Gå til innhold
Arkivverket

David Asbjørnsen (Lingjerde) (1830-1909) - Luster - Amerika(?) - Tromsø - huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Lars W. for nye interessante innlegg!

 

Eg ser frå FT1910 for Harmony precinct, Clackamas Co., OR at Andreas og Ingeborg Marie Bergesen framleis berre hadde dei to borni fødde i Noreg:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRN1-6K5?i=11&cc=1727033

 

medan FT1920 same stad syner den «kombinerte» huslyden til Jacob og Ingeborg Marie, og som me ser, er det nemnt TRE Bergesen-born samt fire Nelson-born.  Eldste sonen Frithjof Nelson er ikkje med, medan fødestaden til Trygve skal vera Tromsø:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RFQ-WFD?i=19&cc=1488411

 

Jacob og Josephine burde òg ha vore i Clackamas Co., OR i 1910, men manglar i teljingi!?

 

Elles har eg no fått fødsli til Ingeborg Marie «på plass», og eit oppdatert manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #24 på føregåande side følgjer:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye flotte opplysningar frå Sven er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #31 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med komplettering av denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Abraham Conradsson Forsman døde 4. januar 1850. Alder ble oppgitt til 29 år 9 måneder og 24 dager.

 

Denne passer godt: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:V784-R52

 

Abraham Conradsson

Sweden Baptisms, 1611-1920
Name: Abraham Conradsson
Gender: Male
Christening Date: 13 Mar 1820
Christening Place: , THORSAKER, VASTERNORRLAND, SWEDEN
Birth Date: 11 Mar 1820
Father's Name: Conrad Bringe
Mother's Name: Lisa Jansdr
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for nye interessante innlegg om denne huslyden!

 

Detaljane kjem på plass, ein etter hin, og eg er kjempenøgd!

 

Her følgjer eit nytt manuskript som erstatning for manuskriptet i innlegg #28 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

David Asbjørnson {Lindgjerde}, f. {i Luster} 13.5.1830,

David Asbjørnsen fekk attest for å utvandra til Amerika i 1853, men det er noko tvilsamt om han i det heile reiste over dit. 

 

##### (var han i Amerika?? – sjekka passasjerlister?)

 

Ei tid seinare kom han nemleg som jekteskipper til Tromsø, og der gifte han seg 14.5.1861 med Anna Cathrine Must, kjend som Trine Andersdotter Dahl frå Tromsø.  Ho var dotter av høker Anders

 

##### (farsnamnet hans?)

 

Dahl i Tromsø, opphavleg frå

 

##### (kvar fødd/oppvaksen? – gift i Tromsø 2.4.1829, 52 år ungkar!)

 

og kona Anne Birgitte Must Olsdotter Haave frå

 

##### (ættenamn Tranøe? – kvar fødd/oppvaksi? – 25 år ved vigsli 1829!)

 

og f. i Tromsø 27.12.1835.  David Asbjørnsen heldt fram som sjømann, og han og Trine vart buande i Tromsø der Trine d. 11.2.­1902.  David Asbjørnsen d. på gamleheimen i Tromsø 12.5.1909.  Dei fekk åtte born i lag:

a. Andreas Martinus Davidson, f. i Tromsø 24.6.­1861, utvandra til Amerika i 1881 og hadde som reisemål Grand Haven, Ottawa Co., Mich., men flytte vidare til Chicago, Ill. der han 13.1.1893 gifte seg med Christina Märtha Hansdotter Nordblad, opphavleg frå Ljustorp i Västernorrlands län i Sverige, i Amerika kjend som Christine Norblad.  Ho var dotter av

 

     ##### (yrkestitel?)

 

     Hans Olof Hansson Nordblad på

 

     ##### (bustaden i Ljustorp?)

 

     i Ljustorp, opphavleg frå Skjölsjön i Liden, Västernorrlands län og kona Märtha Maria Olofsdotter Dahlin frå Björkom i Ljustorp og f. i Ljustorp, Västernorrlands län, Sverige 10.6.1856, men gifte seg første gongen

 

     ##### (dato og stad for første vigsli hennar?)

 

     med Nils Johan Abrahamson Forsman frå Ytterlännäs i Västernorrlands län.  Han var son av arbeidar Abraham Conradson Forsman på

 

     ##### (bustad i Ytterlännäs? – Bol…?)

 

     opphavleg frå Thorsaker i Västernorrlands län, og kona Cajsa Britta Eliasdotter Willberg frå Ytterlännäs og f. i Ytterlännäs, Västernorrlands län 11.3.1847.  Nils var

 

     ##### (yrket hans?)

 

     og dei budde på Lästa i Ytterlännäs, Västernorrlands län, men utvandra til Amerika i 1881.

