Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Jørgen Nilsson Urnes i MN (1838-1870) - kona Rønnaug attgift med Olaus Larsson Løvsnes (1841-1907) - kven var han?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i kveld ei kjempeutfordring til dei som vil «bryna seg» på ein USA-lagnad:

 

PS: Emnetitelen er endra etter at kona Rønnaug og lagnaden hennar no er identifisert!

 

Jørgen Nilsson Urnes, fødd i Hafslo 16.3.1838 (son av Nils Olson og Anna Jørgensdotter)

utvandra til Amerika i 1861 og gifte seg i Fillmore Co., MN 10.5.1868 med:

 

Rønnaug Olsdotter, fødd i Noreg, truleg kring 1842

 

Dei skal ha butt nær Lanesboro, Fillmore Co., MN der Jørgen «George» Nelson skal vera avliden alt i mars 1870.

 

FT1870 syner ei Rone Nelson, domestic, 28 år, busett i Preston, Fillmore Co., MN som truleg er enkja!

 

Dei fekk ei dotter i lag:

 

* Anna Nelson, fødd i Fillmore C., MN 15.10.1868, vart konfirmert i Hanley Falls, Yellow Medicine Co., MN i 1884 (då med fødselsdato 14.10.1868!), men sidan ser me ikkje noko meir til ho...  Underleg er det likevel at det ved konfirmasjonen står ein merknad om at opplysningane om ho er stadfest av båe foreldri!!  Levde Jørgen likevel vidare?

 

http://interactive.ancestry.com/60722/41742_315029-00753?pid=2092361&backurl=//search.ancestry.com//cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DcMY3552%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-c%26new%3D1%26rank%3D1%26msT%3D1%26gsfn%3DAnna%26gsfn_x%3DNP_NN%26msbdy%3D1868%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D1%26msbpn__ftp%3DMinnesota,%2520USA%26msbpn%3D26%26msbpn_PInfo%3D5-%257C0%257C1652393%257C0%257C2%257C0%257C26%257C0%257C0%257C0%257C0%257C0%257C%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26msfng%3DJorgen%26msmng%3DRonnoug%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3DBMD_BIRTH%26h%3D2092361%26db%3DELCAbmd%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D1&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=cMY3552&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Er det i det heile mogeleg å:

 

*** identifisera Rønnaug Olsdotter og opphavet hennar i Noreg?

 

*** finna lagnaden til Rønnaug i Amerika - eventuelt ogso Jørgen, om han levde etter 1870?

 

*** finna lagnaden til dotteri Anna?

 

Eg vil gjerne få leggja til; eg har ein sterk MISTANKE:

 

Eit «family tree» hjå ancestry.com nemner denne huslyden:

 

Ole Nilsson Vestad og Imbjørg Eriksdotter Elstadmoen gifte seg på Ringebu 22.4.1841 og skal ha butt på Guttu nedre på Ringebu, men utvandra på eitt eller anna tidspunkt med fleire born til Amerika.  Dei skal i 1865 ha butt i Winona Co., MN - ikkje langt ifrå Lanesboro, Fillmore Co., MN.  Dei skreiv seg visstnok «GUTTU», og dei hadde m.a. denne dotteri:

 

** Rønnaug Olsdotter, fødd på Ringebu 6.7.1841.  Det står ikkje noko meir om ho enn at ho døydde som Rena NELSON i Barsness township, Pope Co., MN 23.8.1895!  I dette nabolaget budde fleire søsken av Jørgen «George» Nelson!!

 

Kan dette vera «vår» Rønnaug??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Rønnaug Olsdlaltter Gutu, f. 06.07.1841, er registrert som utflyttet fra Ringebu 07.04.1862:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/291/pu00000000145541

 

Hedmark, Oppland fylke, Ringebu, Fåvang, Venabygd i Ringebu, Klokkerbok nr. 3 (1854-1866), Utflyttede 1862, Side 600-601
Permanent bilde-ID: kb20070603590551
 
 
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ole, 1838 - far: Ole Nilsen Vestad

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000000282410

 

Rønnoug, 1841

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000002971980

 

Engebrit, 1844

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000002974569

 

Engebret, f. 1844, døde 1844:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000573442

 

Engebret, 1846

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000002976738

 

Oline, 1851

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000001980436

 

 

Her er giftermålet i 1841:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000000008775

 

I 1829 er det en ungkar Ole Nilsen Vestad som har en sønn Martin til dåpen i Ringebu:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000000274083

 

Samme ungkaren ser ut til å ha en sønn Nils til dåpen samme år(!) og mor til denne gutten er Ambjør Eriksdatter Elstadmoen!

