Gå til innhold
Nasjonalarkivet

LØYST: Johannes Thomasson Bakken (Natvig) i Årdal (1787?-1821) og søskeni(?) hans, Gjertrud og Ingeborg - kvar kom dei ifrå?


Recommended Posts

Johannes Thomasson Bakken og Johanna Andersdotter Natvig gifte seg i Lærdal prestegjeld (Årdal) 11.5.1816: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000000480044eller https://media.digitalarkivet.no/view/11596/83

 

Johannes Thomasson «under Natvig» døydde i Lærdal (Årdal) 13.10.1821, alder oppgjeven til 34 år: https://media.digitalarkivet.no/view/11596/115

 

MEN, FT1801 for Sogn og Fjordane syner INGEN aktuelle «kandidatar» til denne Johannes, og ikkje finst det nokon barnedåpar heller i Årdal som høver.  Òg FamilySearch står «blank»!

 

Johannes Thomasson og Johanna Andersdotter fekk tre døtrer i lag, alle døypte i Lærdal (Årdal):

 

* Britha - fødd «under Natvig» 18.4.1816 - mellom fadrane hennar er Gjertrud Thomasdotter, Ingeborg Thomasdotter og Martha Pedersdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/11596/71

 

* Martha - fødd «under Natvig» 26.7.1818: https://media.digitalarkivet.no/view/11596/92

 

* Anna - fødd «under Natvig» 8.9.1820 (foreldri feilaktig oppgjevne som Johannes Trondson og Anna Andersdotter) - mellom fadrane hennar er Bertha Thomasdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/11596/118

 

Når det gjeld fadrane frå 1816, skulle ein tru at Gjertrud og Ingeborg Thomasdøtrer mest truleg har vore søstrer av Johannes.  Om det same gjeld Bertha frå 1820, veit eg ikkje...  Martha Pedersdotter frå 1816 er truleg mor hennar...

 

Eg står heilt «bom fast» når det gjeld opphavet til Johannes og søstrene hans, og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Kandidat? https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058395001986


Kan det være nummer 3 fra bunnen på venstre side?

 

Sogn og Fjordane fylke, Flåm, Vangen, Undredal i Aurland, Ministerialbok nr. A 4 (1756-1801), Kronologisk liste 1787, Side 107
Permanent bilde-ID: kb20070320610471
 

??

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058395001694

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058395001636

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058395001489

Endret av Sven Hjortland

Thommes, nummer 3 fra toppen på høyre side

 

Sogn og Fjordane fylke, Vangen, Flåm, Undredal i Aurland, Ministerialbok nr. A 3 (1735-1761), Fødte og døpte 1750, Side 57
Permanent bilde-ID: kb20070320610196
 

Hjarteleg takk til Sven for kjempeflotte og avklarande innlegg!

 

Då eg søkte FT1801, freista eg med farsnamnet *mas* (Thomasen) - eg tenkte ikkje på *mes* (Thomesen).  Difor oppdaga eg aldri Johannes i 1801 i Underdalen!  Men det er heilt klart at du har finne rett mann!

 

Dessutan har me det faktum at fødslene for Aurland ikkje er registrerte hjå FamilySearch for denne perioden!

 

Bygdeboki for Aurland har denne huslyden som plassfolk under Styvi i Aurland:

 

Thomas Johannesson gift 1777 med Britha Andersdotter med ni born, mellom anna:

 

* Gjertrud Thomasdotter 1779-1831 - gift til Bakka

 

* Ingeborg Thomasdotter 1780-1853 - ugift

 

* Johannes Thomasson 1787-     -  med ukjend lagnad!

 

Soleis er dette problemet med eitt løyst, og eg takkar nok ein gong for kjempefin hjelp!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.