Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Hans Olson Tvedt - fødd 1861 - snikkarsvein i Bergen 1891 - kven var han?


Recommended Posts

Jørgen Martin, fødd i Sogndal 2.8.1891, vart døypt i Sogndal 27.9.1891: https://media.digitalarkivet.no/view/6926/73

 

Som foreldre er oppgjevne:

 

* Ungkarl snikkarsvein Hans Olson Tvedt i Bergen, fødd 1861

 

* Jenta Martha Jørgensdotter Urnes på Årøy i Sogndal, fødd 1855

 

Rette fødselsåret hennar var 1851, men utfordringi her er å finna barnefaren:

 

** Er det mogeleg å identifisera Hans Olson Tvedt i Bergen?

 

Både mor og son flytte til Bergen, og sonen kalla seg Jørgen Martin Tvedt (han døydde 1957).

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Hjarteleg takk til Ottar for nytt innlegg om denne huslyden.

 

Her er dei opplysingane som eg har samla om Martha Jørgensen frå Hafslo:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Martha Jørgensdotter, f. {i Hafslo} 16.1.1851,

Martha Jørgensen flytte i 1878 til Bergen der ho livnærte seg som sydame til ho sidan vart almisselem.  Ho var visstnok òg ei tid hjå søster si på Bandskjerøyri under Årøy i Sogndal, men d. i Bergen 3.6.1913.  Martha var ugift, men fekk ein son:

a. Jørgen Martin Hansson Tvedt, son av Martha og snikkarsvein Hans Olson Tvedt i Bergen,

 

     ¤¤¤¤¤ (oppl. om han? – f. 1861)

 

     var f. i Sogndal 2.8.1891, men voks opp i Bergen og d. på eit sjukehus der 25.6.1957.  Han gifte seg på Gyldenpris i Bergen 22.8.1925 med Helga Josefine Eriksdotter Myklebust frå Eitun i Balestrand, f. i Balestrand 18.3.1893.  Ho d. på eit sjukehus i Bergen 14.5.1977.  Jørgen var sementarbeidar, medan Helga var syerske.  Dei budde i Bergen og fekk fem born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Som du ser, har eg alt dei opplysningane som eg treng om både Martha og sonen Jørgen Martin.  Han som gjev meg vanskar, er barnefaren Hans Olson Tvedt, og det er svært so merkeleg at han skal vera som «sunken i jordi».  Kanskje er fødselsåret feil?

 

Eg vonar framleis på at Hans kjem «til rette» og takkar nok ein gong so mykje for alle gode tips i denne saki!

Lars !

 

Har du heilt sett frå han her, snekkarsvend ?  Dog  4 år yngre enn det Marta gir opp, men ... Fyrste onge (iflg FT 1910 f. 31.7.91)

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036708080551

 

Kvifor er dette tvilsamt ??  Uetisk, ja !  Men at vi menn har "prøvekøyrt" litt, før vi vært bunden (les: gift) er ikkje noko nytt.

 

Så fødsel i Bergen 31.7.1891 og 2.8.1891 i Sogndal, med eine og same far, er vel ikkje noko nytt ?  Eller kva ?

---------------------

Eg prøver sjølv å finna ut av ein av mine aner, Aslak, som hadde 3 laiarmål.  Nr 1 og nr 3 med den som bli kona hans og nr 2 m/ ho her:

https://media.digitalarkivet.no/kb20050817010401

 

 

 

 

Hjarteleg takk til Jon, Ottar og Linda for nye og utfordrande innlegg!

 

Eg lyt tilstå at ogso eg har vore inne og kikka på denne Hans Olai Tvedt, men eg er ikkje so sikker...

 

* «Vår» Hans Olson Tvedt skulle vera snikkarsvein (og ikkje skreddarsvein slik Hans Olai er!)

 

* «Vår» Hans Olson Tvedt er dessutan fødd 4 år før Hans Olai Tvedt...

 

MEN, denne Hans Olai Tvedt er so absolutt det beste alternativet eg so langt har sett for «Hans»...

 

Eg finn forresten ikkje vigsli hans med Josefine i Bergen; kan dei ha gift seg nordpå?

 

PS: Her er forresten dåpen til Hans Olai.  Faren heitte Ole...:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011816&gardpostnr=37446&personpostnr=112308&merk=112308#ovre

Endret av Lars E. Øyane

Hei.

 

Vielsen nr.5: https://media.digitalarkivet.no/view/7154/51

 

Står med Harald til fornavn.

 

Faren heter ole, så Olsen Tvedt passer godt.

 

Konfirmasjonen til Jørgen Martin, gir den noen svar?

 

mvh Ottar

Hjarteleg takk til Ottar og Svehn for fleire nye interessante innlegg!

 

Det ser ikkje ut til at me kjem noko nærare ei avklaring om denne skreddarsveinen Hans Olai Olson Tvedt verkeleg VAR far til Jørgen Martin Tvedt, men han er den einaste «kandidaten» som høver so nokolunde...!

 

Her er forresten dødsmeldingi til Hans Olai Tvedt frå 1928, men den seier heller ikkje noko om ein son Jørgen Martin.  Han hadde jo heller ingen arverett; til det var han fødd «for tidleg»!

 

https://media.digitalarkivet.no/view/27865/139

 

Eg veit sanneleg ikkje.  Kanskje eg kan nemna skreddarsvein Hans Olai Tvedt som ein «sannsynleg» barnefar...

 

Eg takkar på ny for framifrå hjelp med denne huslyden!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.