 

     ##### (utvandra òg til Grand Haven, Ottawa Co., MI – lagnaden til Nils Forsman?)

 

     Andrew var jarnbanearbeidar og sidan vaktmann («railroad laborer and watchman»), medan Christine var kokke («cook»).  Dei vart buande i Chicago, Cook Co., Ill. der Christine d. 22.6.1928.  Andrew Davidson d. same staden 7.1.1931.  Dei var barnlause.

b. Johan Martinus Davidson Asbjørnsen, f. i Tromsø 8.9.1863, d. i Tromsø 23.10.1863.

c. Anne Marie Svabo, kjend som Marie Davidsdotter Asbjørnsen, f. i Tromsø 19.11.1864, d. i Tromsø 30.4.1927.  Marie gifte seg i Tromsø 7.12.1890 med Mikael Marinus Mikaelson Stelander frå Tromsø, f. i Tromsø 4.4.1866.  Han d. i Tromsø 6.5.­1934.  Mikal Stelander var vognmann (hesteeigar), og han og Marie budde i Tromsø levetidi ut.  Dei fekk tre born i lag.

d. Josefine Andrea Davidsdotter Asbjørnson, f. i Tromsø 25.9.1867, gifte seg i metodistkyrkja i Tromsø 22.3.1900 med Jakob Peder Casperson Nilsen frå Giskevik i Lødingen, f. i Lødingen 14.11.1878.  Jakob var glasmeister, men utvandra til Amerika i 1903.  Reisemålet hans var Tacoma, Pierce Co., Wash., men då Josefine utvandra året etter, fór ho til Portland, Multnomah Co., Ore.  Under namni Jacob og Josephine Nelson finn me dei att i

 

     ##### (place of their residence? – probably poultry farmers in Harmony precinct, Clackamas Co., OR!)

 

     der Jacob livnærte seg som

 

     ##### (his occupation while married to Josephine?)

 

     Men Josephine d.

 

     ##### (date and place of Josephine’s death? – or divorced??)

 

     og Jacob gifte seg att i Clackamas Co., Ore.

 

     ##### (exact date of his 2nd marriage?)

 

     .10.1915 med enkja Ingeborg Marie, kjend som Marie Johnsdotter Bergesen, f. Kirkhus, opphavleg frå Kirkhus i Kvinnherad.  Ho var dotter av gardbrukar John Monsson på Kirkhus og første kona Alis Johannesdotter frå Mehl og f. i Kvinnherad 6.2.1872, men utvandra til Amerika frå Hosanger i 1908.  Jacob Nelson og andre kona Marie var ei tid hønsefarmarar («chicken farmers») i Harmony precinct, Clackamas Co., Ore., men flytte i 1920-åri attende til Portland, Multnomah Co., Ore. der Jacob var verkstadeigar («service station and garage owner»).  Han d. i Portland, Ore, 13.11.1945, medan Marie Nelson d. same staden 15.11.1947.  Jacob fekk i alt fem born, som alle var frå første ekteskapet med Josephine, men Marie hadde òg tre born frå første ekteskapet sitt.

e. Karl Edvin Johan Davidson Asbjørnsen, f. i Tromsø 3.5.1870, d. i Tromsø 21.11.1952.  Han gifte seg i Tromsø 16.11.1894 med Charlotte Amalie Antonsdotter Petters­en frå Tromsø, f. i Tromsø 18.12.1870.  Ho d. i Tromsø 21.9.1945.  Karl var lagerarbeidar, og han og Charlotte budde i Tromsø.  Dei fekk tre born i lag.

f. Maren Anna Sofie Davidsdotter Asbjørnsen, f. i Tromsø 14.5.1873, vart sjuk i ung alder etter ei ulukkeleg kjærleikssoge og d. ugift i Tromsø 23.12.1941.

g. Hansine Olufine Juliane Davidsdotter Asbjørnsen, f. i Tromsø 7.9.1875, d. i Tromsø 13.12.1877.

h. Hans Adolf Davidson Asbjørnsen, f. i Tromsø 30.6.1878, d. i Tromsø 27.1.1957.  Han gifte seg i Tromsøysundet 5.11.1910 med Agnes Jørgensdot­ter Pedersen frå Værhals nordre i Malnes, Bø i Vesterålen, f. i Bø 20.2.1888.  Som enkje flytte ho attende til Bø, og der d. ho 9.11.1972.  Hans Asbjørn­sen var vognmann (hestekøyrar), og han og Agnes budde for det meste i Tromsø.  Dei fekk to born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette har du vel fra før, men legger det inn - for ordens skyld:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QVJT-TSW4

