Gå til innhold
Arkivverket

Ei vigsle i Tromsø kring 1924 - Kanestrøm - Larsen/Tronskog/Svendsen - dato og stad?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Alfred Martin Johannesson Kanestrøm, skrepphandlar, fødd på Foldvik i Ibestad 24.6.1894 og

 

Herborg Larsen/Tronskog/Svendsen, fråskild, fødd i Evenes 19.3.1889

 

skal vera vigde i Tromsø kring 1924, men eg er ikkje i stand til å finna denne vigsli, som eg vil tru har vore «borgarleg»!

 

Herborg gifte seg 1ste gongen i Narvik 18.12.1910 med glasmeister Jakob Elias Ingeberg Grønbeck Svendsen (1886-1967).  Dei budde i Narvik, men skal ha vorte skilde kring 1923 etter å ha fått fem born.

 

Herborg og Alfred fekk fire born i lag, den eldste Frida var fødd i Tromsø i 1924 (eg finn heller ikkje denne fødsli!), og Herborg døydde i Tromsø 11.5.1931 (https://media.digitalarkivet.no/view/107/456).

 

** Greier nokon finna denne vigsli til Alfred Martin Kanestrøm og Herborg f. Larsen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Leif for spennande svar!

 

Eg talte i ettermiddag med den nemnde dotteri Frida på 92 år, og ho påstår at foreldri hennar var gifte (jmf. ogso dødsfallet til mor hennar frå 1931!), samt at dei budde i Tromsø heile livet.  Alfred Kanestrøm gifte seg att etter at Herborg døydde, men andre ekteskapet hans var barnlaust.

 

Kanskje var dei «berre» sambuarar likevel??  Det hadde vore spennande å sjå kva som står ved attgiftet til Alfred...?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe, Leif og Ragnhild for nye interessante innlegg!  Særleg var innlegget frå Ragnhild av stor nytte, og her er lysingi frå Trondenes lysingsprotokoll, 28.12.1928:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/3088/84

 

Då burde vel vigselsdatoen kunne finnast ganske so greitt...?  Berre det at den protokollen tydeleg ikkje er skanna...

 

So, problemet er nesten løyst!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

So har eg endeleg fått svar på denne vigsli!

 

Protokollen for vigslene i Harstad for 1928/1929 er framleis på kyrkjekontoret i Harstad, og derifrå får eg opplyst at Alfred Martin Kanestrøm og Herborg Larsen gifte seg 22.1.1929.

 

Problemet er dermed løyst!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.