Gå til innhold
Arkivverket

Anna Christensdotter (1836) og Peder Christenson (1839) - søsken frå Aspvik i Lærdal - utvandra i 1856 - mori Martha dro etter - kvar vart det av dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei utfordring som eg har kjempa med i mange år, og som eg no gjerne vil få dela med dykk i Brukarforum.  Kanskje nye friske auge ser noko som eg har oversett?

 

Christen Pederson, fødd på Urnes i Hafslo og døypt 4.5.1806, gifte seg i Lærdal 26.6.1835 med Martha Gullaksdotter, fødd på Lærdalsøyri i Lærdal 22.4.1803.  Dette parfolket vart husmannsfolk på plassen Dokki under garden Aspvik i Lærdal der Christen døydde 11.1.1845.  Dei fekk fire born i lag, men to av dei døydde kort etter fødsli.  Dei to som var att, var desse:

 

** Anna Christensdotter Aspvik, fødd i Lærdal 7.11.1836 og

 

** Peder Christenson Aspvik, fødd i Lærdal 2.11.1839.

 

Desse søskeni utvandra i lag til Amerika i 1856, ho 19 år og han 16 år - #10 og #11 på denne sida: https://media.digitalarkivet.no/view/8409/21

 

Mori Martha Gullaksdotter var att på heimeplassen under Aspvik og levde framleis der i 1865: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038258004844

 

I 1865 budde ho hjå ein son som ho hadde fått før ekteskapet med Christen Pederson: Jens Endreson (1830-1913) og kona Ragnhild (1829-1910).  Jens og Ragnhild flytte i 1867 til Meisterplassen under Hovland på Kaupanger i Sogndal, og derifrå utvandra dei til Amerika i 1875.  Under namni Jens og Rachel Hovland busette dei seg som farmarar i Cottage Grove township, Dane Co., WI.

 

Det vert òg sagt at mori Martha Gullaksdotter skal ha utvandra til Amerika, men noko årstal kjenner eg ikkje, med mindre det er ho som står som Martha Gulliksdotter Lærdalsøren, 66 år, i Quebec-lista i 1866: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=Quebec65&gardpostnr=5857&merk=5857#ovre

 

Den store utfordringi her er i første rekke:

 

** Kvar vart det av Anna og Peder i Amerika?

 

** Og ser ein noko meir til mori Martha Gullaksdotter?

 

Eg har søkt etter dei i området kring Dane Co., WI. men so langt utan hell!

 

Eg ville vorte svært so lukkeleg om nokon greier å finna att desse folki og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Hjarteleg takk til Grethe for eit interessant innlegg!

 

Jau, dette er mori Martha Gullaksdotter som kjem fram til Quebec i 1866, ingen tvil om det!

 

Men kvar vart det av ho etter 1866?  Og kvar var det av dei to borni hennar?

 

Dette er eit stort «mysterium», men eg takkar på ny for alle gode tips om lagnaden til denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.