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-L9GL-BHJ?i=2047&cc=1861144

 

Jacob Peter Nelson

United States World War II Draft Registration Cards, 1942
Name Jacob Peter Nelson
Event Type Draft Registration
Event Date 1942
Event Place Portland, Oregon, United States
Residence Place Portland, Oregon, United States
Race White
Birth Date 17 Nov 1878
Birthplace Norway
Box Number 91

 

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:K6ZP-SKM

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-L17Y-9FVV?i=2296&cc=1968530

 

acob Peter Nelson

United States World War I Draft Registration Cards
Name Jacob Peter Nelson
Event Type Draft Registration
Event Date 1917-1918
Event Place Clackamas County, Oregon, United States
Gender Male
Nationality United States
Birth Date 14 Nov 1878
Birthplace , ,

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

18 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Christina Märtha Hansdotter Nordblad,

 

18 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

gifte seg første gongen

     ##### (dato og stad for første vigsli hennar?)

     med Nils Johan Abrahamson Forsman

 

 

Vigsel 1879.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for fleire nye avklarande innlegg om denne huslyden!  Eg er jätteglad for alle detaljar som kan føyast til, og eg har no sett opp eit revidert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #31 over:

 

~~~~~~~~~~~~

 

David Asbjørnson {Lindgjerde}, f. {i Luster} 13.5.1830,

David Asbjørnsen fekk attest for å utvandra til Amerika i 1853, men det er noko tvilsamt om han i det heile reiste over dit. 

 

##### (var han i Amerika?? – sjekka passasjerlister?)

 

Ei tid seinare kom han nemleg som jekteskipper til Tromsø, og der gifte han seg 14.5.1861 med Anna Cathrine Must, kjend som Trine Andersdotter Dahl frå Tromsø.  Ho var dotter av høker Anders

 

##### (farsnamnet hans?)

 

Dahl i Tromsø, opphavleg frå

 

##### (kvar fødd/oppvaksen? – gift i Tromsø 2.4.1829, 52 år ungkar!)

 

og kona Anne Birgitte Must Olsdotter Haave frå

 

##### (ættenamn Tranøe? – kvar fødd/oppvaksi? – 25 år ved vigsli 1829!)

 

og f. i Tromsø 27.12.1835.  David Asbjørnsen heldt fram som sjømann, og han og Trine vart buande i Tromsø der Trine d. 11.2.­1902.  David Asbjørnsen d. på gamleheimen i Tromsø 12.5.1909.  Dei fekk åtte born i lag:

a. Andreas Martinus Davidson, f. i Tromsø 24.6.­1861, utvandra til Amerika i 1881 og hadde som reisemål Grand Haven, Ottawa Co., Mich., men flytte vidare til Chicago, Ill. der han 13.1.1893 gifte seg med Christina Märtha Hansdotter Nordblad, opphavleg frå Ljustorp i Västernorrlands län i Sverige, i Amerika kjend som Christine Norblad.  Ho var dotter av

 

     ##### (yrkestitel?)

 

     Hans Olof Hansson Nordblad på

 

     ##### (bustaden i Ljustorp? – Näs?)

 

     i Ljustorp, opphavleg frå Skjölsjön i Liden, Västernorrlands län og kona Märtha Maria Olofsdotter Dahlin frå Björkom i Ljustorp og f. i Ljustorp, Västernorrlands län, Sverige 10.6.1856, men gifte seg første gongen i Ytterlännäs i Västernorrlands län 16.11.1879 med Nils Johan Abrahamson Forsman frå Ytterlännäs i Västernorrlands län.  Han var son av arbeidar Abraham Conradson Forsman på Lästa i Ytterlännäs, opphavleg frå Thorsaker i Västernorrlands län, og kona Cajsa Britta Eliasdotter Willberg frå Ytterlännäs og f. i Ytterlännäs, Västernorrlands län 11.3.1847.  Nils var arbeidar, og dei budde på Lästa i Ytterlännäs, Västernorrlands län, men utvandra til Amerika i 1881.

 

     ##### (utvandra òg til Grand Haven, Ottawa Co., MI – lagnaden til Nils Forsman?)

 

     Andrew var jarnbanearbeidar og sidan vaktmann («railroad laborer and watchman»), medan Christine var kokke («cook»).  Dei vart buande i Chicago, Cook Co., Ill. der Christine d. 22.6.1928.  Andrew Davidson d. same staden 7.1.1931.  Dei var barnlause.

