Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Korleis følgje brukar-rekkja?


Recommended Posts

Eg innrømmer glatt at det er mykje eg ikkje er god på, og det i overskrifta er det eine.

 

Eg arbeider med å nøste opp ein floke i bygdeboka, og hadde hatt bruk for ei oversikt som viser kven som overtok bruket etter kven. Kvar leitar eg for å finne ut av det? Vi snakkar om perioden 1770-1820; Gloppen SF.

 

Lenke til kommentar
https://forum.arkivverket.no/topic/205329-korleis-f%C3%B8lgje-brukar-rekkja/
Del på andre sider

Det sikre er vel panteboka der bygselsetlar er innførte. Der kan det stå at Hans Jensson bygsla så og så mange pund som far hans hadde før - eller tilsvarande.

Ulempa er at det vert mykje leiting og mange manglande ledd. Det kan finnast real- (skøyte) og personalregister (bygsel kan vere ført inn der) som hjelper.

Ein klar føremonn er at desse er skanna og tilgjengelege på internett.

 

Ei anna kjelde er matrikkelkassaboka til futen, der han førte inn skatten. Der vil du kunne sjå kven som betalte skatt kva år - og kven som kom i staden for nokon som gjekk ut.

Då må du på Statsarkivet, og du er avhengig av at futen hadde orden i sakene sine, sånn at det både er noko der og at du kan finne fram.

 

Det enklaste er naturlegvis for ein-/fåbølte gardar. For mangbølte bruk er det kanskje umogeleg å finne ut av det.

Skattelister.

Kilden er tids- og stedsavhengig.

I Romsdal er det svært gode skattelister fra medio 1620 til medio 1670 i lens- og stiftamtsstueregnskapene, deretter i fogderegnskapene. Om dette er tilfelle på sørsiden av grensen vet jeg ikke.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.