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000000274287


Ole og Ambjør bodde på Guttu i 1865, sammen med barna Engebret og Oline:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038062002128

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kanskje dette er Oline Olsdatter på Gutu i 1891, gift med Ole Olsen - Ringebu, tellingskrets 4 - husliste nr. 60:

 

Oppland fylke, Ringebu i Sør-Gudbrandsdal, Statlig folketelling (1891-1891), Dokumentside, Side 1666
Permanent bilde-ID: ft10061011102411
 
Oppland fylke, Ringebu i Sør-Gudbrandsdal, Statlig folketelling (1891-1891), Dokumentside, Side 1667
Permanent bilde-ID: ft10061011102412
 
Ole, sønn, f. 1888
Oppland fylke, Ringebu i Sør-Gudbrandsdal, Statlig folketelling (1891-1891), Dokumentside, Side 1669
Permanent bilde-ID: ft10061011102414
 
Og her er sannelig Ole Nilsen, også! - husliste nr. 61:
 
Oppland fylke, Ringebu i Sør-Gudbrandsdal, Statlig folketelling (1891-1891), Dokumentside, Side 1670
Permanent bilde-ID: ft10061011102415
 
Og kona Embjør Eriksdatter - husliste nr. 61
Oppland fylke, Ringebu i Sør-Gudbrandsdal, Statlig folketelling (1891-1891), Dokumentside, Side 1671
Permanent bilde-ID: ft10061011102416
 
 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Embjør/Ingeborg døde 06.05.1893 - nr. 9

Oppland fylke, Ringebu i Ringebu, Ministerialbok nr. 8 (1878-1898), Døde og begravede 1893, Side 236
Permanent bilde-ID: kb20060425070370
 
Ole Nilsen døde 24.02.1893 - nr. 2 (samme kirkebokside som kona):
 
Oppland fylke, Ringebu i Ringebu, Ministerialbok nr. 8 (1878-1898), Døde og begravede 1893, Side 236
Permanent bilde-ID: kb20060425070370
 
Hvis de opplysningene jeg har funnet, stemmer, kan ikke foreldrene til Rønnaug ha emigrert til Amerika. De døde begge to i høy alder på Guttu. 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Giftermålet til datteren Oline Olsdatter: 

 

Oppland fylke, Ringebu i Ringebu, Ministerialbok nr. 8 (1878-1898), Viede 1886, Side 187
Permanent bilde-ID: kb20060425070322
 
Oslo fylke, Paulus i Oslo, Ministerialbok nr. 4 (1879-1891), Viede 1886, Side 236
Permanent bilde-ID: kb20060922020415
 

Oline i 1900:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037084001197

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for spennande og interessante innlegg!

 

Då er opplysningane om Rønnaug Olsdotter Guttu «på plass», men var det verkeleg ho som gifte seg med Jørgen Nilsson?

 

Eg har den siste timen eller meir sete og studert denne huslyden nærare og ser at Grethe i mellomtidi har lagt ned ein kjempejobb med å kartleggja denne huslyden.  Eg er imponert!

