Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Kvar vart det av døtrene til Ole Gøe Hansson (Sæby) og Karen Christine Monsdtr., Sæbø (Vik i Sogn)?


Recommended Posts

Dei to døtrene var Maren Susanne dpt. 24/6 1781 og Birgitta Maria dpt. 1/6 1783.

 

Ole (ca 1742-1789) var frå Sæby på Jylland. Han var kremmer på Sæbø i Vik i Sogn nokre år. Kona Karen Christine Mosdtr. (Gryta) (1756-1798) var frå Batalden i Kinn pr.gj. Ho gifte seg på nytt i 1792 med Henrik Ludvigson Martens, som tok over handelen (og gjestgjeveriet) på Sæbø.

 

Dottera Maren var tenestejente hos presten Claus Finde på Flora (Kinn) i 1801. Brite budde då hos stefaren Henrik (ho er då skriven som Berthe Marie Sæby) Begge to var hos Claus Finde i 1811.

 

Men kva skjedde med dei seinare?

 

Mvh Torbjørn

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy

Torbjørn !

 

Du skriv at Ole f ca 1742 d 1789 var frå Sæby på Jylland. Kvar har du det frå ?

 

I 2008 kom det ut ei Ækkjabok for Vik i Sogn. På s 105 under Sæbø, står det Hans Madson Sæbye d. 1744. Han var gift 2 ganger. Andre gangen i 1735 m Marie Andersdtr Kierumgård 1713-60. 5 ongar her, nr 3 Ole Goe f. 1744.

 

Men noko svar på kvar det vart av desse 2 døttrene som du spyr om, har heller ikkje bygdebokforfatter Gudmund Balvoll.

Men han har funne ut at ekskap nr 1 til Ole Goe er i 1776 m Sigrid Oladtr Midtun 1756-77. Ho var frå Vagsnes. Neppe bodn. Så attgift i 1781 m Karen Christine Grytten.

Eg var litt kjapp der ja. Det eg eigentleg skulle skrive var at Sæby-namnet kom frå Jylland. Sæby'ane hadde vore på Sæbø ei tid før Ole vart fødd.

 

Hadde håpt at det kanskje var spor etter dei utanfor Sogn og Fjordane, men det er ikkje sikkert Maren og Birgitte vart gifte, dei var jo allerede rundt 30 i 1811. Eg får leite meg gjennom den aktuelle kyrkjeboka for Kinn ein gong til.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.