Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Thomas Sjurson Lægreid - fødd i Årdal 1851 - soldat til Sverige i 1876 - Karlsborg garnison kring 1880 - lagnaden hans?

Recommended Posts

Sven Hjortland

Finner denne i Bergens Tidende for 11. mars 1881. Har han vært en snartur til Bergen etter oppholdet i Sverige?

post-3741-0-05970200-1469824581_thumb.jpg

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet med eit nytt fokus:

 

Det synest vanskeleg å finna ut kvar det vart av Thomas Sjurson (Lægreid) etter 1879, men KANSKJE finst det etterkomarar i Trondheim som veit noko om dette?  Av tidlegare innlegg kjem følgjande fram:

 

Thomas Johan Pettersen var fødd i Bergen 19.8.1872 og gifte seg i Trondheim 23.4.1901 med Sofie Ovidie Strøm, f. Mathisen, fødd i Levanger 5.10.1869.  Thomas var urmakar(meister), og parfolket budde frå tidleg på 1900-talet og framleis i 1925 i Innherredveien 42 på Lademoen i Trondheim.  Desse borni er nemnde:

 

       a. Selma Strøm (dotter hennar), f. Stadsbygd 23.11.1894 - n. 1910

       b. Thomas Joachim Pettersen, f. Trondheim 9.8.1901 – n. 1925 (urmakarsvein)

       c. Aasta Pettersen, f. Trondheim 18.9.1903 - n. 1910

       d. Øistein Pettersen, f. Trondheim 27.12.1905 – n. 1925 (sjuk)

       e. Reidar Pettersen, f. Trondheim 9.1.1908 – n. 1925 (f. 8.1.1907 – skuleelev)

       f. Ruth Pettersen, f. Trondheim 2.1.1910 – n. 1925 (skuleelev)

       g. Inger Pettersen, f. Trondheim 8.2.1913 – n. 1925 (skuleelev)

 

Er det mogeleg å følgja nokon av desse borni vidare og eventuelt koma på sporet etter nolevande etterkomarar?  No ser eg av DIS-Noreg at desse ligg gravlagde i lag på «Tilfredshet» i Trondheim:

 

Reidar Pettersen, gravlagd 4.6.1931

Sofie Othilie Pettersen, gravlagd 18.7.1940

Øistein Pettersen, gravlagd 3.11.1956

Inger Pettersen, gravlagd 15.5.1957

 

Det ser ut til at me lyt satsa på å finna att Thomas Joachim og Ruth...?

 

Eg takkar nok ein gong so mykje for alle gode tips om denne huslyden!

 

Redigert: Medan eg sat og arbeidde med denne saki, er Sven komen med eit nytt spennande innlegg!  Hjarteleg takk, Sven!  Det ser jamen ut til at Thomas må vera komen attende til Bergen frå Sverige, men kvar har han so gjort av seg?

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ulla for nytt innlegg!

 

Jau, dette er kjende opplysningar om Thomas, om du les til dømes innlegg #1 på føregåande side, vil du sjå at Thomas hausten 1876 flytte som soldat til Sverige.

 

Den store utfordringi er å finna ut kvar det vart av Thomas etter at han hausten 1879 vart «dimittert» frå Karlsborg og melde flytting til Karlstad.  Det kan, ifølgje innlegg #26, sjå ut som om Thomas har vore ein tur attende til Bergen i 1880/1881, men han er på ny forsvunnen...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg ønskjer i kveld å henta fram att dette emnet i ein ny freistnad på å finna etterkomarar etter urmakar Thomas Pettersen i Trondheim (sjå innlegg #27 ovanfor)!

 

Me har frå før finne at kona Sofie og borni Øistein, Reidar og Inger ligg gravlagde på «Tilfredshet» i Trondheim, men kvar vart det av dei andre?

 

* Thomas Joachim Pettersen, fødd i Trondheim 9.8.1901

 

* Aasta Pettersen, fødd i Trondheim 18.9.1903

 

* Ruth Pettersen, fødd i Trondheim 2.1.1910

 

Eg finn i kveld at Aasta Pettersen utvandra frå Trondheim til Amerika i 1921 (http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000217529).  Som reisemål er oppgjeve Chicago, IL, men passasjerlista seier Sterling, IL der ho har ein onkel med namn Anton M. Olsen! (http://interactive.ancestry.com/7488/NYT715_3015-0188/4025801360?backurl=%2f%2fsearch.ancestry.com%2fcgi-bin%2fsse.dll%3fgst%3d-6&ssrc=&backlabel=ReturnSearchResults)

 

Thomas og Ruth budde båe heime hjå foreldri i 1925, men etter den tid ser eg ikkje noko meir til nokon av dei!

 

Men ein eller annan stad må dei jo ha gjort av seg!!  Er det verkeleg ikkje mogeleg å finna att nokon av dei?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars Johannessen

Kan dette være Ruth? http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=4946772

Ruth Solli, født 2.1.1910, død 21.6.1998. Gravlagt sammen med Eivind Magnus Solli, født 16.4.1904, død 7.9.1981.

