost frå Amerika, der eg på NORWAY-lista hadde lagt ut eit spørsmål om obituary etter Sylvester John Skjolden, og det ser ut til at me lyt revidera tankane våre kring Minnie Bennett:

 

Her er kva Sarah Thorson Little skriv om denne saki:

 

~~~~~

 

Lars,
Minnie had lots of marriages --like Seven!! And in 1940 Minnie and Sylvester weren't together yet. This is what I found:

Minnie Lila Bennett was born March 15, 1900 in Schuyler County, Missouri to Jesse Bennett and  Maggie May (Ives) Bennett. She married first to     Herbert Sommer on April 13, 1918 in Emmetsburg, Palo Alto, Iowa; Herbert died during World War I on November 10, 1918. She married second to Willie C. Scherer on February 5, 1920 in Storm Lake, Buena Vista, Iowa; They had two children Grace born in 1921 and Jessie in 1922. She married third to Floyd Brown on July 21 1927 in Osceola, Kingsbury, South Dakota. Minnie and Floyd Brown had children born in Murray county, Minnesota and Wisconsin [Alice and Wanda (twins), Ruth, Lila and Frances.

In 1940, Floyd and Minnie are living in Wheeler, Dunn, Wisconsin. [1940 Census: Wheeler, Dunn, Wisconsin; Roll: T627, Roll 4476; Page: 3A; ED 17-36.] Their neighbor is no other than Sylvester John Skjolden. [1940 Census: Wheeler, Dunn, Wisconsin; Roll: T627, Roll 4476; Page: 4B; ED 17-36.] He is indexed as “Sylvester Sholder,” a widower born in Norway. It looks like she left Floyd and married husband #4 Sylvester by April 27, 1942 [draft registration date for Sylvester] and went to Peoria where they first show up in 1943.  Perhaps she divorced and took her children with her to Peoria.

Sylvester dies in 1947 and Floyd returns and lives with Minnie in Peoria per directories [husband #5].  Floyd Brown then dies in Peoria in 1954. By 1955 she is married to husband #6 Orien Blackard. She then separates from him and remarries him in marriage #7 on February 2, 1962 in Carson City, Nevada. Orien then died in Peoria on May 12, 1963. Minnie died under the name of Minnie Blackard  in June 1973 [Minnie Blackard, SSN: 325-56-0792, Last Residence: 61604 Peoria, Peoria, Illinois,; BORN:     15 Mar 1900 Died: Jun 1973]
She is buried, however, alongside her third and fifth husband, Floyd Brown in Combs Cemetery in Peoria County, Illinois.

http://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GRid=81673908 To make it interesting all of her husbands [William Scherer, Floyd Brown, Sylvester John Skjolden and Orien Blackard] with the exception of Herbert Sommer are all buried in Peoria County, Illinois!

 

~~~~~

 

Litt av ei dame denne Minnie!! 

 

MEN, medan problemet kring Minnie L. Bennett synest vera løyst, er det framleis eit mysterium kvar det vart av dotteri til Sylvester John, Susanna Marie Skjolden Jewell...

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden og ser med stor glede at hòli i manuskrtiptet mitt vert fyllte, eitt etter hitt...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

 

Ja   hvor blir det av Susanna M ?

 

Mange muligheter ( ser mye på krim )

 

- Stikker av fra mann og barn , og lever under falskt navn resten av livet-

- Forsvinner ikke frivillig , men er utsatt for en kriminell handling.

- Blir vervet og blir spion.

- Mister hukommelsen.

- Blir med i en sekt.

 

Du har sikkert disse to.

 

U.S., Evangelical Lutheran Church of America, Records, 1875-1940
BIRTH, BAPTISM & CHRISTENINGView Image
NAME: Susanna Maria Sjolden
BIRTH: 5 May 1913
BAPTISM: 18 Jun 1913 - Wheeler, Wisconsin
VITAL: 18 Jun 1913
U.S., Evangelical Lutheran Church of America, Records, 1875-1940
BIRTH, BAPTISM & CHRISTENINGView Image
NAME: Susanna Marie Shulsen
BIRTH: 5 Apr 1913 - Hay River
BAPTISM: 20 May 1913
VITAL: 2 Dec 1929
OTHER: 2 Dec 1929
 
Mette
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Mette for nye spennande innlegg!

 

Jau, det ser ut som om ogso Susanne Marie har litt av ei «merittliste» bak seg.  Skilsmissepapiri hennar frå Detroit, MI har eg ikkje sett, og eg veit ikkje kor lett det er å få tak i dei, eller om dei vil fortelja oss so mykje utover orsakene til skilsmissa....  Eg har sett mange skilsmissedokument frå Amerika, det eine meir «fargerikt» enn det andre...

 

Det var forresten pussig med avviket i både fødsels- og dåpsdato for Susanne Marie mellom fødsel og konfirmasjon!  Det er jo same jenta!  Men om du ser litt nærare på konfirmasjonen frå 1929, tykkjer eg fødselsdatoen likevel ser ut som 5.5....

 

Men kvar har ho gjort av seg etter 1947?  Kanskje finn me aldri ut av det...?

 

Eg takkar nok ein gong for hjelpi med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

 

Vet du om Susan/Susanna/Sue er nevnt ved farens død ?

 

Har du prøvd city hall og bibliotek om de kan hjelpe deg med obit. og testamente etter faren.

 

Mvh

Mette 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Mette for nytt innlegg!

 

Jau, alt i aftes hadde eg ein lengre samtale med ein «genealogy expert» ved Peoria Public Library i Peoria,IL.  Han fekk dei naudsynte opplysningane hjå meg og skulle undersøkja saki nærare.  Sentralt står spørsmålet  om ein «obituary» etter Sylvester John Skjolden.

 

Men me har òg eit anna problem:  Frå WW2 draftet 1942 får me opplyst at Sylvester John Skjolden då var gift med Minnie, MEN adresseboki for Peoria, IL frå 1946 syner at Floyd F. Brown då framleis var gift med Minnie!!  Derimot syner adresseboki for Peoria, IL frå 1952 at Floyd F. Brown då IKKJE var gift.  Han døydde i 1954, og Minnie er gravlagd attmed han!  Pussig nok: Adresseboki for Peoria, IL frå 1952 syner at Orien Blackard då var gift med Minnie L.!

 

Konklusjonen må vera at Minnie ikkje kan ha vore gift meir enn SEKS gongar.  Ho gifte seg i alle fall ikkje att med Floyd Brown etter at Sylvester John Skjolden døydde i 1947!  Og eg tillet meg å stilla spørsmål om ho i det heile VAR gift med Sylvester John Skjolden.  Kanskje dei berre flytte i lag som «sambuarar» kring 1941?  Eg tok òg ein telefon i aftes til Folkeregisteret i Dunn Co., WI, og ingen vigsle er registrert der for Sylvester John Skjolden i 1940-åri!

 

Huffda, kompliserte familietilhøve her...  Me får vona at kanskje eksperten på det lokale biblioteket finn ut av dette...!

 

Eg takkar på ny for alle gode innspel!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.