Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Jølster. Brite Danille Andersdotter, f. 29.9.1836.


Recommended Posts

I høve eit slektstreff i sommar prøver eg å finne opplysningar om syster til oldefar min (Anders Andersson Hegrenes 1846-1897). Det gjeld Brite Danille Andersdotter Hegrenes, fødd 29.9.1836, døpt 2.10.1836. Foreldre: Anders Bendiksen og Kristi Danielsdtr. Brite vart konfirmert i Ålhus 21. juli 1853, 16 3/4 år gammal.

Ei Britha Andersdtr. Hegrenes er nemnd som fadder to gonger: Andreas Bendik Danielson Hegrenes (døypt i Ålhus 24.mars 1864) og Andreas Bertel Andersson Hegrenes (døypt i Ålhus 11. januar 1874).

Eg har funne at 14.april 1874 døydde ei tenestejente Britha Andersdtr. Opphaldsstad: Hegrenes og Saarheim. Dødsårsak: sjølvmord. I klokkarboka er fødselsåret oppgjeve til 1846, i ministerialboka er fødselsåret skrive utydeleg, kan vere 1846 eller 1836. Kan dette vere den Brite eg leitar etter eller er det nokon som har opplysningar om henne?

 

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.