Gå til innhold
Arkivverket

Johanna Andersdotter (1790/91-1830) - husmannskone i Natviki i Årdal - kven var ho?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

FT1801 for garden Hauge i Lærdal syner mellom anna denne huslyden: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058396001035

 

Anders Andersson  28  skreddar og jordlaus husmann  gift 1ste gongen

Martha Pedersdotter  47  kona hans  gift 1ste gongen

Johanna Andersdotter  9  dotter

Anna Andersdotter  2  dotter

 

Eg finn ingen born fødde av foreldre Anders Andersson og Martha Pedersdotter i indre Sogn på den tidi.  Derimot finn eg denne vigsli i Lærdal:

 

Anders Jensson og Martha Pedersdotter gifte seg i Lærdal 9.12.1798: https://media.digitalarkivet.no/view/11595/152

 

Dette parfolket fekk ei dotter:

* Anna Andersdotter, fødd på Hauge i Lærdal 21.8.1799: https://media.digitalarkivet.no/view/11595/85

 

So finn eg denne vigsli i Lærdal (Årdal) 1.1.1824: https://media.digitalarkivet.no/view/11597/134

Jørgen Hansson Natvig, f. Natvig (24) - far Hans Jensson Natvig 

Johanna Andersdotter Natvig, f. Mjelde, enkje, 32(?) - far Anders Jensson Mjelde

 

Denne Johanna Andersdotter døydde som husmannskone i Natvik i Lærdal (Årdal) 26.6.1830, og då var ho 40 år gamal: https://media.digitalarkivet.no/view/11597/167

men ingen Johanna Andersdotter fødde i Sogn og Fjordane kring 1788-1794 synes å høva med denne Johanna!

 

Spørsmåli mine er følgjande:

 

** Dato og stad for fødsli/dåpen til Johanna Andersdotter?

 

** Kven var foreldri hennar?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

No er det sanneleg på tide at eg skaffar meg nye brillar!  Hjarteleg takk til Anne for eit kjempefint innlegg og særleg funnet av Johanna Andersdotter!

 

Denne fødsli såg eg ikkje, men eg søkte berre hjå FamilySearch, og den kjelda er jo ikkje 100% «vasstett», sjølv om fødslene i Lærdal stort sett skal vera ganske so komplette!

 

No er spørsmåli:

 

** Kvar vart det av Anders Jensson og Martha Pedersdotter?

 

** Og kvar var Anders og Martha ifrå?

 

Johanna vart, som du òg har oppdaga, Anne, først gift i 1816 med Johannes Thomasson Bakken (Bakken var husmannsplass under Natvik!), og underleg er det at ho alt på den tidi kalla seg for «Natvig»!  Ein skulle nesten tru ho var oppvaksi der, men det har eg ikkje finne prov for...

 

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eit oppslag i bygdeboki for Lærdal under garden Mjelde syner at:

 

Gardbrukar Jens Ørjensson på Mjelde (1727-1803) og kona Anna Larsdotter frå Hauge (1727-1790) hadde fleire born som forfattaren tydeleg ikkje har lokalisert, mellom anna denne sonen:

 

Anders Jensson, fødd i Lærdal 1772

 

Dette er nok far til Johanna, men framleis er det då eit «mysterium» kvar det vart av han og Martha, og likeins opphavet til Martha er uvisst...

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kanskje voks Johanna Andersdotter likevel opp i Natviki i Årdal?  Eg har oppdaga at:

 

Martha Pedersdotter Natvig, husmannskone, 64 år, døydde i Årdal 6.2.1825: https://media.digitalarkivet.no/view/11597/157

 

Alderen høver «perfekt»...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.