 

So attende til utgangspunktet:

 

Eg gløyde i aftes å legga inn ein referanse til dåpen til dotteri Anna frå North Prairie Lutheran church, Fillmore Co., MN (eg veit ikkje korleis denne kan leggjast inn for personar som ikkje har ancestry medlemskap!):

 

http://interactive.ancestry.com/60722/41742_314738-00019?pid=1631398&backurl=//search.ancestry.com//cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DcMY3561%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-c%26new%3D1%26rank%3D1%26msbdy%3D1868%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D5%26msbpn__ftp%3DMinnesota,%2520USA%26msbpn%3D26%26msbpn_PInfo%3D5-%257C0%257C1652393%257C0%257C2%257C0%257C26%257C0%257C0%257C0%257C0%257C0%257C%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26msfng%3DJorgen%26msfns%3DNilsen%26msmng%3DRonnoug%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3DBMD_BIRTH%26h%3D1631398%26db%3DELCAbmd%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D2&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=cMY3561&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Men det viktigaste her er fadrane:

 

* Tollef Olsen

* Hans Aamundsen(?)

* Dagna Olsen

* Ragnilde Nilsdatter

 

Ragnhild Nilsdotter (1845-1938) var yngste søster av Jørgen, og eg meiner Hans Aamundson òg var frå Hafslo

 

Tollef Olsen og Dagna Olsen KAN vera søsken av Rønnaug(?).

 

So ser eg at ei Dagne Karine Olsdotter og ein Jørgen Torbjørnson fekk ei dotter døypt i same kyrkja som Anna (North Prairie):

 

* Maria - fødd 16.5.1870

 

Dagne Karine Olsen, fødd på Spring Prairie, WI ?.12.1850 - gifte seg i Fillmore Co., MN 5.12.1869 med Jørgen Torbjørnson fødd i Drangedal 17.5.1840.

 

Eit fødselsregister for Wisconsin syner at Dagne Karine er fødd i Koshkonong (fødsler frå Spring Prairie var inkludert der på den tidi!) 21.12.1850 av foreldri Ole Tollefson Qvale og kona Aslaug Knutsdotter - og her finn me løysingi:

 

Gerhard Naeseth skriv i emigrantsoga si - band III på side 158 - emigrantar 1845 - om:

 

Ole Tollefson Qvaale, fødd i Lårdal 16.8.1816, gift 12.7.1847 med Aslaug Knudsdotter Hougen, fødd i Tinn 21.7.1821 og utvandra 1843.  Frå 1856 var dei busette i Fremont township, Winona Co., MN.  Eldste barnet deira var Tollef Olson (1849-1927), følgd av Dagne Karine (1850-    ).  Og so skriv Gerhard Naeseth følgjande:

 

«Asloug Knudsdatter also had a daughter, Rønnaug, b November 14, 1846»

 

Eg finn ikkje dåpen til denne Rønnaug, men ho berre MÅ vera kona til Jørgen Nilsson Urnes!!  Eg ser at Rønnaug vart konfirmert i North Prairie i 1863, men ho har korkje farsnamn eller namn på foreldri!

 

Då er denne delen av utfordringi løyst.  So er det å finna lagnaden deira...

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi med å finna ut om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

"Tollef Olsen og Dagna Olsen KAN vera søsken av Rønnaug(?)."

 

Jeg kan ikke se at Rønnaug fra Ringebu hadde noen søsken som het Tollef og Dagna, jf. #3. Da må det være en annen Rønnaug som var gift med Jørgen. 


"Tollef Olsen og Dagna Olsen KAN vera søsken av Rønnaug(?)."

 

Jeg kan ikke se at Rønnaug fra Ringebu hadde noen søsken som het Tollef og Dagna, jf. #3. Da må det være en annen Rønnaug som var gift med Jørgen. 

 

Ser nå at du allerede har funnet løsningen på "Rønnaug-mysteriet"!

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

So har eg søkt vidare etter Rønnaug og Anna i Minnesota, og sidan me veit at Anna budde i Yellow Medicine Co., MN i 1884, har eg saumfare FT1885 for Yellow Medicine, og eg vart «fyndig»:

 

Normania township, Yellow Medicine Co., MN 1885 syner nemlig denne huslyden:

 

LYSNAS, Ole  34  Nor

LYSNAS, Ragna  37  WI

LYSNAS, Anna  16  MN

LYSNAS, Elisa  11  MN

LYSNAS, Olaf  8  MN

LYSNAS, Edvard  6  MN

LYSNAS, Lizzie  3  MN

 

