Gå til innhold
Arkivverket

Arne Olson og Metta Ingebrigtsdotter - 1766 busette på Lihaug i Eivindvik (Gulen) - men kvar er dei? - lagnad?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Terje for korreksjonen!  Eg var nok litt for «kjapp» i svingen då eg overså denne merknaden...!

 

Men eg er framleis like interessert i dødsfalli som er nemnde i innlegg #24 over, om du greier gjera noko med dei...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Beklager at eg overså spørsmålet om dødsfallet til fire personer.

 

For det tidsrommet du oppgir har eg transkribert kirkeboken som dekker 1776 - 1787, og der finnes ingen av disse personene.

 

Eg har i dag sett litt på kirkeboken for Gulen A12 1749 - 1776, og det er slående hvor få begravelser / jordfestelser eg fant. Så eg tror observasjonen din om at kirkeboken er mangelfull på slike hendelser er korrekt. Når eg er ferdig med de kirkebøkene eg holder på med nå er det meningen å gå løs på A12, men det blir tidligst til senhøsten 2018.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for siste innlegg!

 

Då er det nok mykje som tyder på at dei dødsfalli som eg etterlyser, aldri vart registrerte, men uansett so er det kjempebra at du transkriberer gamle kyrkjebøker, og eg er ganske sikkert ikkje åleine om å gle meg over at denne «vanskelege» boki frå Gulen etterkvart òg vert gjort «leseleg»!

 

Det vert spennande å sjå resutatet!

 

Eg har tidlegare transkribert talrike kyrkjebøker frå Amerika og ymse andre norske kjelder (inkl. dødsfall i Lærdal 1741-1751).  Når eg ein gong vert ferdig med bygdebokprosjektet i Luster, truleg til hausten, har eg òg til hensikt å transkribera «vanskelege» kjelder.  Det er nok å ta av...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 år senere...

Innlegg #29:

 

Eg ønskjer i kveld å henta fram att dette emnet som har lege urøyrt sidan før pandemien....

 

Kan det tenkjast at Terje i mellomtidi (jmf. Innlegg #27 over) har transkribert kyrkjebok A12 for Gulen og finne svar på nokre av dei spørsmåli som eg framleis manglar svar på?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Arne Olson Molde, truleg frå Fivelsdal i Gulen, var i so fall son av gardbrukar Ole Hansson på Fivelsdal og f. i Gulen kring 1693.  Arne flytte i ung alder til Hafslo og gifte seg her 17.10.1723 med Metta Ingebrigtsdotter frå Skophamar under Kroken, f. kring 1697.  Arne var styrmann, og han og Metta busette seg i Solvornstrondi.  Der vart dei buande fram til midten av 1740-talet.

Men på 1740-talet flytte Arne Olson og kona Metta til Gulen der me finn dei att som busette på garden Molde. 

 

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1766)

 

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1766)

 

 

Me kjenner til fem born etter Arne og Metta:

 1. Britha Arnesdotter, døypt 20.3.1727,

Britha Arnesdotter flytte på 1740-talet med foreldri til Gulen der ho 17.4.1748 gifte seg med John Jensson frå Nordgulen.  Han var son av gardbrukar Jens Rasmusson på Nordgulen, opphavleg frå Byrknes, og første kona Britha Nilsdotter frå Neverdal og vart døypt i Gulen 31.7.1718.  John og Britha tok over som gardbrukarar etter foreldri hans på Nordgulen i Gulen, og derifrå vart Britha gravlagd 6.8.1783.  John vart gravlagd same staden 20.4.1791.  Dei fekk sju born i lag:

a. Jens Johnson, døypt i Gulen 8.1.1749, d. som kårenkjemann på Nordgulen 24.2.1832.  Han gifte seg i Gulen 9.7.1786 med Magdeli Hansdotter frå Li, døypt i Gulen 18.11.1754.  Ho d. som gardkone på Nordgulen 11.11.1819.  Jens og Magdeli tok over som gardbrukarar på Nordgulen etter foreldri hans og fekk tre born i lag.

b. Britha Johnsdotter, døypt i Gulen 26.7.1752, d. som husmannskone på Nyhammar 21.7.1827.  Britha gifte seg i Gulen 20.7.1803 med enkjemannen Nils Johnson, opphavleg frå Navdal, døypt i Gulen 5.7.1768.  Han d. som kårenkjemann på Nyhammar 31.8.1839.  Nils hadde gift seg til Nyhammarberget under Nyhammar, og der vart ogso han og Britha buande som husmannsfolk levetidi ut.  Nils fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

c. Johannes Johnson, døypt i Gulen 14.5.1756, d. som husmann på Nordgulen 14.9.1817.  Han gifte seg i Gulen 19.4.1783 med Kirsti Thorsdotter frå eitt av nabobruki på Nordgulen, døypt i Gulen 16.12.1753.  Ho d. som enkje og legdelem på Nordgulen 19.5.1834.  Johannes og Kirsti var strandsitjarar på ein plass under Nordgulen i Gulen og fekk sju born i lag.

d. Metta Johnsdotter, døypt i Gulen 6.1.1760, vart gravlagd i Gulen 13.7.1760

e. Arne Johnson, døypt i Gulen 21.6.1761,

 

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans? – bygdeboki seier: døydde før 1791!)

