Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Drukna Telemarkskvinne i Oslo et sted mellom 1900 og 1930


Recommended Posts

Hei.

 

Systra til min bestemor si bestemor drukna i Oslo då ho arbeidde der som tjenestejente eingong på byrjinga av 1900-talet. Kan vere alt frå 1895 til 1930, trur eg. Eg er uviss på kven av sytrene det var, anten Gunnild Olsdatter Skogen f. 1889, Margit Olsdatter Skogen f. 1893 eller Anlaug Olsdatter Skogen f. 1900, alle født i Heddal, Telemark.

 

Nokon som har ein idé om korleis eg skal gå fram for å finne ut av dette? Eg har googla alle tre, eg har søkt på namna på digitalarkivet og eg har kjøpt meg moglegheit til å søkje i Aftenposten sitt arkiv, men det er ikkje lett å finne noko der...

Veldig glad for hjelp :-)

 

Beste helsing,

Rosalind Spangelid

 

Hei igjen og tusen takk for info :-)

 

Har du eit tips eller to på korleis eg kan gå fram for å finne ut kven av systrene som drukna i Oslo og når? :-)

 

Beste helsing,

Rosalind

 

Godt forslag! Skal prøve med ein gong :-) Lenge sidan eg var i gamet, skjønar eg ;-)

 

 

Eg fann to av systrene, men ikkje Anlaug f. 1900. Ikkje på fornamn, etternamn, fødselsår eller fødselsdato. 

Du er sikker på at hun druknet i Oslo?

 

Hei.

Bestemor meiner å hugse at det var det bestemora hennar sa. Drukna i Oslo tidleg på 1900-talet. Anna veit eg ikkje. Det var visst mykje skam rundt saken, og ikkje alle i slekta har fått greie på historien opp gjennom tida. 

Beste helsing,

Rosalind

Det er vel ikke sikkert at alle brukte Skogen som etternavn. De brukte det ikke i 1900 https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037172003067, og bare faren og eldste sønnen i 1910 https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036528007670

 

Har du sjekket døde i Heddal https://digitalarkivet.arkivverket.no/finn_kilde?s=&fra=&til=&ka%5B%5D=0&k%5B%5D=0823&k%5B%5D=0807

Endret av Berit Knudsen

Det er vel ikke sikkert at alle brukte Skogen som etternavn. De brukte det ikke i 1900 https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037172003067, og bare faren og eldste sønnen i 1910 https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036528007670

 

Har du sjekket døde i Heddal https://digitalarkivet.arkivverket.no/finn_kilde?s=&fra=&til=&ka%5B%5D=0&k%5B%5D=0823&k%5B%5D=0807

 

Hei.

 

Takk for tips :-) Eg har gått gjennom døde frå 1916-1930, fann ho ikkje. Ho sto til konfirmasjon i 1915, difor sjekka eg ikkje tidlegare enn 1916.

 

Beste helsing,

Rosalind Spangelid

Serveringsdame Anlaug Olsen, 32 år, funnet død i sjøen ved Havnelageret 2. oktober 1932 osv. - # 1118

Oslo fylke, Oslo skifterett, Dødsfallsprotokoll nr. B 17 (1931-1933), Dødsfallsprotokollside, Side 202
 
Aftenposten 3. oktober 1932 - post-5105-0-41457200-1480409121_thumb.png
Endret av Egil Johannessen

 

Serveringsdame Anlaug Olsen, 32 år, funnet død i sjøen ved Havnelageret 2. oktober 1932 osv. - # 1118

Oslo fylke, Oslo skifterett, Dødsfallsprotokoll nr. B 17 (1931-1933), Dødsfallsprotokollside, Side 202
 
Aftenposten 3. oktober 1932 - attachicon.gif1932_3 oktober_Aftenposten.png

 

 

Tusen, tusen takk! :-) Då var saken løyst! :-)

 

Beste helsing,

Rosalind Spangelid

Hei.

 

Nokon som veit kva for meinighet Karl Johans gate 12 høyrde til i 1932?

Skulle vel tru det var Oslo domkyrkje sidan ho er næraste nabo, men eg har no leita gjennom alle moglege lysninger for dei aktuelle åra (1930-1932) for den kyrkja (ein var vel ikkje lenger forlova enn det) og finn ikkje Anlaug Olsen sin lysning.

Anlaug hadde giftering på seg då ho drukna, og det var ikkje ein ektemann som var næraste pårørande i dødsfallprotokollen, men faren, så ho må ha vore forlova, ikkje gift.

 

Beste helsing,

Rosalind Spangelid

Du kan kanskje finne en lysning for henne (hvis et eventuelt forhold var kommet så langt), men forlovelse var ingen kirkelig handling!

Endret av Jon Erik Berg-Hansen
  • 2 uker senere...

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.