 

Fra MyHeritage:

Ruth Solli (født Pettersen)
1910 - 1998
Fødsel: 2 jan 1910
Tr.heim
Død: 20 juni 1998
Medlemmer innen familien
Mann:
Eivind Magnus M. Solli
1904 - 1981

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars J. for eit svært spennande og nyttig innlegg!

 

Denne Ruth Solli, f. Pettersen, som ligg gravlagd på Værnes i Stjørdalen MÅ jo vera ho som me leiter etter, og då er spørsmålet:

 

Finst det slekt etter ho?  Borni hennar har den sakna Thomas Sjurson Lægreid som oldefar, og dei KAN jo ha høyrt gjete denne oldefaren...?  Kanskje kan ei dødsannonse finnast for Ruth Solli, død 20.6.1998?

 

Eg takkar igjen so mykje for all hjelp med denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Tore Nilssen

Dødsannonse for Eivind Magnus Solli, Adresseavisen 09.09.1981, tyder på at Ruth ikke etterlot seg barn:

 

"Min kjøre mann og vår alles kjære

Eivind Magnus Solli

døde...

Ruth Solli

Øvrige familie"

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Tore for interessant innlegg!

 

Det er jo etter dette heilt tydeleg at Eivind Magnus Solli ikkje let etter seg born, men Ruth KAN jo teoretisk ha hatt born frå tidlegare ekteskap?

 

Men dette er det vel ikkje so lett å få greie på, med mindre dødsannonsa hennar òg kan finnast?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå hjelp!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

Ved søk på bokhylla.no gir søkestrengen "urmaker thomas joakim pettersen døde"  1 treff i Adresseavisen for 6. mai 1959.

Tilgang i norske bibliotek.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Tore Nilssen

Dødsnotis (altså ikke dødsannonse) i Adresseavisen, 06.05.1959:

"Urmaker Thomas Joakim Pettersen, død i Elverum"

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Dette var imponerande nytt!  Hjarteleg takk til Sven og Tore for spennande opplysningar!

 

Då er me altso òg på sporet etter urmakaren Thomas Joakim Pettersen, og eg har nettopp sendt eit spørsmål til Statsarkivet på Hamar om ei dødsmelding, i tilfelle Thomas òg var busett på Elverum då han døydde...  Kanskje skal me endeleg greia finna nolevande etterkomarar etter denne ætti?

 

Eg takkar på ny for kjempefine opplysningar!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Tore Nilssen

Lysingsnotis i Adresseavisen 29.04.1955 for Eivind Magnus Solli og Ruth Pettersen, begge Trondheim. Da var Ruth 45 år gammel. Mulig, men ikke sikkert, at dette var første ekteskap.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Tore for ei ny interessant melding frå Adresseavisa.

 

Det kan nesten høyrest ut som om dette var første ekteskapet hennar Ruth, men sikre kan me vel ikkje vera...  Dødsannonsa hennar hadde vore kjempebra, eller kan henda lyt me ta kontakt med skifteretten i Trondheim...  Det er berre so synd at det ofte er vanskeleg å få opplysningar derifrå...  Men det skadar jo ikkje å freista...

 

Eg takkar nok ein gong for framifrå hjelp med denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

I dag har eg motteke svar frå Statsarkivet på Hamar frå dødsmeldiongi etter urmakar Thomas Joakim Pettersen.  Dei skriv mellom anna følgjande:

 

~~~~~

 

Thomas Pettersen døydde i Elverum 26.04.1959. «f. 9/8 1901 i Trondheim, fhv. urmaker, bopel Sætre Pleiehjem. Ugift. Døde på bopel».

 

Arvingane var oppgjeve å vere tre systrer:
Selma Daaland, Trondheim
Aasta Dahlquist, Marine on St. Croix, Minn. USA
Ruth Solli, Trondheim

 

~~~~~

 

Denne Selma Daaland har eg ikkje følgt opp.  Ho var ei stedotter av Thomas Pettersen (Sr) og ættar soleis ikkje frå Thomas Sjurson Lægreid!  Men dette tyder samstundes at dersom Ruth Solli ikkje let etter seg born, har Thomas Lægreid INGEN nolevande etterkomarar i Noreg.

 

Når det gjeld søsteri Aasta Dahlquist i Amerika, ser eg at:

 

Aasta Dahlquist, fødd 18.9.1903, døydde i Duluth, MN 21.2.1989.  Ho gifte seg i Duluth, MN 22.3.1924 med Dean Dahlquist og hadde ein einaste son:

 

* Ellsworth John Dahlquist, fødd 29.6.1926, døydde 29.1.2006 og ligg gravlagd på Forest Hill cemetery i Duluth, MN.  Han gifte seg i Duluth, MN 10.2.1951 med Irene Mary Gustafson, og dei fekk i alle fall seks born som alle er opplista hjå ancestry.com.  No får me prøva med ein telefon...

 

Eg takkar nok ein gong for kjempemessig hjelp med denne huslyden!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg fekk i aftes kontakt med ein av sønene til Ellsworth Dahlquist i Duluth, MN.  Diverre var det ikkje stort han visste, men det syner seg at ei yngre søster av han har freista forska på slekti.  Diverre veit ikkje heller ho noko som helst om morsslekti til Ellsworth, so eg er redd me kanskje er like langt...

