Gå til innhold
Arkivverket

Søker opplysninger om, og foreldre til Peder Sjurssen f. 1819 i Sogndal Præstegjeld. Bosatte seg på Landro i Fjell kommune på Sotra utenfor Bergen.


Ivar Moe
 Del

Recommended Posts

Peder Sjurssen 1819 - 1891 giftet seg med Anne Karine Johannesdtr. f. 1814 i Bergen

 

Folketelling 1865

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038240003043

 

Peder død

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000252222

 

Folketelling 1875 ( da er tydeligvis Anne død)

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052283002018

 

Mvh

Ivar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Ivar!

 

Eg ser du her kjem borti ein annan huslyd med tilknytting til Hafslo.

 

Mor til Peder var frå Mobakken under Mo på Hafslo, og derifrå saksar eg følgjande avsnitt om Peder Sjurson:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Sjurson, son av Mari og strandsitjar Sjur Christenson i Sogndalsfjøra i Sogndal (1798-1865), var truleg f. i Sogndal, men vart døypt i Hafslo 11.7.1819.  Han d. som gardbrukar på Landro i Fjell 3.4.1891.  Peder voks opp i Sogndal, men flytte i ung alder til Bergen der han 22.12.1844 gifte seg med Anna Karine Johannesdotter, f. i Bergen 25.12.1814.  Ho d. som husmannskone på Landro i Fjell 20.4.1869.  Peder var smed, og etter ei kort tid i Bergen flytte han og Anna kring 1847 til Solsvik i Fjell.  I 1851 busette dei seg so på ein plass i Avlaupet under Landro i Fjell der Peder sidan livnærte seg som fiskar og landhandlar til han i 1879 kjøpte seg et gardsbruk same staden.  Peder og Anna fekk fire born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Vonar dette er til litt hjelp!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Ivar!

 

Eg ser du her kjem borti ein annan huslyd med tilknytting til Hafslo.

 

Mor til Peder var frå Mobakken under Mo på Hafslo, og derifrå saksar eg følgjande avsnitt om Peder Sjurson:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Sjurson, son av Mari og strandsitjar Sjur Christenson i Sogndalsfjøra i Sogndal (1798-1865), var truleg f. i Sogndal, men vart døypt i Hafslo 11.7.1819.  Han d. som gardbrukar på Landro i Fjell 3.4.1891.  Peder voks opp i Sogndal, men flytte i ung alder til Bergen der han 22.12.1844 gifte seg med Anna Karine Johannesdotter, f. i Bergen 25.12.1814.  Ho d. som husmannskone på Landro i Fjell 20.4.1869.  Peder var smed, og etter ei kort tid i Bergen flytte han og Anna kring 1847 til Solsvik i Fjell.  I 1851 busette dei seg so på ein plass i Avlaupet under Landro i Fjell der Peder sidan livnærte seg som fiskar og landhandlar til han i 1879 kjøpte seg et gardsbruk same staden.  Peder og Anna fekk fire born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Vonar dette er til litt hjelp!

Hei Lars

 

At mor til Peder - Mari slekter til Mo i Hafslo er spesielt interessant. Min "bestefar" og hans aner kom derfra. 

 

Mine oldefedre er skomaker Sjur Olsen Mo og Johanna Øvrebø

 

Takker for fenomenal hjelp vedrørende slekt fra Sogn

 

Mvh

Ivar

Og hjertelig takk til Ann- Mary og Grethe for uvurderlig hjelp

 

Mvh

Ivar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var kjekt å høyra at opplysningane fall i smak!

 

Eg kan føya til at bestefaren Anders Nilsson Mobakken (1752-1822) miste livet då han 8.1.1922 gjekk gjennom isen på Sogndalsfjorden og drukna!

 

Elles er det eit stort «mysterium» kvar det vart av mori Mari Andersdotter.  Ho vart døypt i Hafslo 12.11.1786, men «forsvinn» for oss etter at sonen Peder var fødd i 1819.  Kan ho ha følgt med Peder til Solsvik i Fjell?  Finn du ut av det, ville eg verta svært so nøgd!