 

 

f. Rasmus Johnson, døypt i Gulen 23.10.1764, vart gravlagd i Gulen 13.1.1765

g. Rasmus Johnson, døypt i Gulen 4.12.1767, vart gravlagd i Gulen 27.12.1791, ugift.

 2. Inga Arnesdotter, døypt 1.5.1729,

Inga Arnesdotter flytte òg med foreldri i 1740-åri til Gulen der ho 12.11.1761 gifte seg med Ole Aamundson frå Lægreid i Årdal.  Han var son av husmann Aamund Asbjørnson på Vatnet under Lægreid, opphavleg frå og kona Kirsti Trondsdotter frå Hola under Hovland og vart døypt i Årdal 22.3.1732.  Ole og Inga var gardbrukarar på Molde i Gulen, kan henda på bruket der ho var oppvaksi, og

 

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hans?)

 

 

Inga Arnesdotter vart gravlagd frå Molde 7.11.1792.  Ole og Inga fekk to døtrer i lag:

a. Kirsti Olsdotter, døypt i Gulen 29.1.1763,

 

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar? – kan det vera ho som i 1801 tente på Skjerjehavn i Gulen?) – ei

«pige» Stine Olsdotter vart gravlagd frå Børholmen 7.6.1813 – alder ukjend – ho? – neppe!)

 

 

b. Metta Olsdotter, døypt i Gulen 7.12.1766, d. som kårenkje på Blomholmen 16.12.1826.  Metta gifte seg i Gulen 18.1.1796 med Iver Bendikson frå Hjertås, døypt i Gulen 14.7.1766.  Han d.

 

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hans? – bygdeboki seier 1810! – finn ikkje!)

 

 

     Iver og Mette var gardbrukarar på Blomholmen i Gulen og fekk fire søner i lag.

 3. Ingeborg Arnesdotter, døypt 31.12.1731,

Ingeborg Arnesdotter flytte på 1740-talet med foreldri sine til Gulen,

 

 

¤¤¤¤¤ (flytte kan henda til Bergen – ?gift første gongen i Krosskyrkja 14.7.1754 med overkonstabel Anders Knudsen – som enkje attgift i Krosskyrkja 2.2.1769 med matros Johannes Christianson

frå Skuteviken i Bergen, son av Christian Acherson i Bergen og kona Engel Magnusdotter – (?døypt Hamre 2.4.1712 som dotter av Magne Lille-Hamer??) og døypt i Bergen 2.9.1746.  Ingeborg budde med båe ektemakar i Skuteviken der Ingeborg vart gravlagd etter barselseng 7.9.1769 – borni hennar:

       * Bertha Johanne, f. 20.10.1754, gravl. 28.12.1757 – fadd. Anna Arnesdotter !

       * Arne Andreas, f. 1.1.1756, gravl. (dtr.!) 5.7.1756

       * Bertha Johanne, f. 30.3.1758 – fadd. Anna Arnesdotter!

       * Knut Andreas, f. 11.4.1760, gravl. 21.7.1760

       * Ingeborg Lise, f. 28.5.1761, gravl. 9.6.1761

       * Ingeborg Elisabeth, f. 2.9.1762, gravl. 2.3.1763

       * Lise Dorothea, f. 8.3.1766 – konf. KK 1783 («hos Christiansen»!) – kommunik. KK 1790

       * Anna Engel, f. 20.8.1768

       Anna Arnesdotter var gift i Krosskyrkja 11.7.1756 med tambur Ole Olsen – ho gravlagd som matroskone 3.3.1786 – 60 år gammal – born:

       * Arne, f. 14.3.1757

       * Torbjørn Ulrich, f. 24.1.1759 – fadd. Ingeborg Arnesdotter

       * Martha Olsine, f. 27.3.1761

       * Andreas, f. 18.11.1765

       * Johan, f. 20.3.1768 – fadd. Johannes Christiansen)

 

 

 4. Eli Arnesdotter, døypt 29.8.1734,

Elen Arnesdotter flytte likeins med foreldri sine til Gulen og sidan til Bergen der ho arbeidde som hushaldar hjå kyrkjetenaren i Krosskyrkja.  Ho d. ugift i Bergen 10.3.1809, men vart gravlagd i Gulen.

 5. Metta Arnesdotter, døypt 22.2.1739,

Metta Arnesdotter flytte nok òg med foreldri sine til Gulen i 1740-åri,

 

 

¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips til løysing av desse utfordringane!

 

PSPS: Kan det tenkjast at Arne og Metta er hamna i Bergen og er avlidne der??

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.