 

Men, eg har vekt interesse hjå Dahlquist-ætti i Minnesota, so kanskje noko kan vera  «på gong»...?

 

Kanskje me likevel skulle freista finna etterkomarar etter Selma Daaland i Trondheim?  Eg ser hjå DIS-Noreg at:

 

* Selma Oliva Daaland (1894-1982) og

 

* Arthur Daaland (1894-1967)

 

ogso ligg gravlagde på «Tilfredshet» i Trondheim: http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=1054794

 

Mannen synest vera frå Lyngdal: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036598002394

 

men namnet er høgst uvanleg, so kanskje etterkomarar kan sporast utan for store vanskar?

 

Eg takkar igjen for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Leif for siste innlegget!

 

Då er det ganske so sikkert at Selma og Arthur Daaland hadde minst tre born i lag, og kanskje har dei hatt fleire...  Det er so pass mange personar med namnet Daaland i Trondheim i dag (jmf. telefonkatalogen) at nokon vel må ætta frå Selma og Arthur!  Eg har freista eit par nummer, men får ikkje svar nokon stad...  Kan henda er det viktigare ting på gong i Trondheim i dag, som gjer at folk ikkje er heime...  Eg veit ikkje, men eg vil freista på ny, sjølv om eg nok tviler sterkt på om nokon i denne ætti veit noko som helst om «gamle Thomas»...

 

Ein ny takk går ut for framifrå hjelp med denne huslyden!!

 

PS: Eg har sett litt meir på amerikanske kjelder og ser ei «pussig» innførsle i FT1900 - ein innsett i Minnesota State Prison i Stillwater, MN heiter:

 

Thomas SOGEN, 47 år, førr i Noreg desember 1853, utvandra 1880, ugift farmar!

 

https://familysearch.org/search/record/results?count=20&englishSubcountryName=Minnesota&query=%2Bgivenname%3AThomas~%20%2Bsurname%3ASog*%20%2Bbirth_year%3A1845-1860~%20%2Brecord_country%3A%22United%20States%22%20%2Brecord_subcountry%3A%22United%20States%2CMinnesota%22

 

Dersom «vår» Thomas utvandra til Amerika, er jo ikkje utvandringsåret so langt borte, og heller ikkje alderen hans...

 

Ein annan kar med namnet Tom Sagerd (forvansking av Lægreid??) bur 1910 i Huss township, Roseau Co., MN - ugift farmar på 56 år med utvandringsår 1882:

 

https://familysearch.org/search/record/results?count=20&query=%2Bgivenname%3ATom~%20%2Bsurname%3ASagerd~%20%2Brecord_country%3A%22United%20States%22

 

Denne ser eg døydde i 1914 under namnet Thomas Sigard, 60 år:

 

Name: Thomas Sigard

Gender: Male

Death Date: 14 Feb 1914

Death Place: Huss, Roseau, Minnesota

Age: 60

Birth Date: 1854

 

Men so heldige er me vel ikkje at dette er «vår» mann...?

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet som framleis står uløyst.

 

Eg har vore i kontakt med etterkomarar i Amerika etter Thomas sin «uekte» son i Trondheim, Thomas Pettersen, men diverre er det ingen nolevande etterkomarar som veit noko som helst om lagnaden til Thomas Sjurson.  Eg har ikkje greidd å finna etterkomarar etter stedotteri hans i Trondheim, men har helst liten tru på at dei veit noko, so me er «back to square # 1»!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for Thomas Sjurson:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Thomas Sjurson, f. i Årdal 14.5.1851,

Thomas Sjurson Lægreid flytte hausten 1866 som smedlærling til Bergen og reiste sidan som fyrbøtar og maskinist til sjøs til han hausten 1876 gjekk inn i livgarden i Stockholm og etter kvart busette seg i Karlsborgs garnisonsförsamling i Västergötland, Sverige.  Han forlét hæren i 1879 og flytte i november 1879 til Karlstad i Värmland, Sverige.

 

 

¤¤¤¤¤ (seinare lagnad? – til Amerika??)

 

 

          ¤¤¤¤¤ (fekk to born, medan han reiste som fyrbøtar – voks opp hjå mor deira i Trondheim!)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

I innlegg #43 ovanfor nemner eg eit par «kandidatar» frå Minnesota som eg tykkjer høver ganske godt med «vår» Thomas, men kan det vera ein av dei?  Kanskje han som i 1900 sat fengsla i Stillewater, MN er den mest spennande av dei?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om lagnaden til Thomas Sjurson Lægreid!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet som diverre aldri har finne noki løysing.

 

Kanskje er det ein eller annan «svenske-ekspert» som vil freista følgja opp Thomas Sjurson Lægreid etter han flytte til Karlstad i november 1879.  Dei svenske husforförlistene er jo so kjempefine kjelder!?

 

Eg held fingrer og têr vel krossa og vonar på det beste!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.