 

Mari hadde forresten ei søster Cecilia Andersdotter Moe (1789-1863). Ho gjekk jordmorskulen i Christiania i 1819 og 1820 og vart i 1821 offentleg tilsett som jordmor i Sogndal og Hafslo med bustad i Sogndalsfjøra.  Ho gifte seg i 1822 med kopparsmed Ole Christenson frå Dvergedalen i Sogndal, som sidan «tok» namnet Dahl, og kort tid etter «bytte» Cecilia jobb med jordmori i Vik og flytte til Vikøyri!

 

Spennande huslyd dette!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det kjekkeste jeg vet med slektsforskning er når jeg "finner" historier/ begivenheter om slekta. Spiller ingen rolle om det er adel , kriminelle, husmenn, hanseater osv.

 

Derfor er det ekstra "gildt" når Ann-Mary henviser til historien fra det gamle innlegget til Lars hvor Tore Turøy skriver følgende sitat:

 

Eg har heller ingen opplysningar om Mari Andersdotter, men kan fortelje litt om sonen, Peder Sjursen.Han var ein svært fargerik kar. Då han flytta til Fjell budde han dei første åra på Solsvik der han livnærte seg og familien som smed og fiskar. I 1851 flytta han med familien til Landro der dei flytta inn på ein husmannsplass i Avlaupet.I 1879 kjøpte Peder Sjursen tre bruk på Landro for kr. 2000,-. Korleis Peder hadde råd til dette var ei gåte både då og no, men rykta seier at han hadde funne pengeskrinet til eit skip som hadde forlist vest for Landro. Men det var det ingen som kunne prova. Svaret på det visste berre Peder og det tok han med seg i grava.I 1883 rekvirerte Peder Sjursen utskiftning på Landro. Dette var dei andre brukarane i mot då dei ikkje såg seg råd til det. Men Peder fekk viljen sin. At Peder var ein temperamentsfull person kan klippet frå utskiftingsprotokollen nedanfor tyde på:’Mellemtiden af Formanden ved Forhandlinger med Partene har været sagt bilagt, gjenoptages endnu en Gang til videre Gransking med det Resultat, at Peder Sjursen efter mange og lange Ventilasjoner og Diskussioner frafaldt sin Paastand om Eiendomsret til den omtvistede Strækning, hvorved altsaa den af hans Modpart paastaaende Skøytelinie bliver gjeldende’.Dersom det er av interesse har eg oversyn over etterkomarane til Peder. Det var berre Marius og Karen Maria vart gift. Men berre Marius fekk born. Ei dotter. Men til gjengjeld fekk ho tolv born.Beste helsingTore Turøy

 

Og dertil selvfølgelig også alt Lars er villig til å dele fra sin fantastiske viten om vestlendinger og Sogningar i særdeleshet.

 

Fantastisk

 

Mvh

Ivar

 

 

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Men nå ser jeg at Tore Turøy skriver på slutten av innlegget at sønn til Peder - Marius kun fikk ett barn, en datter.

 

Enten er det feil eller så er jeg på feil slekt her:

 

Johan Mariusson Vindenes f. 24 apr 1870 på Vindenæs gift med Nilsine Malene Tomasdatter Misje

 

https://media.digitalarkivet.no/view/2127/13252/27

 

 

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har ikkje vore inn og sjekka origfinalkjeldene (kyrkjebøkene), men ifølgje FamilySearch er desse opplysnigane dei «gjeldande»:

 

Name: Jakob Johan Pedersen

Gender: Male

Birth Date: 02 Apr 1870

Christening Date: 24 Apr 1870

Christening Place: FJELL, HORDALAND, NORWAY

Father's Name: Marius Pedersen

Mother's Name: Marthe Nielsdr

 

Name: Marius Andreas Pedersen

Birth Date: 1845

Age: 23

Spouse's Name: Martha Nielsdr

Spouse's Birth Date: 1834

Spouse's Age: 34

Event Date: 30 Aug 1868

Event Place: Fjell, Hordaland, Norway

Father's Name: Peder Sjursen

Spouse's Father's Name: Niels Halstensen

 

So eg kan ikkje skjønna noko anna enn at Jakob Johan var son av Marius!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja du har nok rett Lars. det må ha vært en feil i bygdeboka som Tore refererer fra.

 

Ser at kona til Marius - Mathe Nilsdatters fars slekt kommer fra gården Horten i Aurland. Hennes farfar er Hallstein Brynjelsson Horten 1762 - 1802 gift med Ingeborg Johannesdtr. fra Ekra husmannsplass i Fjell.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.