Gå til innhold
Arkivverket

Eit tips til den som skal lese (særleg barnlause) skifte.


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Dette er heilt sikkert elementært for mange, men dei som er litt mindre erfarne kan gjerne ha nytte av det – så når eg då fekk servert eit typisk døme på eit barnlaust skifte med mange arvingar (sjå Fæster-tråden), kan det passe med ein liten gjennomgang av ein metode eg ofte brukar.

 

Stundom er slektskapsforholda tydeleg skildra, andre gonger ikkje, og då er det lurt å bruke arvelottane til å kome fram til eit rett resultat.

 

Vi er i Sunnfjord, året er 1797, og arvelatar er Hans Jakobson Fæster. Han etterlet seg enkja Ursula Leganger, men ingen born som overlever faren.

 

Nederste del av venstre kolonne på venstre side her http://arkivverket.no/URN:sk_read/24197/530/ gjev oversikt over arvingane.

 

Enkja Ursula disponerer halve buet, 62 rdl 2 mk 15 sk. Den andre halva skal delast på mannen Hans sine arvingar, og som vi ser, går det rett til farbrors-ledet; Hans har altså ikkje hatt sysken (i alle fall ingen som har overlevd han).

 

Hadde dette vore i dag, hadde desse ca 62 rdl fyrst blitt delt i to igjen, til fars-slekta og til mors-slekta, og så hadde farssida sin arv blitt delt likt på det tal onklar/tanter som var i live eller hadde etterkomarar på den sida, og så hadde det same skjedd på morssida.

 

Slik vart det ikkje gjort i 1797. Derimot vart dei to slektssidene slått saman, og kvar onkel fekk ein farbror/morbror-lott. Så fekk kvar tante ein faster/moster-lott, som var halvparten så stor som mennene sin lott.

 

Desse far/morbrors- og faster/moster- lottane skal vidare delast på etterkomarane i kvar grein for seg, men framleis slik at gutane får det doble av jentene.

 

Det er svært nyttig for den vidare lesinga å prøve å finne storleiken på desse lottane. I dette skiftet er vi så heldige at punkt 10 er ein levande morbror, så dermed kan vi utan vidare lese oss til kor stor farbror/morbror-lotten er: 9-5-15 1/2. Og når vi då veit at faster/mosterlotten skal vere halvparten så stor, deler vi dette talet på 2.

 

Ein riksdaler = 6 mark, 1 mark = 16 skilling, så det er litt matematisk gymnastikk som må gjerast her, før ein kjem fram til at faster/moster-lotten er 4-5-15 3/4.

 

Punkta 6-10 i denne lista over arvingar er tydeleg og greie, men 2, 3 4 og 5 var litt vanskelegare å finne ut av utan å bruke dette systemet.

 

Dei som har lyst, må gjerne prøve å finne ut av desse 4 nummera – korleis er desse i slekt med arvelatar og kvarandre? Eg har fasiten, men kan vente med å presentere han :-D

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er noe jeg aldri har satt meg skikkelig inn i, jeg synes det er vanskelig nok i det hele tatt å klare å lese skiftet på en slik måte at det gir en fornuftig mening. Jeg er derfor særdeles glad for at Aase tok seg tid til å tolke skiftet og arvedelene. Dette førte til at vi fikk rettet opp en feil i Fæsterslekten som ellers ville ha blitt stående der i lang tid.

 

En stor takk til deg Aase, både i denne sammenhengen, men også i andre lignende situasjoner hvor bl.a undertegnede kommer til kort.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for gode ord, Rune, det er alltid hyggeleg å hjelpe. Og for å ta fasiten på oppgåva: Dei 4 personane eg omtalar, er på punkt 2 ei.farbrordatter - på punkt 3 endå ei farbrordotter - på punkt 4 ein farbrorson - på punkt 5 ein farbrordatterson.

 

Dersom vi ikkje ser på arvelottane, kan vi tru at desse 4 har same farbroren som opphav, eller på den andre ytterkanten tru at det er 4 ulike farbrør sitt avkom.

 

Men summen av 2. og 3. sine arvelottar er 9-5-15 1/2 - med andre ord er dei, og berre dei, systre; døtre av ein farbror.

 

Like eins er summen av 4. og 5. sine arvelottar 9-5-15 1/2 - men her er den eine dobbelt så stor som den andre. Vi veit dermed at farbroren som er opphav til desse 2 har hatt ein son og ei dotter, og dottera må vere død, slik at hennar lott går vidare til sonen hennar.

 

Fiffig!

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.