Same bustaden i 1880:

 

LAESNES, O L  39  Nor

LAESNES, Ranel  33  WI

LAESNES, Annie  11  MN

LAESNES, Lizzie  6  MN

LAESNES, Lanis A  5  MN

LAESNES, Olaf J  3  MN

LAESNES, Edward  1  MN

 

Ser me so på kyrkjebøkene for Hanley Falls, Yellow Medicine Co., MN, ser me at Olaus Larsson og Ronnaug Løvsnes hadde desse borni:

 

* Elisa, fødd 4.10.1873

* Lasse Andreas, fødd 5.3.1875

* Oluf Johan, fødd 3.5.1877

* Edvard, fødd 24.2.1879

* Lasse Andreas, fødd 28.2.1882

 

Huslyden skreiv seg sidan for LOVSNESS, og her fann eg dødsfalli til foreldri:

 

* Olaus Lovsness - born 1841 - died St. Peter, MN 26.9.1907

* Ronnaug Lovsness - born Fillmore Co., MN(!) 14.11.1846 - died 21.12.1906

 

Dei er gravlagde i St. Lucas cemetery, Normania township, Yellow Medicine Co., MN, og ein eller annan har supplert med biografiske opplysningar, mellom anna at dotteri:

 

* Anna Larson, fødd i Fillmore Co., MN 15.10.1868, døydde 7.8.1913 og er gravlagd i Christ Lutheran, Cottonwood, Lyon Co., MN!  Attmed ho ligg mannen:

* Christ N Larson, fødd (Norway) 9.7.1865, døydde 7.11.1919

 

FT1900 for Vallers township, Lyon Co., MN syner:

 

LARSON, Christen N  born July 1865  Nor  Nor  Nor  emigrated 1885

LARSON, Annie  born Oct. 1868  MN  Nor  WI

married four years - two children

LARSON, Ruth M  born Apr. 1897  MN  Nor  MN

LARSON, Laura O  born July 1899  MN  Nor  MN

 

Då tek denne huslyden etter kvart til å sjå ganske so bra ut, men attverande spørsmål er mellom anna desse:

 

** Kven var Olaus Larsson Løvsnes? - Dato og stad for fødsli hans? - Kven var foreldri hans? - Utvandringsår?

 

** Kven var Christen N. Larson? - Fødestaden hans? - Kven var foreldri hans?

 

Eg takkar nok ein gong for kjempefin hjelp og engasjement for å løysa denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heisan, eit raskt søk i Digitalarkivet har avslørt denne huslyden på Løvsnes i Finnøy 1865:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038215001131

 

Dette må jo vera Olaus med foreldri sine?

 

Her er so Olaus fødd 31.1.1841: https://media.digitalarkivet.no/view/8814/75

 

Og her er han utvandra i 1870: https://media.digitalarkivet.no/view/6262/180

 

Då kan me konsentrera oss om svigersonen Christen N. Larson...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ved Olaus Løvsness død er foreldene oppgitt til Lars L og Edi Torgersdt

https://familysearch.org/search/record/results?count=20&query=%2Bgivenname%3Aolaus~%20%2Bsurname%3Al%C3%B8vsnes~

 

Det kan være denne Olaus født 31/1 1841 og døpt 14/2 1841 Finnøy

SAST, Finnøy sokneprestkontor, H/Ha/Haa/L0006: Ministerialbok nr. A 6, 1816-1846, s. 72

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070504650111

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne for stadfesting av opphavet til Olaus Løvsnes.

 

Sjølv tok ein liten «sjekk» for å sjå kva eg kunne finna om Christen N. Larson, og jamen santen: Me lever i ei liti verd!  Ved dødsfallet kjem det fram at mellomnamnet hans var NITTER, og då kjende eg karen att.