b. Johan Martinus Davidson Asbjørnsen, f. i Tromsø 8.9.1863, d. i Tromsø 23.10.1863.

c. Anne Marie Svabo, kjend som Marie Davidsdotter Asbjørnsen, f. i Tromsø 19.11.1864, d. i Tromsø 30.4.1927.  Marie gifte seg i Tromsø 7.12.1890 med Mikael Marinus Mikaelson Stelander frå Tromsø, f. i Tromsø 4.4.1866.  Han d. i Tromsø 6.5.­1934.  Mikal Stelander var vognmann (hesteeigar), og han og Marie budde i Tromsø levetidi ut.  Dei fekk tre born i lag.

d. Josefine Andrea Davidsdotter Asbjørnson, f. i Tromsø 25.9.1867, gifte seg i metodistkyrkja i Tromsø 22.3.1900 med Jakob Peder Casperson Nilsen frå Giskevik i Lødingen, f. i Lødingen 14.11.1878.  Jakob var glasmeister, men utvandra til Amerika i 1903.  Reisemålet hans var Tacoma, Pierce Co., Wash., men då Josefine utvandra året etter, fór ho til Portland, Multnomah Co., Ore.  Under namni Jacob og Josephine Nelson finn me dei att i

 

     ##### (place of their residence? – probably poultry farmers in Harmony precinct, Clackamas Co., OR!)

 

     der Jacob livnærte seg som

 

     ##### (his occupation while married to Josephine?)

 

     Men Josephine d.

 

     ##### (date and place of Josephine’s death? – or divorced??)

 

     og Jacob gifte seg att i Clackamas Co., Ore.

 

     ##### (exact date of his 2nd marriage?)

 

     .10.1915 med enkja Ingeborg Marie, kjend som Marie Johnsdotter Bergesen, f. Kirkhus, opphavleg frå Kirkhus i Kvinnherad.  Ho var dotter av gardbrukar John Monsson på Kirkhus og første kona Alis Johannesdotter frå Mehl og f. i Kvinnherad 6.2.1872, men utvandra til Amerika frå Hosanger i 1908.  Jacob Nelson og andre kona Marie var ei tid hønsefarmarar («chicken farmers») i Harmony precinct, Clackamas Co., Ore., men flytte i 1920-åri attende til Portland, Multnomah Co., Ore. der Jacob var verkstadeigar («service station and garage owner»).  Han d. i Portland, Ore, 13.11.1945, medan Marie Nelson d. same staden 15.11.1947.  Jacob fekk i alt fem born, som alle var frå første ekteskapet med Josephine, men Marie hadde òg tre born frå første ekteskapet sitt.

e. Karl Edvin Johan Davidson Asbjørnsen, f. i Tromsø 3.5.1870, d. i Tromsø 21.11.1952.  Han gifte seg i Tromsø 16.11.1894 med Charlotte Amalie Antonsdotter Petters­en frå Tromsø, f. i Tromsø 18.12.1870.  Ho d. i Tromsø 21.9.1945.  Karl var lagerarbeidar, og han og Charlotte budde i Tromsø.  Dei fekk tre born i lag.

f. Maren Anna Sofie Davidsdotter Asbjørnsen, f. i Tromsø 14.5.1873, vart sjuk i ung alder etter ei ulukkeleg kjærleikssoge og d. ugift i Tromsø 23.12.1941.

g. Hansine Olufine Juliane Davidsdotter Asbjørnsen, f. i Tromsø 7.9.1875, d. i Tromsø 13.12.1877.

h. Hans Adolf Davidson Asbjørnsen, f. i Tromsø 30.6.1878, d. i Tromsø 27.1.1957.  Han gifte seg i Tromsøysundet 5.11.1910 med Agnes Jørgensdot­ter Pedersen frå Værhals nordre i Malnes, Bø i Vesterålen, f. i Bø 20.2.1888.  Som enkje flytte ho attende til Bø, og der d. ho 9.11.1972.  Hans Asbjørn­sen var vognmann (hestekøyrar), og han og Agnes budde for det meste i Tromsø.  Dei fekk to born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Framleis står opphavet til Dahl-ætti i Tromsø som ei stor utfordring, men kansklje er det nokon som greier å løysa den «floka» òg?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Christina Märtha f. 10 juni , far torparen Hans Olof Nordblad och hans hustru Märta Maria Dahlin i Bredsjö.

(Faren f. 1797, d. 1858. Moren 2. kone, f. 1823.)

Moren gift på ny i Bredsjö juni 1859. Ny ektefelle David Pehrsson Åslin f. Liden 1814. Ny (halv)bror Olof Petter desember 1859. (Eldre halv?bror Olof f. 6/6 1843 flyttet til Liden i 1860.)

 

 

 

(Under barn d mangler foreldrene til ektefellen, se min tidligere post.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.