 

Her følgjer eit utdrag av manuskriptet mitt for gnr. 91, Leirdal i Luster frå 1991:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

 5. Christen Nitter Larsson Leirdal, f. i Luster 9.7.1865,

Christ N. Larson utvandra til Amerika i 1885 og gifte seg i Yellow Medicine Co., Minn. 18.7.1896 med Anna Lovsness.  Ho var f. i Fillmore Co., Minn. 15.10.1868.  Christ og Anna slo seg ned på ein farm i Vallers township, Lyon Co., Minn., men Anna d. i Rochester, Minn. 13.8.1913.  Christ Larson d. i Cottonwood, Minn. 7.11.1919.  Dei fekk fire døtrer:

a. Ruth Marie Larson, f. i Lyon Co., Minn. 30.4.1897, d. i Marshall, Minn. 29.6.1975.  Ruth gifte seg i Lyon Co., Minn. 4.9.1918 med Alfred Leslie, kjend som Leslie Larson.  Han var f. i Lyon Co., Minn. 10.3.1898 og d. i Cottonwood, Minn. 21.11.1981.  Ruth og Leslie Larson farma først i Vallers township, Lyon Co., Minn., men flytte sidan inn til Cottonwood, Lyon Co., Minn. der Leslie var kaféeigar ("cafeteria owner and operator").  Dei fekk fem born.

b. Laura Ovidia Larson, f. i Lyon Co., Minn. 31.7.1899, d. i Lyon Co., Minn. 16.8.1901.

c. Laura Ovidia Larson, f. i Lyon Co., Minn. 24.10.1902, levde framleis i 1988.  Laura gifte seg i Minneapolis, Minn. 2.7.1926 med Endre T. Anderson.  Han var f. i Lyon Co., Minn. 28.7.1899 og d. i Marshall, Minn. 19.1.1978.  Laura og Endre farma i Lucas township, Lyon Co., Minn. og fekk tre born.

d. Junice Elvira Larson, f. i Lyon Co., Minn. 18.10.1907, levde framleis i 1988.  Junice gifte seg i Brookings, S.D. 31.3.1934 med Virgil Conrad Johnson.  Han var f. i Lyon Co., Minn. 24.5.1910 og d. i Marshall, Minn. 24.1.1983.  Virgil Johnson var kommuneingeniør ("county engineer"), og han og Junice budde i Marshall, Lyon Co., Minn.  Dei fekk eitt barn sjølve og adopterte så to andre.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Og med desse opplysningane «på bordet» er utfordringi med Jørgen Nilsson og huslyden hans heilt løyst, nemlig slik:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

 4. Jørgen Nilsson, f. i Hafslo 16.3.1838,

George Nelson utvandra til Amerika i 1861 og gifte seg i Fillmore Co., Minn. 10.5.1868 med Ronnaug Olson, f. i Dane Co., Wis.  Mor hennar var Aslaug Knutsdotter som i 1843 utvandra frå Tinn i Telemark.  George og Ronnaug budde i Fillmore Co., Minn., truløeg i Arendahl township, der George d. alt ?.3.1870.  Ronnaug gifte seg 25.11.1871 att i Winona Co., Minn. med Olaus Larsson frå Løvsnes på Finnøy, i Amerika kjend som Olaus L. Lovsness.  Han var son av husmann og målar Lars Larsson på Løvsnesbøen under Løvsnes, opphavleg frå Nærstrand i Nedstrand, og kona Elen Torgersdotter frå Kleberg i Nedstrand og f. på Finnøy 31.1.1841, men utvandra til Amerika i 1870.  Olaus og Ronnaug busette seg på ein farm i Normania township, Yellow Medicine Co., Minn. der Ronnaug d. 21.12.1906.  Olaus Lovsness d. i St. Peter, Minn. 26.9.1907.  Ronnaug fekk i alt åtte born; av dei var ei dotter frå første ekteskapet med George Nelson:

a. Anna Nelson Lovsness (1868-1913), vart gift med gardbrukarsonen Christen Nitter Larsson frå Leirdalen i Luster (1865-1919) (s.d.).

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg kunne sjølvsagt ha teke med borni som Rønnaug fekk med Olaus, men dei ligg utanfor rekkevidda til mitt prosjekt, so dei let eg førebels liggja...

 

Eg takkar på ny for all hjelp og interesse for denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.